Så var studieåret 08-09 i gang og eg er, uten at eg heilt klarer å tru det sjølv, student på det juridiske fakultet i Bergen. Første veka var over nesten før ho begynnte og eg er meir eller mindre stressa over kva eg har begitt meg ut på. Etter to år kor eg ikkje har skreve ein einaste saklig tekst er rettskrivinga mi fordufta frå hukommelsen og språket mitt liknar ein forvirra turist på bærtur i bygarasjen. Nynorsken kan vel nesten ikkje kallast nynorsk lenger og bokmålet er vel ikkje stort betre. Eg har derimot blitt veldig god på å skrive dialekt, men noko seier meg at ei oppgåve skrevet på strilamål ikkje vil bli så godt tatt i mot på universitetet. Eg merker også at studieteknikken ikkje er heilt på plass. Under forelesningane sit eg med pennen i handa og lurer på kva det var eg tenkte eg skulle notere for eit 1/100 sekund sidan. Samstundes seier sjølvsagt forelesaren noko enda smartare som eg også må skrive ned og slik ballar det på seg. Eg får håpe det kjem på plass att litt etter kvart. Om ikkje må eg begynne å leite etter ein venn med utrulig gode notater eg kan utnytte!
Eg skulle sjølvsagt skreve ein lengre utgreiing om alt eg har foretatt meg den siste veka, kan jo kort nevne 80-talls party på fjøset og speed-dating på lagshuset, men no må eg desverre gå så det får bli ein annan gong . Men Sissel, takk for lånet av internett. forhåpentligvis blir det ikkje så lenge til eg får mitt eige så eg kan slutte å utnytta deg... og du, eg trur eg skylder deg ein halv pakke med kjeks, pakken har nemlig blitt betraktelig lettare etter at du gjekk...
17.8.08
25.6.08
Livsteikn
No tenkte eg at eg skule skriva noko vittig om at eg lever sjølv om eg ikkje skriv so mykje her. Diverre ville ikkje orda kome til meg i dag, så so veldig vittig vart det ikkje.
Sidan inspirasjonen held seg på god avstand tar eg ein oppdatering i listeform. Sidan sist har eg:
- flytta inn i leiligheten
- brukt MASSE pengar på møblar, kjøkkenutstyr og anna viktege og uviktege ting ein treng i ein bustad (mykje ein ikkje tenker over at ein treng før ein plutseleg ikkje har det...)
- skrudd samman møbler og pakka ut flyttelass
- handla middag utifrå tilbuda på lokalbutikkane
- vore med solveig, Renate og Sissel
- vore på grilling i Klosteret
- overnatta på gardermoen ei natt (det skjer mykje rart på ein flyplass på nattestid. Bere spør Solveig. Lina er det ikkje poeng å spørre, ho bere sov ho...)
- opplevd London sammen med mine herlege venner Solveig og Lina (takk for turen, de er fantastiske!)
- sett musicalen Billy Elliot
- oppholdt meg ca 12 timer på Heathrow terminal 5, kor ca 4 av desse vart tilbragt sovande på golvet bak ein benk... (Lina, du skylder oss, eg bere seier det...)
- tatt nattbussen til Molde
- Lest legenden om Narnia av C.S. Lewis
- vore frustrert over tv2 som bare sender fotball og nrk som heller ikkje sender så mykje artig kveldstid.
- pga forrige punkt, lest enda meir, denne gangen da vinci koden
- Hatt besøk av Lene på hytta og diskutert interessante teoriar om tenåringsjenter
- krangla med grasklipparen
- hatt beøk av bestefar på hytta
- lest som i et speil av G. Staalesen.
- besøkt bestemor og bestefar på kvam
- gitt opp kranglinga med grasklipparen og tatt ljåen fatt
- erfart at eg ikkje er eit naturtalent med ljå.
- Vore på Sahara på Høgtun
- hatt besøk av Åse-Britt, birgitte og Linda på hytta
- tatt bussen til stryn med pipande høgtalerannleg heile vegen
- lest falne engler av G. Staalesen
- kjørt med Sissel frå Olden til Bergen (ka e fartsgrensa her egentlig? eg fekk det ikkje med meg...)
