22.2.10

Kjære Gud!

Eg trur det er på tide med ei lita oppklaring. Du veit alle dei bønnene eg sendte opp som lita jente (og litt større) kvar einaste vinter. Stemmer, dei om du kunne vere så snill å la det snø og la det vere kaldt heile vintaren så snøen vart liggand ja. Dei gjeld ikkje lenger. Berre slik at du er på det reine med det. Eg set sjølvsagt pris på at du endeleg svarar på desse årelange bønnene. Bønnesvar er jo alltid kjekt. Men det er noko med det at eg no bur i ein kald leilegheit som krevjer ein del straum for å vere leveleg og at eg betaler denne straumen sjølv. Vidare er det noko med at det ikkje er lik kjekt å vasse i snø til skulen kvar dag som det var å ake etter skuletid i barndommen. Å gå på trynet på dei glatte fortaua er heller ikkje like morosamt som det ein gang var å leike felleleiken på skuleplassen...

Misforstå meg rett. Det er kjekt med snø og det er kjekt med vinter. Men det begynner å bli nok no. Det held. Du kan godt sende våren til Bergen. Det hadde ikkje vore feil liksom...

1 kommentar:

Karoline Sofie sa...

Eg er veldig einig med deg der. Ikkje misforstå, eg er veldig glad i vinteren, og eg elskar å stå på ski! Men det hadde jo ikkje vore heilt feil om våren hadde komen vertfall i låglandet. I fjella kan snøen berre liggja so lenge den vil! For om to-tre veker skal eg stå på ski! :D