30.11.08

1. søndag i advent


"Tenn lys!
Et lys skal brenne for denne lille jord,
den blanke himmelstjerne der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes.
Et lys er tent for det."


Seint ute som vanleg, stressa eg i går rundt frå butikk til butikk på jakt etter fødselsdagsgåver(tre stk!) og adventsstake. Eg fann ikkje nokon stake eg eigentleg likte, så derfor endte eg opp med å improvisere litt. Resultatet vart som de ser over. Eg kan ikkje seie eg er heilt fornøgd, i hovudet mitt står nemleg lysa på eit glasfat, men det fann eg ikkje, så eg får klare meg med dette i år.

Etter at eg mot alle odds klarte å finne både advents"stake" og gåver på omlag to timer, for eg heim att ein liten snartur, raska med meg eit par knekkebrød og snudde i døra. Då var det nemleg tid for lysfest! For første gong fekk eg vere med på denne tradisjonen her i Bergen. Gjett om eg stiller opp til neste år og! Snakk om stemningsfull start på advent! Riktig nok var det kaldt og surt og det drypte litt frå himmelen, men det var likevel berre utrulig stemningsfullt. Mange tusen bergensarar hadde samla seg på festplassen og videre rundt vatnet. Etter at Bjarte Hjelmeland hadde fått oss alle til å fortelle kvarandre kor glade me var i kvarandre vart alle lysa på trerne rundt vatnet, og på grana midt i vatnet, tend. Så fekk alle utdelt tende faklar. Å sjå heile festlplassen og veien rundt heile vatnet opplyste av håndholdte faklar var berre utrulig vakkert. Den som ikkje kom i det minste adventsstemning då altså... Heile festen vart avslutta med eit heidundrande fyrverkeri. Eg trur aldri eg har sett makan til fyrverkeri før. Det vart berre større og større, vakrare og vakrare, trur eg tenkte både fire og fem gongar at no, no er me komne til den store finalen, men neida, dei berre fortsatte, større og større, vakrare og vakrare. Fantastisk fint!
Etter lysfesten rakk eg heim ein liten tur før eg gjekk på lagsmøte. Her prata Tor Harald om det å vere lys og salt for verda. Eit spennande emne som vekte mange tankar i hovudet mitt i alle fall. Etter møtet var det som vanleg cafe. I løpet av kvelden vart det diskutert det eine emnet rarare enn det andre rundt bordet. Har for eksempel Norge den statusen me burde hatt i verda? Er branmann sam så uskyldig som han gir seg ut for å være? Kva "midt i smørøyet" serie var best, kva var skumlast? og til slutt.. kva har eigentleg hendt på hotel ceasar i det siste? Må sei at eg har ikkje vore så opplyst på det siste emnet sidan eg var hekta på serien (2.sesong og berre 2.sesong) og kunne namnet på alle skodespelarane (i den rekkefølgen dei kom på introen sjølvsagt.)

I dag har eg hatt ein skikkelig slapp søndag. Etter å ha dradt meg vel og lenge i senga sto eg opp, drog meg enda lengre framfor dataen før eg tok til på årets støraste oppvask. deretter rydda og ordna eg litt, hengte mellom anna opp adventsstjerna i glaset.


På bordet mitt står det forutan den vakre adventsstaken min ei stor skål med mandariner (evt clementiner) og ein boks med pepperkaker. Det er viktig med litt kos i desse dager. Mandarinene går ned på høgkant for tida. Eg et glatt fire-fem-seks om dagen. Det fins jo ikkje noko betre! Etter at eg fekk begynne på pepperkakene på fredag har det blitt ein del av dei og. Litt for mange i grunn. Eg har nemleg ein liten anelse om at det ikkje er det sunnaste eg kan putte i munnen. Er vel eit sukkerkorn eller to i dei kan eg tenkje meg...



I morgon er det 1. desember. Då får alle små og store barn opne første luka på julekalenderen sin. For første gong i mitt liv har eg ikkje våga å spørre mamma og pappa om pakkekalender. Eg kjenner eg angrar litt på det no, men samstundes så er eg trass alt 21 år no, og eg har ikkje budd heime på 5 år, så det var vel kanskje på tide. Når eg tenker meg om så hadde eg vel ikkje pakkekalender i fjor heller. Men då fekk eg, etter at eg hadde klaga min nød om manglande kalender, denne fantastiske kalenderen av mine to fantastiske veninner Solveig og Miriam!