- oppdaga at gratisbussen har tatt somarferie, uheldigvis for hjula på trillekofferten min som fekk seg ein tur gjennom Bergen, brostein og trillekoffert = stress!
- Sett kjendiser og spist is med Renate
- Reist heim ein tur
ehh.. ja, det var vel det, no e eg her (heime i Skogsvågen altso). I morgon reiser eg tilbake til leiligheten etter eg har vore litt med Ragnhild. Fredag skal eg ha første opplæringsvakta på sommarjobben. Det blir spennande. No skal eg slutta å skriva her, for eg reknar med at dei fleste uansett slutta å lesa langt oppe i lista mi så dette er det sikkert ingen som les uansett! Ettersom eg fremdeles ikkje har internett i leiligheten spørs det korti neste blogg kjem...

29.5.08
sommerferie
Så var sommerferien nok ein gang her. For kvart år som går blir tida mellom feriane kortare og kortare. Kanskje er det alderen som gjer det, kanskje er det folkehøgskuleruta som speler meg eit puss, uansett så er i alle fall ferien her. Hittil har eg ikkje brukt ferien på så veldig mykje, men visse ting har eg då lært:
- Parabol er ein sleip tidstjuv. takk og pris for at me fekk det etter at eg flytta heimefrå
- det finns utrulig mange dårlige filmer, er det virkelig nokon som ser på all den skiten?
- mose på dansk betyr myr, på både norsk og dansk har me uttrykket ugler i mosen, men me ser altså for oss ugla sitta på to ulike plasser... sært!
Framover skal eg prøve å bruke ferien min litt meir vetig. I helga skal eg til onkel Rune og tante Sonja og passa dei fire herlige søskenbarna mine. Eg rekner med at det blir ei livlig helg, men eg gleder meg stort! På mandag kjem pappa heim med flyttelasset mitt frå Høgtun (håper han får plass til alt i bilen, det skal noko til...) og då skal det rett inn i min nye leilighet i Bergen!!!! (Eg skal flytte for meg sjølv!!! Eg gleder meg!!) Så blir det møbelshopping så snart eg får med meg mine kjære foreldre og bilen til ikea. Det er nemlig vanskelig å ta med seg ein sofa under armen på bussen, uansett kor flatpakka den er...
Etter litt over ei veke i den nye leiligheten reiser eg til London med mine to kjære venner Lina og Solveig i fire dager og så går ferda vidare rett til molde og hytta. Når eg kjem heim skal eg i tur og orden sjå henholdsvis Hilde og Eivind og Ingrid og Andreas gifte seg, og så begynner eg endelig å jobbe i juli. I år skal eg jobbe på dagavdelinga på Landås menighets eldresenter. Det blir ein ny erfaring som eg gleder meg skikkelig til. Blir kjekt å ha meir tid til prat og aktiviteter med dei eldre!
No trur eg kanskje eg skal prøve å finne loppekassa. Sommerferien pleier ofte å bringe med seg ein skakkøyrd døgnrytme og eg er på god veg dit no. Ikkje for det, eg legg meg ikkje seinere enn på Høgtun, heller tidligere egentlig, det er bere det at eg står opp litt seinare på ein måte...

2.5.08
Gratulerer til meg sjølv!
Då vil eg bere få lov til å gratulera meg sjølv med at eg no har fullført eit heilt skuleår på Idrett-ballsport! I dag hadde me nemlig siste linjedagen, neste veke forsvinn i rundetur og rydding og vasking. Eg må seie at eg er litt stolt over dette året. Det høyres kanskje litt rart ut, men for meg har det vore ein stor utfordring å gå på ballsport. Det er ikkje sjeldan eg har hatt mest lyst til å gå til Einar og spørre om å få bytte til multikunst. Det er jo der eg eigentleg høyrer heime! Heldigvis har eg ein stor porsjon stahet i meg, så eg nekta å gje
opp. Eg hadde bestemt meg at eg skulle
gå eit år på ballsport og då SKULLE eg det!
