23.5.10

I dag skulle eg rydde tenkte eg. Det har eg forsåvidt gjort og, det bare ser ikkje slik ut. Av ein eller anna merksnodig grunn har eg ein tendens til å begynne med skapet når eg skal rydde. Det er nett som at det å vite at det er ryddig i skapet gir meg litt ro i sjela på ein måte. Bere så synd at rommet ser like rotete ut sjølv om skapet er ryddig.

Om eg skal vere heilt ærleg med dykk så ser faktisk rommet mitt mykje verre ut no enn før eg begynte å rydde. No ligg det nemleg store haugar av sorterte klede over heile golvet, på diverse stolar og over heile senga. Eg ante ikkje at eg hadde så mykje klede. Eg bruker vel berre omlag ein tredjedel av dei og. Mykje av det eg ikkje brukar er så slitt at det eigentleg ikkje er brukande. Eg berre greier ikkje kvitte meg med det. Kvar bukse, kvar genser, kvar t-skjorte ber liksom med seg så mange minner. Som til dømes treningsbuksa som vart kjøpt før ein påske ein gang på ungdomsskulen (eller var det faktisk barneskulen??). Eg vil påstå at det er verdens mest behagelige bukse. Eg brukte den så mykje at då eg byrja på Framnes pakka eg den ikkje med meg fordi den var så slitt. Det gjekk likevel ikkje mange veker før den var med meg på bussen til Norheimsund. På same måte kom den på underlig vis med til Høgtun. Med øydelagd glidelås, fillete kantar og tynnslitt både her og der var den framleis den mest behagelige buksa eg eigde.

Etter at eg kom til Bergen har eg ikkje brukt ho så mykje. Fleire gonger når eg har rydda slik som i dag har eg vurdert om eg skulle kaste ho. Eg har likevel ikkje greid det, ikkje hatt hjerte til det. Ikkje før i dag. No ligg ho i alle fall i ein pose saman med ein utvaska og slitt genser frå Skogsvåg idrettslag som eg fekk på barneskulen ein gong. Så gjenstår det å sjå om posen kjem seg ut i søppelet eller om den på underlig vis hamner inn i skapet att...

(ja, eg er og blir ein samlar, eg veit det...)

20.5.10

Å studere juss er fantastisk. Det er kjekt, spennende, interessant, morsomt, nyttig, rett og slett bare utrulig bra. Innimellom lure eg likevel litt kva eg drive med. Når eg for eksempel sit inne på ein klam lesesal og skal skrive arbeidsgruppeoppgave medan sola skin ute, når alle andre straks har sommerferie medan eg har fire veker (hjelp! bare fire veker??) att. Eller når eg prøver å lese fusadommen men ender opp med å lese same avsnitt fjorten ganger utan å få med meg kva som eigentlig står der, heilt til eg blir så oppgitt at eg må blogge om kor kjekt det er å studere juss bare for å minne meg sjøl på det...

Gleder meg til lunsj eg...

"Etter sosialomsorgsloven § 3 nr. 1 skal det ytes sosialhjelp til den som ikke er i stand til å sørge for sitt livsopphold eller dra omsorg for seg selv. Lovteksten bruker ikke ordet "rett" for den hjelpetrengende. Lovforarbeidene inneholder lite som belyser rettighetsspørsmålet. I utvalgsinnstillingen av 1953 til lov om sosialhjelp brukes ordet "rett" i lovutkastet, men ifølge merknadene er det ikke tale om "et sivilt rettskrav som kan gjennomføres ved domstolenes hjelp", se innstillingens side 46. At det ikke skulle være en rettighet i denne betydning, støttes også av departementets vurderinger av spørsmålet om adgangen til administrativ klage over sosialstyrets vedtak om sosialhjelp, se Ot.prp. nr. 56 for 1962-63 side 52. Her forutsettes at sosialhjelpen i motsetning til trygdehjelpen bygger på en individuell, skjønnsmessig vurdering både når det gjelder vilkårene for hjelp og hjelpens art og omfang. En klage skulle bare kunne skje på det grunnlag at vedtaket var i strid med lov eller forskrifter eller var åpenbart urimelig."

7.5.10

Er eg skuffa eller er eg letta? Er eg lei meg eller syns eg det er greit?

For å vere heilt ærlig, eg veit ikkje...

Alt er relativt!

"For at behandlingskriteriet skal kunne anvendes i slike tilfeller må det etter min mening være spørsmål om å hindre en vesentlig forverring av pasientens tilstand som med relativ stor sannsynlighet vil inntre i løpet av rimelig nær fremtid."