Då hadde ikkje samvitet mitt og heimeeksamen lenka meg fast framom PCen. Då hadde eg ikkje hatt 10 kapittel att å lese av det pensumet eg skulle vore ferdig med for to veker sidan. Hadde eg vore 8 år i dag, hadde eg ikkje brydd meg om Bergen kommune og Marte Kirkenær hadde inngått bindande avtale eller berre var i innleiande forhandlingar. Eg hadde heller ikkje trengd å gå inn i rolla som Kari Pettersen, justisdepartementet sin fremste ekspert på avtalerett og ta stilling til om Noreg treng ei ny avtalelov. Dersom eg var 8 år i dag hadde eg faktisk ikkje visst at det fantes ei avtalelov i det heile...
Om eg berre hadde vore 8 år i dag. Då ville eg leita fram dei lette joggeskoa frå kjellaren. Eg ville kasta av meg boblejakka og funne fram den tynnare vårjakka. Mamma ville instruert meg om å ikkje ta av meg jakka sjølv om det kjentes varmt ut i sola. Sola var nemleg i følgje mamma berre ei "luresol". Så snart mamma ikkje kunne sjå meg frå vindauget lenger ville eg likevel kasta jakka. Eg og veninnane mine ville gått på leikeplassen, eller kanskje sykla til vanntårnet. Vi ville hoppa tau eller leika ved "heksedammen". Hadde eg vore 8 år i dag ville eg ikkje vore inne. Eg ville vore ute og kjent at det var vår!
Uheldigvis er eg ikkje 8. Eg er 22. Eg sit lenka framfor PCen. Eg må ta stilling til om Bergen kommune har inngått bindande avtale med Marte Kirkenær om sal av tomta til "Ås Båt AS". Deretter må eg finne ut om Bergen kommune kan trekke seg frå avtalen ettersom Marte blir etterforska i USA for uredelig pris-samarbeid. Og til slutt må eg gå inn i rolla som Justisdep. fremste ekspert på avtalerett...
Heldigvis treng eg ikkje gjere alt i dag. Eg har til onsdag kl 09.00 på meg.
Takk og pris!
4 kommentarer:
Eg følar med deg, ikkje angåande dei rettsprinsippijelle og tunge faga, men på bindinga til fagliteraturen i motsetjing til det vakre været ute. Heldigvis finst det pustelommar som f. eks lagsmøte i kveld. Lykke til viare. ;o)
Så einig! Livets bekymringar var ikkje så store, stort sett gjekk det i slike ting som å forklare mamma kvifor joggeskoa var full av gjørme og kvistar allereie etter 1 dags bruk, eller om ein skulle ha brunost eller leverpostei på skiva... Ein var ute heile dagen, eller også brukte tid på teiknesaker og vere i fjøset!
Akk ja...
Lukke til med eksamen, snuppa!
eg føler du har litt skuld i dette sjølv liv grete :P du kan velge å berre ha det artig og leve livet om du ønsker det :D gjer det du vil og lev livet i morra kan det vere for seint
veldig interessant, takk
Legg inn en kommentar