Kanskje hadde multikunst gitt meg fleire gode dagar, der veit eg at eg hadde kost meg kvar einaste time. Men ballsport trur eg har vore ein investering for livet. Kanskje har eg måtta presse meg sjølv til å delta på ting eg absolutt ikkje liker (og egentlig ikkje har evner til heller), men gjennom det har eg oppdaga at eg faktisk liker å trene, og etterkvart har eg kost meg meir enn eg har kvidd meg for ballsporttimane! Så til tross for mange tunge dagar i haust er eg no glad for valget eg tok om å gå ballsport. Ikkje bere har eg blitt i bedre form, men eg har oppdaga at trening er eigentleg veldig artig!

30.4.08
rein pining?
I dag tok ballsport den frykta re-testen på 3000 meter. Eg kan ikkje sei at eg såg fram mot dette med glede, sjølv om eg var ganske sikker på at eg kom til å ha forbedring. Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at 3000m er rein pining. Å presse seg sjølv til å springe så fort som mulig så langt er ikkje av mine favorittaktivitetar i alle fall! Men,men, samtidig må eg innrømme at det var litt kjekt og. Når eg tenker tilbake på kor totalt utslitt eg var i haust så ser eg virkelig kor godt eg har hatt av dette året her. Sjølv om eg var totalt utslitt i dag og så var det ikkje heilt på same måte. Eg henta meg mykje fortare inn att i dag. Så fort at eg eigentleg lurer på om eg kunne klart å presse meg enda litt til. Uansett, no er eg ferdig med han og eg har det no svart på kvitt at eg spring 3000m 3(tre!) minutt fortare enn i haust! Må seie meg litt stolt over det. Sjølve tida er eg ikkje så fornøyd med, for noko særleg hurtig er eg ikkje. Godt at det bere er snakk om å konkurere med seg sjølv her, og godt at eg slepp å få nokon karakter utifrå tida mi! Må seie at trening er mykje kjekkare når det ikkje står nokon på sidelinja og set karakter på meg!
29.4.08
under to veker att!
I går gjekk det opp for meg at ei epoke i livet mitt er i ferd med å ta slutt. Om mindre enn to veker er det avsluttningsfest og alle elevane reiser frå skulen. Om to veker på dagen i dag reiser også me stippane frå den vakre bygda Torvika. Det er med blanda kjensler eg går denne dagen i møte. På mange måtar kjenner eg meg ferdig med Høgtun. Hjernen min begynner å bli sugen på å fyllast med teoristoff att, psyken er klar for å gjere det slutt med internatlivet og eg ser fram mot å utforske korleis livet på ein hybel aleine er. Samstundes kjem eg til å sakne plassen, skulen, lærarane og alle dei brae folka! På ein internatskule er ein aldri aleine(kanskje litt for sjeldent i grunn), dersom ein treng nokon å prate med treng ein ikkje bevege seg mange metrane for å finne den riktige personen, anten det er ein å prate seriøst med, ein å le med, ein som har ein skulder ein kan gråte på eller ein å finne på noko sammen med. Slik er det ikkje når ein bur på hybel. So er spørsmålet, gjer eigentleg det noko? Somme gonger kjem eg nok til å savne det ja, men samstundes har eg fem år på internat bak meg no. Eg begynner å bli sliten av å leve so tett
innpå folk. Det skal bli godt å ha litt rom rundt seg att. Men som sagt, eg kjem til å sakne det, kleenexpakken må nok fram på avsluttningsfesten i år også...
innpå folk. Det skal bli godt å ha litt rom rundt seg att. Men som sagt, eg kjem til å sakne det, kleenexpakken må nok fram på avsluttningsfesten i år også...
25.4.08
testing-testing...
I dag hadde me re-testar på ballsport. Dette fann eg ut:
Kroppsheving er ein tullete øvelse!!!!
