31.3.09

Toppen av positivitet?

Nei, eg har ikkje nådd toppen av positivitet enda. Men eg nærmer meg. Snakka med mamma hin dagen, ho syntes eg burde skrive ein blogg om at eg ikkje er på toppen av negativitet lengre. Versegod mamma!

Kontraktsrett er gøy. Det er i alle fall det eg prøver å overbevise meg om her eg sit på PC-stua i fjerde etasje og skriv notater til pensum. Eigentleg synest eg det er gøy og, berre ikkje når eg er heitl forvirra og ikkje har kontroll på nokon ting. slik er det litt no, men det pratar vi ikkje så høgt om ettersom dette er eit positivt innlegg til ære for mamma!

Ein ting som er bra med å sitte på datarommet på skulen er at du ser det at alle dei "seriøse jusstudentane" eigentleg ikkje er så seriøse likevel. Dei sit nemleg minst like mykje på facebook som meg i løpet av dagen. No kom Ane. Ho har forsove seg så eg måtte gå aleine til skulen i dag. For å få med seg kor "seriøse" dei andre er er det viktig å plassere seg riktig i rommet. Nemleg på bakerste rad, fortrinnsvis heilt til venstre attmed glaset. Eg veit ikkje kvifor eg helst vil sitje til venstre, det berre er sånn. Har alltid likt meg best til venstre eg.. rart!

No skal eg gå laus på kap 18 i "avtaler" av Johan Giertsen. (Giertsen er foresten ein fantstisk mann! På hans forelesninger får ein innføring i dei ulike tur og lanngrennsmulighetane i bergensområdet. "fantastisk, utmerket..".) Kap 18 heiter så mykje som "tolking i lys av den normale forståelsen". Spanande ikkje sant? ikkje? jo, det er eigentleg det. Om du har tenkt å tulle med at du skal selje huset ditt eller noko, så er det lurt å sjå an kem du prøver å lure. Om du lurer godt og personen du lurer ikkje forstår eller burde forstå at du tuller sliter du nemleg. Det er det eg har lært dette kurset... Ikkje kan du trekke løftet tilbake heller, berre om tilbakekallinga kjem fram før løftet er komen mottakar til kunnskap. Eller du kan jo prøve deg med re-integra då, men der er terskelen jammen meg høg, så eg trur du kan få eit problem med å nå fram med den.

Åååå... no er kaffikoppen min snart tom:( Kanskje det er eit tegn på at eg skal gjere meg ferdig med dette innlegget her og begynne på kap 18.1.1 Alminnelig språkbruk? Trur kanskje det ja. tjohei og hoppsannsa! Ha ein god dag!

PS1: I dag skal eg ete lunsj med Lene! Weeee!
PS2: Eg er ein seriøs jusstudent altså! Joda, så neida, så sånn e no det...
PS3: Sjølv om heilheten kanskje seier noko anna, så er dette eit positivt innlegg mamma... Eg lover!

Overogutogtakktilknut!

24.3.09

toppen av negativitet

Det som er godt med å nå toppen av negativitet er at alt berre kan bli betre. Ettersom eg heilt klart har nådd toppen av negativitet i dag ser eg difor fram til at lyset skal trenge gjennom mørkret og vise meg vegen ned frå fjellet att.

Eg håper det blir ein tur i puddersnø.

18.3.09

what?

I dag låg denne mailen i innboksen min:

Kjære foreldre av / verge for Lars Hoff Hermansen,
Barnet ditt har registrert seg hos Disney.no.
Disney.no er stedet å gå til på Internett for barn og foreldre og alle som elsker Disney. Her kan du og barna oppdage spennende spill, historier og moro fra Disney hver dag.


Ehh.. ja, nettopp! Foreldre/verge av Lars Hoff Hermansen? Den var ny for meg i alle fall!

17.3.09

ting ein ikkje bør gjere når ein skal skrive heimeeksamen

  • spele gitar
  • blogge
  • lese nettaviser
  • sjekke facebook
  • spele litt meir gitar
  • skrive "kjoler 50-tall" i søkefeltet

14.3.09

Hadde eg berre vore 8 år

Då hadde ikkje samvitet mitt og heimeeksamen lenka meg fast framom PCen. Då hadde eg ikkje hatt 10 kapittel att å lese av det pensumet eg skulle vore ferdig med for to veker sidan. Hadde eg vore 8 år i dag, hadde eg ikkje brydd meg om Bergen kommune og Marte Kirkenær hadde inngått bindande avtale eller berre var i innleiande forhandlingar. Eg hadde heller ikkje trengd å gå inn i rolla som Kari Pettersen, justisdepartementet sin fremste ekspert på avtalerett og ta stilling til om Noreg treng ei ny avtalelov. Dersom eg var 8 år i dag hadde eg faktisk ikkje visst at det fantes ei avtalelov i det heile...

Om eg berre hadde vore 8 år i dag. Då ville eg leita fram dei lette joggeskoa frå kjellaren. Eg ville kasta av meg boblejakka og funne fram den tynnare vårjakka. Mamma ville instruert meg om å ikkje ta av meg jakka sjølv om det kjentes varmt ut i sola. Sola var nemleg i følgje mamma berre ei "luresol". Så snart mamma ikkje kunne sjå meg frå vindauget lenger ville eg likevel kasta jakka. Eg og veninnane mine ville gått på leikeplassen, eller kanskje sykla til vanntårnet. Vi ville hoppa tau eller leika ved "heksedammen". Hadde eg vore 8 år i dag ville eg ikkje vore inne. Eg ville vore ute og kjent at det var vår!