Kalenderen består av 24 søte konvoluttar i ulik størrelse. I kvar konvolutt ligg ein lapp med eit sitat, dikt, ordtak eller liknande. Ettersom eg ikkje lenger hugsar kva som stod på lappane kan eg bruke kalenderen på nytt i år! Det blir utrulig koselig å lese dei igjen. Eg kan hugse det var mange bra lappar, så eg gleder meg!

I morgon skal eg dessutan sjå første episode av Amalies Jul! Det blir kos det! Då skal eg setje meg ned med pepperkaker, mandariner og ei flaske Hansa julebrus, synke godt ned i sofaen og kose meg med nissungen, Amalie, blomster-Johan og alle dei andre.

28.11.08

Seriøst!

På kjøkkenbenken står oppvasken i haugar, i stova ligg ting strødd rundt over heile golvet. Skapet er eit kaos utan like og på badet skal ein leite godt for å finne vaskemaskina under alle "ikkje reine, ikkje skitne" kleda. I dag var dagen då alt skulle ordnast. Tidsplanen var klar og motivasjonen på plass. Eg skulle berre nett sjekke noko på nettet først... Eg lærer visst aldri. Det som skulle ta omlag ti minutt utarta seg fort til å vare nokre timar. Sånn går det når ein lar seg sjølv bli lurt frå den eine sida til den andre. Som eg sa, eg lærer aldri.

Men,men, eg har i alle fall fått ordna eit par julegåver medan eg har vore klistra til skjermen, så eg skal ikkje seie tida har vore heilt unyttig. Men no må eg hive meg rundt og ta ein kjapp ryddings. Kanskje får eg ikkje tatt alt, men om eg berre får begynt blir det so mykje lettare å ta resten i morgon.

Seinare i dag skal eg bort til Sissel og ha advents kickoff! Da Blir koselig! Me skal drikka årets første skikkelige julabrus (hansa altså, ikkje våg å påstå noko anna), eta pepperkake og mandarine (ja, eg veit da egentlig e clementiner, men mandarin e eit so mykje koseligare ord so derfor kalle me da for da, oki?). Etterpå skal me på julekonsert med Laudate! Gleda meg.

men altså, ryddings....

26.11.08

dagens gjeremål og dagens lærdom

I dag har eg
  • laga ein tidsplan eg absolutt ikkje har fulgt
  • surfa litt for lenge på nettet
  • skreve arbeidsgruppeoppgave
  • prøvd å setja fyr på kjøkkenet
  • Sove over to timer på sofaen
  • Fått besøk av pappa som hadde med seg to sekker ved:D
  • drept ein stor og ekkel edderkopp
  • kremert edderkoppen i ovnen

I dag har eg lært
  • å lage tidsplaner er sikkert lurt om ein klarer å følge dei. Eg klarer ikkje følge dei.
  • nettet er og blir eit evig tidssluk. Må hugse å slå det av når eg skal lese!
  • arbeidsgruppeoppgava blir ikkje noko lettare av at eg venter med å begynne på han til onsdagen, neste veke: hugs å begynne tirsdagen.
  • Gå aldri frå ei panne med bacon på komfyren sjølv om det virkes som at det går kjempetreigt og det er beinkaldt på kjøkkenet. (eg seier berre svart bacon, røyklagt kjøkken)
  • ikkje legg deg på sofaen med augene att dersom du ikkje har tenkt å ligge der i over to timar. Drikk heller ein kopp kaffi!
  • Vedsekker inneholder gjerne store, ekle, svarte edderkopper.
  • når ein dreper store,svarte ekkle edderkopper kjem det orange gugg ut av dei. Æsj!

Ettersom eg no endelig har fått ved i huset att (mamma og pappa, de er kjempesnille!) har eg endelig fått fyr i ovnen og eit reelt håp om at gradestokken vil overstige 20 grader her inne igjen. Arbeidsgruppeoppgava er levert og etter ein 2 timers kvil og ein påfølgande kopp kaffi er eg no klar for å lese litt:)
Når konsentrasjonen sviktar og motivasjonen fell til bunns att skal eg setje på ein god cd, setje meg godt til rette med hobbykassane mine forran meg og sleppe kreativiteten laus. Gleder meg! Men som sagt, no er det tid for lesing. Taushetsplikt og habilitet, here we go!