Magemusklane mine e blitt sterkare
benkpress var ikkje fullt så gale som eg synest i haust(hadde ganske god forbedring, men føler ikkje at eg treng gå nærare inn på resultatet her likevel;)
Spensten har auka med ca 5 cm
100m er ein nesten like tullete øvelse som kroppsheving. Korleis det er mulig å springe seinare no etter eit år med trening enn i haust når eg ikkje hadde trent på 19 år forstår ikkje eg...
konklusjon: Gjennom å gå på ballsport blir ein sterkare men ikkje hurtigare...
På onsdag skal me springe 3000 m. Så gjenstår det å sjå korleis den går!
nei, no skal eg hoppe i dusjen og so skal eg pakke til helga. I kveld reiser eg nemleg heim for å feire bursdagen til mamma! Det skal bli utrulig koselig, eg gleder meg!

9.4.08
Kva er poenget?
Kva er eigentleg poenget med at folkehøgskulen har avslutningshelga si midt i konfirmasjonstida? Samme helga som avsluttninga her på Høgtun skal kusina mi konfirmerast. Eg har kjempelyst i den konfirmasjonen og har difor prøvd å fikse det til på på ein eller annan måte. Det viste seg snart umulig. Det er jo litt fordi eg må/vil opp att for å vere med på evaluering og avsluttning med stippane, men likevel, dersom eg skal ta fly laurdagen (og altså gå glipp av avsluttningsfersten) og opp att mandagen må eg ut med nesten 4000 kr! Det er ikkje realistisk altså, håplause greier. Om bere me hadde hatt litt kortare feriar og fri på litt fleire laurdagar so kunne me holdt på ei veke eller to lengre og da hadde ikkje vore noko problem... Æsj! (samtidig må eg seie at det skal bli deilig med tidlig ferie då....)
Forresten om ein av mine "mange" lesarar høyrer om ein hybel/hybelleilighet sentralt i Bergen med eget kjøkken og bad (ikkje kollektiv) til ikkje altfor mange tusen i månaden so er det bere til å seie frå;)

3.4.08
Det er vår!
Hestehoven er komen, eg har kjøpt årets første is, sola skin (innimellom i alle fall, kan ikkje vere storforlangande heller), snøen er nesten vekke og fuglane kvitrar! Når det er slik som dette kan eg ikkje gjere anna enn å smile! Eg blir så glad av livet på slike dagar! Herleg! I går hadde me dessuten besøk av eit team fra Gå ut senteret. Dei hadde eit utruleg bra møte som gjorde meg skikkelig gira og glad! livet er herleg folkens:) nyt våren!
1.3.08
ein hyllest til grauten!
Om to minutt er det risengrynsgraut til middag her på Høgtun! Eg gleder meg! Risengrynsgraut er noko av det beste eg veit (har alltid lurt på kvifor, det smaker jo ikkje so mykje egentlig...)!
Før eg går for å ete middag vil eg rette ein stor takk til den som oppfann risengrynsgrauten (korleis kom nokon på å ta litt ris, mykje meir melk og så la det stå og koke til konsistensen vart passelig? Hmm... matlaging er i grunnen ganske facinerande! Korleis kom nokon på å koke poteter feks! Det tar jo evig lang tid å koke dei, trur aldri eg hadde gidda å vente så lenge om eg var førsteman til å teste kva som skjedde dersom eg putta ei potet i kokande vatn... ehh.. ja, tilbake til saken...) Tusen takk kjære den det gjelder! Lørdagane mine hadde vore mykje fattigare dersom du ikkje hadde komt på den geniale iden som førte fram til grautkoking.... (jada, eg veit at den personen som fann på dette er død for lenge sidan, men har det noko å seie då?dette innlegget er jo tross alt heilt på jorde frå før av so kvifor ikkje?)

16.2.08
Eg veit kva eg vil til hausten!!!!!
