29.9.09

Bedre seint enn aldri...

Seier eg når eg kjem på skulen kl. 10 når eg eigentleg burde vore her kl. 08...

24.9.09

arbeidslivsdagen

Dagens utbytte: ti kulepenner, ein markeringstusj, to termokopper (ein med kaffi), eit krus, ei T-skjorte, ein refleksvest, eit refleksband, ein refleksnøkkelring, ein pakke pastiller, litt sjokolade, eit nett og diverse brosjyrer (Måtte jo late som at eg var litt interessert i noko anna enn pennane deira).

Tjohei!

21.9.09

The potters hand

Beautiful Lord, wonderful saviour
I know for sure, all of my days are held in Your hands
Crafted into Your perfect plan

You gently call me, into Your presence
Guiding me by, Your Holy Spirit
Teach me dear Lord
To live all of my life through Your eyes

I'm captured by, Your Holy calling
Set me apart
I know You're drawing me to Yourself
Lead me Lord I pray

Take me, Mold me
Use me, Fill me
I give my life to the Potter's hands
Hold me, Guide me
Lead me, Walk beside me
I give my life to the Potter's hand

15.9.09

Me-E-Perfekte-Berre-Perfekte-Heilt-Heilt-Overlegne-Nakne-Dame

På veg heim frå basis tok eg plutselig meg sjølv i å seie denne remsa om att og om att inni meg:

"Me-E-Perfekte-Berre-Perfekte-Heilt-Heilt-Overlegne-Nakne-Dame, Me-E-Perfekte-Berre-Perfekte-Heilt-Heilt-Overlegne-Nakne-Dame, Me-E-Perfekte-Berre-Perfekte-Heilt-Heilt-Overlegne-Nakne-Dame"

Korfor? Ikkje spør meg. Kanskje av same grunn som at eg sit og snurrer på stolen på lesesalen?

Av og til lurer eg på om eg er heilt vel bevart i topplokket...


Kva remsa over betyr? Kva trur du??
(Hint: Naturfag/kjemi)

8.9.09

dum, dummare, dummast...

I går fekk me utlevert den obligatoriske kursoppgåva (heimeeksamenen). Faktum skuffa ikkje denne gangen heller. Eg sit att med ein aukande frustrasjon. Eg veit ikkje heilt kven eg skal vere mest irritert på, Peder Ås, Kari Holm eller Hans Tastad. Her snakker vi dum, dummere og dummast(ikkje nødvendigvis i den rekkefølgen som her)... Bere so synd at deiras dumskap går ut over lille uskuldige Lars Holm. Stakkars guten endte opp med hjerneskader på grunn av tre voksnes dumskap. Verda er urettferdig.

Faktum er som følgjer(fritt etter hukommelsen):
Det er ein fin sommardag, borna til Peder Ås har lyst å bade. Sjølv om Peder veit at det bruker å komme naboungar som vil bade når bassenget står på fellesarealet, borna hans har fortalt at særleg Lars Holm er plagsam, set han det opp der og fyller det med vatn. Peder har nemleg laga platting i sin hage så det blir for hardt å setje bassenget der, plenen på fellesarealet er mykje betre. Når bassenget er ferdig fylt går han inn til borna sine som vil ha lunsj før dei skal ut å bade. Bassenget blir altså ståande utan tilsyn.

Eit lite stykke bortanfor er Kari Holm ute med Lars, sin 2 år gamle son. Lars syns vatn er kjempeartig og peiker begeistra bort på bassenget som Peder er i ferd med å fylle. Kari er imidlertid meir opptatt av at Lars har begynt å bli litt raud av sola. Ho spør to 6 år gamle jenter som driv og leiker med ein kattunge om dei kan sjå etter Lars medan ho går inn og hentar solkrem.

Så snart mora er borte får Lars det for seg at han skal bort til bassenget. Peder er no gått inn, så bassenget står utan tilsyn. Dei to jentene passar å begynne med på Lars, men då kattungen finn det for godt å gå andre vegen følgjer dei etter. Ein kattunge er trass alt meir interessant enn lille Lars.

Lars kjem seg tilslutt bort til bassenget. Der flyt det eit spanande badedyr som han gjerne vil ha tak i. Lars lener seg over kanten og...

Ring-Ring-Ring... Hans Tastad, pensjonistnaboen til Lars og Kari sit på terrassen og drikk kaffien sin. Han har følgt med på alt som har skjedd, fått med seg at bassenget står utan tilsyn, at Kari gjekk inn og gav ansvaret for Lars til to seksåringar, at seksåringane forsvann med kattungen, at Lars lente seg over bassengkanten..
Men oi.. der ringte telefonen, Hans går inn for å svare...

Etter dette vil dei at vi skal finne ut om
1) Peder er erstatningsansvarleg overfor Lars

2) Peder er erstatningsansvarleg overfor Kari (som hevdar ho fekk sjokkskadar då ho kom ut att etter 10-15 min og fann guten sin bevisstlaus i bassenget. Ho fekk vidare depresjonar og vart arbeidsufør)

3) Hans er erstatningsanvarleg overfor Lars (ettersom han såg kva som skjedde men ikkje greip inn)

4) Hans er erstatnignsansvarleg overfor Kari.


Mitt spørsmål til dykk er
1) kven er her dum, kven er dummare og kven er dummast??
2) kven syns de eigentleg bør betale erstatning og kven bør gå fri?

6.9.09

Herre, gje meg dine auge

Herre, gje meg dine auge,
så eg ser når andre har det vondt.
Herre, gje meg dine auge,
så at eg kan skimte smerte gjennom smil.

Herre, gje meg dine øyre,
så eg høyrer hjertets stille gråt.
Herre, gje meg dine øyre,
så at eg kan høyre tause rop om hjelp.

Herre, gje meg din munn
som seier ord som gleder.
Ord til oppmuntring,
ord til trøyst,
ord som gjev håp.

Herre, gje meg dine hender
som alltid mot alle er strakt ut,
som klappar ei nedtyngd skulder,
som stryk bort ei tåre, som gir og tar i mot.

Herre, gje meg av ditt hjerte,
så eg lir med menneske som lir,
så eg gler meg med dei glade,
så at eg kan elske, elske slik som Du.


Sølvi Helen Hopland