Uheldigvis er eg ikkje 8. Eg er 22. Eg sit lenka framfor PCen. Eg må ta stilling til om Bergen kommune har inngått bindande avtale med Marte Kirkenær om sal av tomta til "Ås Båt AS". Deretter må eg finne ut om Bergen kommune kan trekke seg frå avtalen ettersom Marte blir etterforska i USA for uredelig pris-samarbeid. Og til slutt må eg gå inn i rolla som Justisdep. fremste ekspert på avtalerett...

Heldigvis treng eg ikkje gjere alt i dag. Eg har til onsdag kl 09.00 på meg.
Takk og pris!

13.3.09

9.3.09

Tomme tankar?

Eg skulle gjerne hatt ein av-på knapp til hovudet mitt. Nokre gonger hadde det berre vore utruleg deilig å skru tankane heilt av. Om ikkje ein avknapp, så kanskje berre ein pauseknapp? Ein liten pause frå sine eigne tankar i blant hadde ikkje vore feil.

Eg trur eg kunne gitt ganske mykje for ein slik knapp...

8.3.09

Vesentlege opplysninger?

"Lars var på ingen måte forelsket i Marte, men syntes det var artig å ha henne som partner en natt nå og da."

4.3.09

Gje meg nynorsken atttende!

Eg har vakse opp med nynorsk som hovudmål. Gjennom heile barne- og ungdomsskulen var det dette som var språket mitt. Ettersom eg las svært mykje bokmål skreiv eg likevel godt bokmål og, men fram til og med ungdomsskulen klarte eg fint å skilje mellom dei to målføra utan nemneverdige problem.

På vidaregåande vart det verre. Plutseleg var det fleire av lærarane mine som brukte bokmål i undervisinga. Det vart naturleg for meg å notere og skrive oppgåver på det målføret som læraren brukte. Utan at eg sjølv heilt fekk det med meg tok bokmålet meir og meir over som mitt daglege skriftspråk. Plutseleg var nynorskstilane mine mykje raudare enn dei burde vere for ei "strilejente" som meg. I staden for å prøve å gjere noko med det valde eg heller å hoppa over gjerdet der det var lågast og brukte heller bokmål i fleire og fleire samanhengar.

To år på folkehøgskule gjorde det ikkje betre. Det meste eg skreiv desse åra var meldingar, e-post og bloggar, medium kor rettskriving er underordna og ein salig blanding av dialekt, nynorsk og bokmål glatt vert godteke. Språkkjensla mi glei sakte men sikkert lengre og lengre vekk. At eg nesten ikkje las skjønnlitterære bøker desse åra hjalp heller ikkje på problemet.

Då eg byrja å studere vart det av grunnane ovanfor naturleg for meg å nytte bokmål. Dessutan var pensumlitteraturen på bokmål, forelesarane i ex.phil og ex.fac nytta bokmål og ikkje minst, eg var fullstendig klar over at eg skreiv betre bokmål enn nynorsk.

Utan at eg eigentleg hadde tatt eit medvite val, var det plutseleg bokmål som var mitt skriftsspråk. Sjølv om eg eigentleg hadde eit ynskje om å bruke nynorsk visste eg at tekstane mine då ville innehalde mykje meire feil. Med mine perfeksjonistiske tendensar gjekk ikkje det, så igjen hoppa eg over der gjerdet var lavast.

I det siste har eg fått eit sterkt ynskje om å ta nynorsken tilbake. Det er eigentleg nynorsk som er mitt språk, det er dette eg synes er vakrast, det er dette som ligg nærast dialekten min, det at eg skriv bokmål kjem eigentleg ikkje av noko anna enn latskap. Det vil eg no gjere noko med! Gje meg nynorsken tilbake!

Eigentleg har eg tenkt dette lenge. Eg har berre ikkje gjort noko med det. Det at eg no faktisk prøver å gjere ein innsats for å ta språket tilbake kjem av denne enkle grunn:
"jenter som skriver nynorsk får A, gutter som skriver nynorsk får B, jenter som skriver bokmål får C, gutter som skriver bokmål får D" (sitat foreleser i kontraktsrett 1)...

1.3.09

Korleis få seg kjæreste

I helga har eg passa søskenbarna mine på Sølfteland. Eg ha hatt ei kjempekoselig helg med mykje morro, men eg må seie at det er litt deilig å vere tilbake i leiligheten kor det er stille og rolig og eg kan sitte i ro og fred og drive på med mitt utan å bli avbrutt;-) Ein kjeder seg ikkje blant fire små gutter for å seie det sånn!

På lørdag hadde eg ein artig samtale med den nest eldste (går i 1.klasse)
han: koffor har du glemt å ta med deg kjæresten din?
meg: Eg har ikkje kjæreste eg
han: jammen ekje du voksen då?
meg: jo, eg e vel egentlig det
han: jammen koffor har du ikke kjæreste då?
meg: nei, sei det.
han: kan du ikke bare få deg en kjæreste da?
meg: det e ikkje alltid så enkelt skjønne du
han: joda, du bare går i kirken og så blir du kjæreste med en der og så kan du gifte deg med han!