Tru det eller ei, men no har eg endeleg bestemt meg for kva eg skal studera til hausten. Som de veit har eg lenge tenkt og tenkt, undra og fundert over det store spørsmålet, men her ein dag kom svaret plutseleg til meg! Eg skal bli jurist! Eller, eg skal i alle fall søke på profesjonsstudie i rettsvitenskap på universitetet i Bergen og so får me no sjå koss da går derifrå! Det er so utruleg godt å ha bestemt seg! Eg kjenner liksom bere korleis roen har senka seg over meg! Utruleg deilig! So får me håpa at eg kjem inn og at eg vil lika studiet dersom eg kjem inn... har ikkje særleg lyst å bruka enda eit år på å tenka og fundera på kva eg skal til hausten...
jaja, no må eg begynna å gjera nåke vetig! Detta innlegget hadde nok aldri sett verdsvevens lys om da ikkje va for at eg hadde ørten ting eg helst ikkje vil gjera å gjere....
jaja, no må eg begynna å gjera nåke vetig! Detta innlegget hadde nok aldri sett verdsvevens lys om da ikkje va for at eg hadde ørten ting eg helst ikkje vil gjera å gjere....
2.2.08
øyeblikk
-å gå over tunet med knitrande nysnø under beina og kald vind i håret
- Stoppe opp på veg frå gamlebygget til øvretun, lene hovudet bakover og berre nyte synet av den fantastiske stjernehimmelen.
- sjå reinsfjellet spegle seg i solskinnet
- lene hovudet bakover og kjenne snøfnugga smelte på andletet
- den gode samtalen med ein varm tekopp mellom henda
- ete nysteikt eplekake i godt selskap på stippestova
...
kvifor alltid vente på "ein vakker dag" når kvar einaste dag har noko vakkert i seg?

8.1.08
ei frustrert melding frå meg!
For tredje år på rad sit eg no frustrert med datamaskinen framføre meg. Eg har søkt, leita og lest på ymse utdanningssider, har tatt interessetester og evnetester i hytt og pine, men er framleis ikkje noko klokare. Kva skal eg bli? Kva for ei utdanning passar for meg? Passar eg best som jurist, lærar, samfunnsvitar eller noko heilt anna? Kven er eigentleg eg?
Her på skulen pratar ofte lærarane om at forskning viser at elever på fhs vel riktigare utdanning enn dei som startar rett etter vgs. Rektor bruker også å seie til oss stipendiatar at vi som har gått to år må no i alle fall velge riktig! Eg føler det ikkje slik. Eg kjenner det meir som at eg tuslar rundt i totalt mørkre utan å vite verken fram eller bak på verden kring meg. Studier som høyres spennande ut fører fram til yrker eg ikkje vil ha. Yrker eg vvil ha krevjer, eller forresten, eg veit ikkje kva yrke eg vil ha så det kan eg ikkje sei noko om...
I dag har eg kome så langt at eg veit at:
- eg skal ikkje bli lege
- eg skal ikkje bli sjukepleiar
- eg skal ikkje bli noko anna innanfor helsevesenet
- sosiologi studiet høyres spennande ut
- yrkene ein kan få etter sosiologistudiet vil eg ikkje ha
- kanskje læraryrket ikkje er så uaktuelt som eg har påstått heile livet...
- eg har lyst å kunne jus men ikkje fullt så lyst å studere det..
- eg må gå og ete lunsj no....

11.11.07
Skal vi ta tog til Kina?
Snart reiser eg til Kina:) Og nei Martine, me skal ikkje ta tog til kina;) Me skal derimot ta tog til Gardermoen og so skal me ta fly vidare. Først til Gøteborg og så vidare til Kina:) Eg gleder meg som ein liten unge her eg sitt. Det klør i heile kroppen etter å få reise ut i den vide verda og oppleve nye stader, ny kultur, nye mennesker, mat, serverdigheter, ja alt! Det er ingen ting som er så fantastisk som å reise! Dette skal bli så bra:D
Nei, no må eg gå opp at og dobbeltsjekke at eg har alt eg burde ha;)
Det blir forresten blogga litt frå turen på heimesida til skulen. Gå inn på hogtun.no og på skoletur live so finn du oss under Kina:)
ååååå..... eg gleder meg:)

22.10.07
Gullet e komt hem!