21.11.08

Vinterlykke

Sitte og lese framfor glaset, sjå snøfnugga dale stilt og roleg mot bakken. Sjå det kvite teppet over leikeplassen vokse seg tjukkare og tjukkare. Ta på seg ullkåpe, hue og vottar, gå ut for å ta ein velfortjent pause frå lesinga. Gå smilande til Godt Brød for å kjøpe ein varmande kopp kaffe mocca. Kjenne snøfnugga smelte mot ansiktet, føle kinna bli farga som raude roser av den kalde og friske lufta. Gå heim att med den varme koppen mellom hendene. Lage seg lunsj av heimebakte runstykke og rørte blåbær. Nyte maten inntulla i eit varmt teppe.

Sette seg framom glaset, sjå snøfnugga dale stille og roleg mot bakken, åpne forvaltningsrettboka og Norges Lover og ta til med lesinga med ny og forbetra konsentrasjon og motivasjon.

Vinterlykke

18.11.08

Og så var vi i gang med forvaltningsretten

Ja, då har eg klart å sose vekk nok ein dag. I dag var planen at eg skulle skrive vekas arbeidsgruppeoppgave straks etter arbeidsgruppesamlinga. Lite overaskande skjedde ikkje dette. Som vanleg var verken konsentrasjonen eller tiltakslysten på topp og når eg i tillegg lider av presentasjonsangst i større eller mindre grad er det jammen meg ikkje lett å komme i gang. Derfor har tida forsvunne i facebook, ein episode av One tree hill, litt lesing, og ein del leiting etter bilde av jussbygget til å bruke her på bloggen. Fann ingen eg var heilt fornøyd med, og det eg fann klarer eg ikkje å få stort nok (korleis fikser eg det? nokon som veit?) så eg trur eg må ta kameraet med meg og ta eit bilde sjølv ein dag;) Det er jammen meg godt at eg har heile morgondagen på meg og!

I går hadde me dei to første forelesningane i forvaltningsrett, og i dag hadde me første seriøse arbeidsgruppesamling. Forvaltningsrett virkes spennande ut, og hittil må eg seie meg fornøyd med valg av studie! Så får me sjå om eg fortsatt meiner det samme etter ein eksamen eller to;)

Denne vekas arbeidsgruppeoppgaver handler om virkeområde til lovens bestemmelser, og spørsmåla eg skal svare på er: Trenger rådmannen å følge saksbehandlingsreglene i forvaltningsloven kap. IV–VI ved innkjøp av datautstyr?" og "Er undersøkelsessak etter barneverntjenesteloven § 4-3 et enkeltvedtak etter forvaltningsloven?" Det enkle svaret på begge desse spørsmåla er "nei", men desverre kan eg ikkje berre skrive dette. Neida, eg må til med ordlydstolkning og vurderinger om diverse vilkår er oppfylt både her og der. Er både litt stress og litt forvirrande no i begynnelsen, føler liksom ikkje at eg har heilt kontroll på kva eg driv med, men forhåpentligvis blir dette bedre etter kvart. Dessuten er det ganske så artig, det er bere det at eg har litt presentasjonsangst. Tåpelig som eg er skal eg jo alltid få alt til perfekt med ein gang, og det trur eg at eg må innsjå at ikkje går her. Det at to medstudentar skal kommentere oppgava og at heile arbeidsgruppa kan lese den hjelper heller ikkje på prestasjonsangsten. Men,men, eg blir vel vant til det og etterkvert....
Nei, no får eg gjere eit nytt forsøk på å ro i land denne oppgava...

"det rettslige grunnlaget til dette spørsmålet finn vi i...."

