23.2.10

kan kornblanding med youghurt godkjennast som middag?

du syns ikkje det nei?

kva om eg et dessert etterpå då?
"Report of the Secretary-General on Ethiopia and Eritrea"

????

"Special report of the Secretary-General on the United Nations Mission in Ethiopia and Eritrea".

????

Eg saknar den store raude boka.

!!!!




Trudde ikkje det var engelsk eg skulle studere på Dragefjellet...

22.2.10

Kjære Gud 2

Du har overbevist meg. Eg trekk tilbake det eg ba deg om tidligare. Ikkje ta snøen vekk enda. La den fortsetje å dale ned kvit og lett, leggje seg som eit mjukt teppe over Bergen. La snøen lage godlydar for kvart skritt eg tar. La snøfnugga danse muntert på veg mot bakken. La dei leggje seg mjukt over kåpa mi, la dei smelte i håret mitt, danne dropar som skin som diamantar.

Og du Gud, det hadde vore grådig kjekt om du kunne tatt ein samtale meg det juridiske fakultet og fått dei til å utsetje eksamen ei veke så eg faktisk fekk tid til å ta meg ein tur ut i den nydelige snøen din og...

Kjære Gud!

Eg trur det er på tide med ei lita oppklaring. Du veit alle dei bønnene eg sendte opp som lita jente (og litt større) kvar einaste vinter. Stemmer, dei om du kunne vere så snill å la det snø og la det vere kaldt heile vintaren så snøen vart liggand ja. Dei gjeld ikkje lenger. Berre slik at du er på det reine med det. Eg set sjølvsagt pris på at du endeleg svarar på desse årelange bønnene. Bønnesvar er jo alltid kjekt. Men det er noko med det at eg no bur i ein kald leilegheit som krevjer ein del straum for å vere leveleg og at eg betaler denne straumen sjølv. Vidare er det noko med at det ikkje er lik kjekt å vasse i snø til skulen kvar dag som det var å ake etter skuletid i barndommen. Å gå på trynet på dei glatte fortaua er heller ikkje like morosamt som det ein gang var å leike felleleiken på skuleplassen...

Misforstå meg rett. Det er kjekt med snø og det er kjekt med vinter. Men det begynner å bli nok no. Det held. Du kan godt sende våren til Bergen. Det hadde ikkje vore feil liksom...

19.2.10

Vil du vere med å klatre?

Då har eg kjøpt meg klatresko og sele, eg har vore ei helg på klatrekurs, og i går fekk eg endelig brattkortet. Eg er beinklar for å klatre. Mykje.

Nokon som vil vere med?

5.2.10

hmm...
Eg strekke på beinet. Neh.. eg kan ikkje høra at da knirke. Bøye armen eit par gonga. Nei, da e vist godt smurt dar og. Tar ein kikk i spegelen... phu.. ingen gråe hår i sikte.

kanskje det ikkje er så gale å bli 23 likevel?

1.2.10

I dag vakna eg heilt overbevist om at eg hadde slått ut to av fortenna mine i løpet av natta...

Eg har dessutan senka ein seglbåt i natt. Det gjorde imidlertid ikkje så mykje. Eigaren bere snudde på nokre steiner og plukka den opp att. Den var nemlig krympa til ein liten modellbåt.