Det er ikkje ofte eg går med på at eg høyrer til under betegnelsen "bergenser" Men akkurat i dag kallar eg meg meir enn gjerne for ein stolt bergenser. I dag har nemlig "gullet komt hem" som ein ekte bergenser ville sagt! Endelig har Brann klart å holda seg stødig heile sesongen og ikkje kollapsa etter somaren som dei pleie å gjere! Endelig er gullet komt dit det høyrer heime!
Vi e di beste, heia Brann...!!
Vi e di beste, heia Brann...!!
Volleyballhelg
I helga har det vore volleyballhelg på skulen. Dette er ei helg kor tidligere kull kjem tilbake fo4r å treffe kvarandre og for å spele volleyball(skulens store sport) mot kvarndre, lærarlaga og årets kull. I år var det kull heilt tilbake til 98/99 som stilte lag (og dei vann som dei ofte gjer i begge klasser...) Det har vore ei heilt fantastisk helg. Ganske mange fra fjoråret klarte å presse ein tur til Høgtun inn i kalenderen so me hadde både eit guttelag og to jentelag (ja, kullet mitt altså, eg holdt meg som vanleg for god til slike sportslige utskeielser;). I tilleg var det ein del som bere kom for å treffa gamle kjente att! Utrulig koselig:-D Sjølv har eg hatt ei heilt fantastisk helg. Det var så godt å sjå fjorårets elever tilbake her kor dei høyrer heime! So var det samtidig veldig kjekt å sjå at årets elever spelte volleyball, prata med folk og koste seg! Døgnets 24 timer blei også maksimalt utnytta denne helga. Dette merker eg ganske godt i dag for å seie det slik... Søvn er i grunnen ikkje så oppskrytt som mange meiner;-)
Nei, no må eg tutla og gå. Skal på konsert i cafeen med høgskolen i nord-trøndelag. Dei skulle visst spele rock og pop fra 70-tallet og utover så det kan jo bli artig:)
Nei, no må eg tutla og gå. Skal på konsert i cafeen med høgskolen i nord-trøndelag. Dei skulle visst spele rock og pop fra 70-tallet og utover så det kan jo bli artig:)
11.10.07
Du er ikkje heilt normal Liv Grete
Av og til lurer eg på om eg er heilt normal. Ikkje det at det å vere normal er noko ein eigentleg bør strebe etter, ikkje det at eg har eit sterkt ynskje om å vere nett som alle andre, men likevel høyrer eg av og til ein liten stemme oppe i hovudet mitt, ein stemme som seier "No oppfører du deg ikkje heilt normalt Liv Grete". Seinast i går høyrde eg denne stemmen. Det var ikkje noko stort sprell som framkalla tanken, nei heller eit lite. Eit ganske så lite sprell var det. Eigentleg kan eg vel ikkje kalle det eit sprell heller. Det var faktisk berre eit lite smil. Riktignok utvikla dette smilet seg til å bli eit lite flir, men noko stort sprell kan ein likevel ikkje kalle det. Kvifor fekk så dette lille smilet/fliret meg til å tenke noko slikt om meg sjølv? jo, eg gjekk nemleg heilt åleine rundt omkring i bergen då eg plutselig måtte smile. Grunnen hugsar eg ikkje nett no, kanskje var det ein tanke eg fekk, kanskje var det eit menneske eg såg, kanskje var det noko heilt anna. Uansett, smile måtte eg. Og så vart eg i så godt humør at eg beint ut måtte le litt og. Der eg gjekk mot torgalmenningen måtte eg plutselig flire. Det var da tanken slo ned i meg "du er ikkje heilt normal Liv Grete" Trist som det enn er, det er faktisk sanninga. Det er ikkje heilt normalt å gå rundt åleine og flire for seg sjølv. Sjølv har eg mange gangar rista på hovudet og tenkt mine tankar om folk som har oppført seg liknande. Eigentleg er det jo heilt håplaust! Kvifor skal me vere så opptatt av å heile tida oppføre oss normalt? Heldigvis var eg i så godt humør i går at eg lot ikkje denne tanken skremme meg. Eg bere fortsatte å smile og le eg, uten å tenke meir på om eg var normal eller ikkje...
