Du har overbevist meg. Eg trekk tilbake det eg ba deg om tidligare. Ikkje ta snøen vekk enda. La den fortsetje å dale ned kvit og lett, leggje seg som eit mjukt teppe over Bergen. La snøen lage godlydar for kvart skritt eg tar. La snøfnugga danse muntert på veg mot bakken. La dei leggje seg mjukt over kåpa mi, la dei smelte i håret mitt, danne dropar som skin som diamantar.
Og du Gud, det hadde vore grådig kjekt om du kunne tatt ein samtale meg det juridiske fakultet og fått dei til å utsetje eksamen ei veke så eg faktisk fekk tid til å ta meg ein tur ut i den nydelige snøen din og...
2 kommentarer:
tihii du e søt. til helga blir det snøfest på meg trur eg
eg fekk litt lyst å sei "amen", men det der med jussen e eg litt usikker på... Det var i goe gamle dager at me fekk lov te å ha utetime eller gå tidlig hjem fra skolen for å nyta snøen. I hvertfall i Stavanger... :P
Legg inn en kommentar