25.4.07

Skulebryllup

Lørdag 21 april vart "Adam" og "Eva" endeleg smidde i hymnens lenkjer. Heile skulen, inkludert lærarar var inviterte på den store festen. Bryllupet byrja med vielse i foredragssalen kl 5 og fortsatte så med treretters middag i ein festpynta gymsal. Kvelden vart avslutta med kaker, kaffi og dans. Tusen takk til Allround klassen for ein fantastisk artig kveld.




Eva (Heidi) blir leda opp kyrkjegolvet av sin kjære far Hans Erik (Simen)


"Host-host" og der var eit hysterisk anfall i gang hos tante (Renate)... Ingen actionmangel under vielsen i alle fall!


Så har Adam (Andreas) endelig fått sin kjære Eva!

Tante Kitty (Berit) talte kattens sak denne kvelden. katterasar, kattemat, alt handla om kattar for tante kitty!

Bestemor Esther (meg) pynta og klar til fest. Senil som ho er har ho gløymd å ta av seg tøflene og byte til finsko... jaja, slik kan det gå!

Britney Spears (Sandra) poserer villig (som alltid)

23.4.07

Kvifor Gud skapte meg utan krøller


Eg har alltid hatt lyst på krøller, heile livet mitt har eg vore misunneleg på alle med søte korketrekkarar i heile håret. Mange gongar har eg spurd meg sjølv kvifor Gud skapte meg utan slike. Eg meiner, vil ikkje Gud det beste for oss? Eg har beint ut syntes det har vore urettferdig at eg ikkje har krøllar men bere litt fall liksom. Bror min har krøllar. Egentlig har han ganske fine også, men han har jo ikkje vet til å utnytta dei. Joda, han har langt hår så ein ser jo forsåvidt krøllane, men tingen er at han bere børstar dei ut... håplaust. Hadde eg hatt hans hår, ja då skulle det nok blitt fine krøllar då! Men,men so har no Gud ein gang skapt meg utan desse krøllane. Her om dagen fann eg også ut kvifor! Som sagt, Gud vil det beste for oss! Bildet seier vel resten sjølv....

17.4.07

I går leste eg ein del bloggar ute på den store verdsveven. Det slo meg då kor seriøst mange skriv. Her er filosofiske tankar om livet, om Gud og om menneske osv. Ofte har eg sjølv prøvd å skrive slike undrande, alvorlige og djupe tekstar, men eg har av ein eller annan grunn ikkje heilt fått det til. Bloggane mine har ein underlig tendens til å handle om tull og tøys. Sjølv om eg har prøvd, klarar eg liksom ikkje å få meg til å skrive bere seriøst. Eg begynner gjerne bra, men så slår det meg at "nei, dette blir for teit", og vips er det sletta og erstatta av ein tullete tekst om alt og ingenting. Slik som no til dømes, det eg eigentlig har mest lyst til no er å sletta det eg har skreve hittil og heller skriva ein "seriøs" veiledning til korleis lage årbok... Jaja, kanskje eg heller skal prøve å gjere begge deler?

14.4.07

Eit utrag av alle dei mange spørsmåla eg undrar på

1. Kvifor er det så mange i Norge som stemmer FRP?
2. Kvifor blir nåken meir sjuk en andre?
3. Kvifor er det nåken som alltid blir skada mens andre aldri?
4. Kva er vitsen med å cmyk'e bilder som skal trykkast
5. Kvifor klarer eg aldri å la ver å engasjere meg i sånne ting som årbøker?
6. Kvifor er trykkeri så vanskelige å ha med å gjere?
7. Kvifor lagrer ikkje datamaskinene endringane me gjer sjølv om me lagrer dei?
8. Kvifor regner det så mykje i Bergen?
9. Kvifor er det så stor oppsving i søkere til folkehøgskular akkurat i år?
10. Korleis er det i Himmelen/Helvete?
11. Hadde eg hatt ein annerledes personlighet dersom eg hadde hatt ein tvilling?
12. Kvifor er jenter i 8-16 (og forsåvidt utenom denne grensa også) så onde mot kvarandre?
13. Korleis endte eg opp på Høgtun?
14. Korleis ville eg vore i dag dersom eg ikkje valgte å gå på Framnes?
15. Ville eg vore eit anna menneske dersom eg hadde valgt andre venner opp gjennom åra?
16. Kva skal eg bli når eg blir stor?
17. Kortid er ein egentlig vaksen?
18. Kvifor husker ein enkelte episoder fra barndommen mens ein glømmer andre?
19. Finnes det bere ein "den rette" for kvar person i verden?
20. Kva gjer egentlig at to mennesker blir forelska i kvarandre?
21. Kvifor er det så vanskelig å få bistand til å fungere?
22. Kan eg redde verda?
23. Korleis skal ein vite kva det er meininga at ein skal bruke livet sitt til?
24. Korleis veit ein når ein har møtt den ein vil dele resten av livet sitt med
25. Kvifor er eg så ustrukturert?
26. Kvifor er nokre smartare enn andre?
27. Kan ein begynne første avsnitt i ein tekst med innrykk?
28. Kva i alle dagar er det som får meg til å stille alle desse spørsmåla?
29. Kvifor gjer vi ikkje meir for å hjelpe dei som ikkje har det så godt når vi sjølv har så stor overflod?
30. Kvifor har nordmenn så mange fordommar mot innvandrere?
31. Kvifor er det så mykje krig og uro i verden?