Neste gang DU går rundt i byn må du sjå deg litt meir rundt. Ikkje bere gå med blikket festa på målet ditt, men sjå, høyr og observer det som skjer rundt deg. Legg merke til dama som spring vaklanda bortover med stiletthelane sine, høyr litt på gatemusikanten som speler time etter time, dag etter dag, sjå på fjortisjentene som sprader rundt i nyeste mote(og pris deg lykkeleg for at du er ferdig med den tida), gå bort til Megafon-selgeren som står på hjørnet og roper "komåkjøp-komåkjøp" og kjøp eit blad av han, spark litt i det høstfarga løvet som ligg langs fortauet og smil til ein ukjent forbipasserende. Opn augene dine og sjå det som skjer rundt deg så skal du bere sjå at du begynner å smile og le for deg sjølv du og:-)

21.8.07
Alt eg hadde tenkt eg skulle blogga om (i tilfeldig rekkefølge...)
Sommarferien min, sommarjobben, det gode været, det dårlige været, når eg og Ingrid spiste is på toppen av bystasjonen, Oase med Sissel, Turen heim fra Oase(liten gutt som kasta opp bak meg på bussen, pusta ikkje gjennom nasen på fleire timar...), når eg, Renate, Simen og Linda var på Stadion, 50års dagen til pappa, bursdagen til bestemor, Distriktssamlingen på Borg ("jeg vil ikke kalle meg selv for en urokråke, men min mor sa jeg kunne være krevende som barn" sitat fra eit foredrag av ei bergensk filosofdame), dei tre gangane eg bada i sommer, hytteferie og vannkrangraving, dei første dagane som stipendiat, frykten for ni månader på ballsport, Gilmore girls helga heime hos Sandra, alle bøkene eg har lest i sommer, mine blanda følelser rundt den siste Potter boka (er eg fornøyd eller er eg ikkje? hmm klarer ikkje heilt å bestemme meg...) osv. osv. osv...
6.7.07
Long time, no blogg...
Jaja, så var det ei stund sidan forrige blogg. Etter gjenntatte spørsmål frå store delar av leserskaren min (nærare bestemt Sissel og Mamma) om det ikkje snart kjem ein ny blogg, gir eg no etter. Hovudårsaken til at eg ikkje har skrevet noko i det siste er at eg egentlig ikkje har hatt so mykje å skrive om. Dagane forsvinne på undereg vis i jobbing, jobbing og jobbing. Sjølvsagt har eg ein del fri og, men desse fridagane har ein tendens til å forsvinne i intet på underlig vis. mandag-onsdag denne veka hadde eg faktsk fri. Det var utrulig deilig å ha tre dagar samanhengande fri. Denne muligheten benytta eg til å reise til Bergen og besøke Solveig i den nye leiligheten til høgtun-gjengen. Var kjempekoselig å vere med ho att. Onsdags ettermiddag inviterte me Martine, Jesper og Trond på kakefest. Kaka vart riktignok bytta ut med vaffler og jordbær, men festlig var det uansett:) Det var utrulig koselig å sjå Høgtunfolk igjen. Savnar skulen og folka utrulig mykje. Kan ikkje få sagt kor mykje eg gleder meg til å reise opp att:D
På tirsdag begynner Oase. Grunna frykt for regn og oversvømde teltplassar, har eg nett ringt og tigga skuleovernatting til meg og Sissel. Egentlig er eg ikkje mykje lysten på å bu på klasserom sammen meg fjortisjenter, men det frister ikkje mykje å bu ei veke i eit fuktig telt heller. Eg bere seier det, dersom det blir strålande solskinn no altså, eg kjeme til å irritere meg grønn! Ellers skal det bli utrulig kjekt å komme på Oase no. Det blir så bra!