15.11.08

pølse-pizza uten pølse men med brød

Når ein er hos Sissel går tida fort. Plutseleg er fleire timer gått uten at ein har fått sukk for seg. I går hadde me kosekveld. Eg kom bort i 8 tida og planen var at me skulle lage pizza. Ettersom ingen av oss var så veldig sultne gadd vi ikkje begynne med ein gang. Vi satt ei stund og prata i sofaen. Etterkvert fann me ut at det var litt tiltak å lage pizza, dessuten hadde me litt lyst å sjå film, kanskje peppes film deal kunne være noko? Vi satte oss ned på golvet for å sjekke kor mykje det kosta. Det var altfor dyrt, dessutan var det ingen filmer vi hadde lyst på. Vi blei liggande ei stund på golvet. Kvifor ikkje ligge på golvet å prate liksom, det er vel like grett som å sitte i sofaen det vel? Eg er eigentleg ganske glad i å ligge på golvet, har alltid vore det,veit egentlig ikkje heilt kvifor, det er jo litt sært meiner eg. Slik låg me ei stund, altfor late til å lette på liket. Sissel måtte lukte litt på golvet etter at eg kom med ein kommentar om at me låg og gnikka håret vårt ned i teppegolvet. Ikkje det at golvet var skittent, Sissel hadde nemleg "støvsuuga i går", men eg meiner, et teppeolv blir aldri heilt reint. Sissel var ikkje enig. Golvet hennar lukta ikkje skittent meinte ho. Faktisk lukta det ingenting. Eg syns det lukta tåfis. Konklusjonen var at nokon har plasert ein ekstra svett fot akkurat der eg lukta. Etterkvert begynte me å blir sultne. Det viste seg dessverre fort at sjølv om me vart meir og meir sultne vart det ikkje noko lettare å kome i gang med matlaginga av den grunn. Heller tvert i mot. Tanken på å lage pizzadeig framkalla sukk og stønn fra begge to, vi orka ikkje tanken på å kna deig. DErfor kom ideen om pizzabaguetter opp. Kanskje Sissel hadde nokre baguetter eller rundstykker i fryseren? Etter mykje om og men klarte me etterkvart å reise oss, og Sissel sjekka fryseren. Nei, det var ikkje baguetter der, men det var fire pølsebrød, kanskje det funka? Ettersom ingen av oss gadd lage deig var konklusjonen at det funka veldig bra. Ei lita stund seiner var vi igang. Trur maten var klar i halv 12 tida. Det tok oss altså berre litt over tre timer fra eg kom til me hadde maten klar. Ikkje så gale til å vera oss! Og bere så de veit det, pølsebrød som pizzabunn er slettes ikkje så verst!

10.11.08

Ferdig med ex.phil! (nesten...)

Eg sto på breddestesten! fantastisk deilig! Med litt febrilsk leiting i notatjungelen fann eg svara på dei fleste spørsmåla, måtte til med litt gjetting og, men da gjekk bra. E utrulig deilig å vera ferdig altså. No ska eg bere skriva ferdig oppgava mi om Hart, Dworkin og rettssystemet. Skal ha veiledning i måro og so skal oppgav inn på fredag. Da blir fantastisk! E kjempedeilig å tenka på at på fredag e eg faktisk ferdig med ex.phil! :D :D :D

Panikk!!!

om 43 min begynner alfa breddetesten min. Som den "flinke og pliktoppfyllande" studenten eg er begynte eg egentlig ikkje lesinga før på fredag. Med andre ord, eg har hatt ei intensiv helg med notatskriving, men kan fortsatt ikkje sei at eg har fått lest så veldig mykje. for å seie det sånn; Eg har ikkje kontroll i det heile. I hovudet mitt svirrar ord og begrep som utilitarisme, teleologiske og deontologiske normative etiske teorier, Humes gaffel, det kategoriske imperativ, critical leagal studies, metaetikk, naturrett, hermeneutikk og mykje meire, rundt og rundt utan å heilt vite kor dei skal gjere av seg. Eg manglar nemleg totalt overblikk og sammenheng. Kva teoriar og begrep som høyrer saman med hvilke filosofar og tidsepokar har eg ingen aning om, kva som er sentralt og kva som er uvesentlig klarer eg ikkje gjere greie for, for meg er alt berre ei einaste stor uforståeleg masse. No gjenstår det bare å sjå om eg greier finne fram i min eigen jungel av notater, gule merkelapper og uforståelig skrift(når ein skriv notater ei heil helg blir skrifta etterkvart ganske utydelig, som om mi ikkje er galen nok frå før av...). Eg veit at det meste står der, spørsmålet er berre om eg greier å finne det.

10 spørsmål med tre alternativer, svarer eg riktig på 7 av dei står eg, om ikkje må eg ta prøven om att på torsdag. Kva det blir til skal du få vite om ca 2,5 timer...


