28.11.08

Seriøst!

På kjøkkenbenken står oppvasken i haugar, i stova ligg ting strødd rundt over heile golvet. Skapet er eit kaos utan like og på badet skal ein leite godt for å finne vaskemaskina under alle "ikkje reine, ikkje skitne" kleda. I dag var dagen då alt skulle ordnast. Tidsplanen var klar og motivasjonen på plass. Eg skulle berre nett sjekke noko på nettet først... Eg lærer visst aldri. Det som skulle ta omlag ti minutt utarta seg fort til å vare nokre timar. Sånn går det når ein lar seg sjølv bli lurt frå den eine sida til den andre. Som eg sa, eg lærer aldri.

Men,men, eg har i alle fall fått ordna eit par julegåver medan eg har vore klistra til skjermen, så eg skal ikkje seie tida har vore heilt unyttig. Men no må eg hive meg rundt og ta ein kjapp ryddings. Kanskje får eg ikkje tatt alt, men om eg berre får begynt blir det so mykje lettare å ta resten i morgon.

Seinare i dag skal eg bort til Sissel og ha advents kickoff! Da Blir koselig! Me skal drikka årets første skikkelige julabrus (hansa altså, ikkje våg å påstå noko anna), eta pepperkake og mandarine (ja, eg veit da egentlig e clementiner, men mandarin e eit so mykje koseligare ord so derfor kalle me da for da, oki?). Etterpå skal me på julekonsert med Laudate! Gleda meg.

men altså, ryddings....

1 kommentar:

Anonym sa...

Hehe, ja ROT er nok eit eksamensfenomen - rommet mitt vart plutseleg liknande Klaraloftet på Høgtun, type Kostymelageret;)
Adventskos er KOSELEG! Nyt kvelden og konserten!
Klemmar i flengar