1.4.07

eg har tikken og nei, eg harkje tenkt å tikka deg...

hmm... eg har altså blitt tikka av anne og Beate, og no e da meininga at eg ska skriva seks rare ting om meg sjøl og so senda det vidare med å tikka seks andre og. Veit dåke... eg gidde ikkje å tikka seks andre eg. Eg e prinsippiel motstander av sånne send videre ting, so eg bruke egentlig ikkje å svara på dei i da heila! Men denne va egentlig litt morsom so eg ska heller prøva å komma på seks artige ting om meg sjøl og skriva dei ned, men senda an vidare, da gidde eg dessvcerre ikkje!

okey... få sjå...

1. Når eg nettopp hadde lært meg å skrive navnet mitt tok eg ein svart spritusj og skreiv Liv Grete med store bokstaver på døra til rommet mitt. døra var forøvrig av tre og bokstavane va vel heller skeive og ujevne... Trur ikkje mamma var så veldig begeistra for min geniale inteligens den dagen nei. Vetkje kor manga timer ho stor og skurte den døra eg...

2. Som liten va eg ein skikkelig rakkarunge. Eg og kameraten min fann på ganske mykje løye som feks å klippa hull i strømpebuksane våras og vennane våras sine, knusa vindu i et gammalt forlatt hus, putta diverse objekt i naboena sine postkasse osv. Heldigvis hadde eg litt sjølvinnsikt og når mamma leste emil te meg sa eg derfor "mamma, eg og erik e nett sånn som emil me. Me gjer mykje gale men me gjer aldri da samma to gonga!"

3. Latteren min... ja, den e jo eit kapittel for seg sjølv. På Framnes blei han etterkvert karakterisert som "kalkun-due-latteren" av ein ukjent (ja, ukjent... eg høres da vel virkelig ikkje ut som ein krysning av kalkun og due, gjer eg vel(?) grunn);-) Forøvrig hadde eg ein ganske normal latter fram til andre klasse på framnes. Vetkje heilt ka som skjedde eg...

4. Eg har krangla med ein "kjendis" (ja, kjent innanfor sitt fagområde vaffal...)
Sommaren 2004 arbeida eg ei veka på ein internasjonal konferanse for matematikk-didaktikere (på grunn av at mamma var med å arrangere han liksom..). Siste dagen blei det holdt eit stor avsluttningssamling. Eg fekk i oppdrag å dela ut bussbiletta heim fra festen til deltakarane. Det var ei viss mengd bilettar på ulike tidspunkt. desverre hadde nåken feilberkna litt so det vart fort tomt for bilettar til den første bussen. Etter at det var blitt tomt kom ein eldre mann bort og forlangte å få bilett til første bussen. Eg sa som sant var at det kan han desverre ikkje. Mannen hisse seg meir og meir opp og begynne å kjefta å smella. Eg heve stemmen i takt med han og prøver høflig å få han til å høra på meg "please calm down and listen to me" Mannen blir enda sintare, han blir heilt raud i ansiktet og nekter å høre på nåke eg seie, han skjeller meg ut uten like. Til slutt griper ein av dei andre deltakarane inn og henter ein av dei ansvarlige for konferansen. Først då får eg vite at mannen eg har bedt roa seg kraftig ned er ein høgt respektert, "viktig" og kjent matematiker fra England. Han takla visst ikkje heilt å bli snakka te sånn av ei 17 år gammal jenta... Heile greiane ende med at mannen måtte seie unnskyld til meg. Av ein underlig grunn kom han ikkje på arrangementet i det heile...

5. Eg er kjempe beskjeden og kjempefrimodig på ein og samme tid. I samnhenger der eg treffer nye folk er eg forferdelig stille og beskjeden. Eg seier sjeldent nåke i samnhenger kor det er mange, då sjølv om eg kjenner dei fleste ganske godt. Blir eg derimot provoseret tar eg plutselig ordet og seier akkurat det eg meiner uansett kor mange som er der og om eg kjenner dei eller ikkje. Blir eg sint er det ikkje godt å vete kva eg kan komme te å seie! Eg elsker dessutan å prate framfor folk, gjerne store forsamlingar... hmm... blirkje heilt klok på meg sjøl nei!

6. Eg har "bønnefobi", ja altså bønne i den spisende betydningen, ikkje den andre;-) Eg takler rett og slett ikkje bønner, brune, gule samme kan det vere, eg får heilt angst når eg uventa(eller venta for den del) får det i mat. Erter går i grunnen inn under samme greiene, skjønt erter har eg lært meg å takle litt vaffal. Men bønner.... blææ... det er så forferdelig, for det første smaker det blæ, for det andre er konsistensen heilt forferdelig. Er vel kanskje den som gir meg størst problemer, den dere smuldrete, melete konsistensen... uff.. eg får frysninger bare på tanken...