HJEEEEEEEEEELP!

1.11.08

skoshopping for storbeinte

I går var eg og Sissel på ein liten shopping tur. Eg hadde egentlig ikkje so store planar om å handle noko, men var med for å hjelpe Sissel med den vanskelige avgjersla "skal eg kjøpe eller skal eg ikkje kjøpe" (det var her snakk om eit par støvlettar og til opplysning, det endte med at ho kjøpte). No hadde det seg då slik, et eg såg eit par støvlettar på utstilling i ein butikk som eg likte veldig godt. Eg fekk Sissel med meg inn, og prøvde å finne støvletten i min størrelse. Sjølvsagt stod han ikkje framme, dei gjer aldri det, og eg kjente irritasjonen begynne så smått å bygge seg opp. Skobutikker er nemlig ikkje mine favorittbutikker. Det er skjelden eg går inn i ein utan å kome ut att i litt dårlegare humør enn når eg gjekk inn. Men uansett, eg tok med meg støvletten bort til kassa og spurte
"har dåke denne i ein større størrelse? helst i 42 men kanskje i 41 og?"
Dama i kassa svarte fort
"vi har den ikke i 42, men kanskje i 41, eg skal sjekke"
Etter ein rask kikk på datamaskinen kom det
"nei, vi har visst solgt de i 41 og, tror eg solgte de tidligere i dag."
Irritasjonen bygde seg opp inni meg. Det toppa seg då ekspeditrisa sa
"eg vet de lager disse i 42, men vi tar ikke inn den størrelsen".
Då eksploderte det litt inni meg. Eg klarte ikkje dy meg og svarte kanskje ikkje heilt høflig
"dei lage dei i 42 men dei tar dåke ikkje inn? korfor ikkje?"
ekspeditrisa svarte fort,
"nei, altså vi kan jo egentlig ikke bestemme det selv da, eller vi kan jo det, men det er sånne ulike pakker så enten får vi fra 36-41 eller fra 37-42, og da får vi liksom bare ett par i den minste og største størrelsen. Så da velger nesten alle den laveste pakken."
"sånn at det blir heilt umulig for oss som bruker 42 å finne sko meiner du?"
"jaaa... men om ikke ville det jo blitt vanskelig for de med små føtter."
(eg hadde lyst å hive på eit "det drite vel eg i", men klarte å holde det inni meg) Sjølv om eg no var blitt ganske irritert, kom eg på at dama bak disken kanskje ikkje var den rette å angripe så eg sa
"det er jo ikkje din feil at det er sånn, men det er ganske så frustrerende når eg aldri finne store nok sko!" Dama viste forståelse for dette og foreslo at eg gjekk og sjekka om dei hadde dei i riktig størrelse på dna, dei førte i alle fall skoen visste ho.

Vel ute av butikken kjente eg at humøret var blitt betraktelig dårlegare. Eg har tidlegare irritert meg over at det ikkje fins sko i størrelse 42 i butikkane, men då har eg gått ut i fra at skoa ikkje blir produsert i str 42, men no fekk eg altså vite at joda, skoa fins i 42 butikken tar dei bare ikkje inn! Sjølv om ekspeditrisa kanskje ikkje var den rette å la irritasjonen min gå ut over synes eg at eg må få lov til å seie i fra og. Får dei ingen klager på det, trur dei jo ikkje det er noko behov for å gjere noko med det. Fra no av skal eg seie fra litt oftare trur eg, kanskje ikkje med like stor irritasjon i stemmen som i går, men heller med ein liten kommentar om kor vanskelig det er å finne store nok sko. Dessuten skal eg setje meg ned og skrive ein fin mail til ulike skobutikker og høre kvifor dei har denne praksisen og om det er mulig å endre på den.

Nokre butikker har gjort eit forsøk på å betre livet for oss storbeinte, med å lage ei eiga hylle for str 42. Men om ein går i den hylla og ser så er det ikkje mykje fint å finne for å seie det slik. innimellom er det derimot ein sjeldan gong eit gullkorn, og dette er nesten utan unntak av merket Vagabond. Derfor vil eg i dette frustrerte og klagete innlegget rette ein stor takk til Vagabond som er ei lita solstråle i det store skomørket.