Men no må eg visst ut. Eg har bere sett dei gråe skyene på himmelen og gått ut frå at det ikkje var noko utevær, men no var mamma nett her og meinte eg måtte komme meg ut. Det er visst varmt sjølv om det er overskya;)

19.5.07
tomme tannkremtuber og såre fingertupper
Lenge såg eg, både morgon og kveld, på tannkremtuben min medan eg pussa tenna. Sakte men sikkert vart han lettare og lettare, tynnare og tynnare. Det var både sikkert og visst at han gjekk mot slutten. Om ikkje lenge var han tom, det ville ikkje vere ikkje meir att i han. uansett kor mykje eg trykte og pressa, gnidde og vridde, til slutt kom eg ikkje til å få meir tannkrem ut av tuben. Dette var noko eg visste medan eg stod der og såg på tuben under tannpussen. Eg visste det, men eg ville ikkje innsjå det. For på samme måte som tuben gjekk mot slutten gjekk også skuleåret på Høgtun mot sin ende. Om ikkje lenge ville det aldri meir finnes nokon høgtun 06/07. Eller det ville jo forsåvidt finnas i historien, og i minna til alle oss som var ein del av det, men aldri meir i øyeblikket, i notida. Denne tanken skremde meg. Eg såg med frykt på den dagen som skulle kome. Den 12 mai måtte eg sjå frykta i kvitauge, Året på Høgtun var definitivt slutt!

Etter den offesielle avsluttninga med taler og styr kom me til den verste delen. Alle i salen, altså alle elever,lærere og foreldre danna to ringar rundt gymsalen og me song velsignelsen saman. Det var både den finaste og tristaste avslutniga eg kan tenke meg. Gjennom heile året har denne sangen på ein måte vore vår song, so det var den perfekte sangen å synga, samtidig blei det utrulig trist å stå der og synga den for aller siste gang saman! Etter på samla alle elevane seg i eit hjørne av gymsalen til felles klemme, grine og farvell stund(bildet). Trur det er mange år sidan eg har grene so mykje framfor så mange folk!
Året på Høgtun har bere vore utrulig bra! Eg har fått mange fantastiske venner og fått opplevelser og minner eg aldri vil glømme. Tusen,tusen takk til alle dåke om har vore med å gjere året på Høgtun til det det har vore! De er fantastiske ALLE sammen!
Eg er dessutan so utrulig heldig at eg skal tilbake til Høgtun til hausten. Det gler eg meg veldig til. Sjølvsagt vil det bli rart å sjå at skulen inntas av ein skokk med andre folk enn "dei riktige" men eg trur det blir utrulig bra! Dessuten er eg jo då so heldg at det garantert passer for meg å komme på volleyballhelga og ettårstreffet:D Det blir spennande å sjå kva slags folk som kjem og korleis samansettinga av kullet blir. Det blir jo også mest sannsyleg full skule til neste år, so det blir nok litt annleis en i år!
No lurar de muligens på kva såre fingertupper har med avsluttninga å gjere. Då kan eg fortelle dykk at det er eigentleg ikkje so mykje, skjønt ein viss samanheng er det jo. Dei såre fingertuppane kjem nemleg av at eg har begynnt å spele gitar. Eller, spele og spele, eg veit no ikkje heilt om det kvalifiserer til å bli kallt det enda. ehadde seg nemleg slik at etter at eg kom heim frå skulen fekk eg plutselig veldig mykje tid og veldig lite å bruke den tida på. Ein kveld medan eg satt der og kjeda meg datt plutselig tanken om at eg har tenkt å lære meg å spele gitar til neste år ned i hovudet. "kvifor ikkje begynne med ein gong?" tenkte eg og fann fram den heller lite brukte gitaren til mamma. Eit lite søk på nettet seinare hadde eg funne meg eit heilt gitarkurs eg kunne prøve meg på. Riktignok har eg litt problem med å følge programmet slavisk, det er jo bere kjedelig, nei her går me rett på leksjon 26 med ein gong... Uansett, det er i alle fall utrulig artig. Gitaren har fått plass på rommet mitt og kvart eit ledig minutt blir brukt til å øve.

Om du les dette og tenker at du og kunne tenke deg å lære å spele gitar, ja då vil eg anbefale deg sida www.spill-gitar.com
Abonner på:
Innlegg (Atom)