30.4.09

Kor genialt er det ikkje å bu slik til at når du kjem på skulen og oppdagar at du har gløymt brillene og penalet ditt så tar det deg 4 min og 42 sekund frå du går ut dørene på skulen til du står heime med dei gløymde gjenstandane i hendene?

29.4.09

konsentrasjonsvanskar?

Første kapittel
Innledning

§ 1. Familieretten
V. Familierettens særpreg

Eg sit på ein varm og klam datalesesal på Dragefjellet. To pultar bortanfor meg sit ein mørkhåra gut og tyggar febrilsk på tyggisen. Kanskje har han heimeeksamen, kanskje begynner han berre å bli mektig lei av Marte og Lars, Aksjespek og parabolselgere. Utanfor vindauget står ein mann med hovudet i taket (bokstavlegtalt i taket liksom) inne på det nye jussbygget. Framføre meg ligg Sverdrup og Lødrup "familierett". Eg skal skrive notater. Det er i alle fall det som er tanken.

Men beina mine er rastlause. Eg klarer ikkje holde dei i ro. Tankane mine er svevande. Dei hopper frå familierett til solois, så via "engler og demoner" til Andreas som eg ikkje har sett på lenge.

Egentlig må eg ein tur på "det aller helligste" som dei så fint sa på dagsenteret i sommar. Rart det dere, kor mange namn det finns på noko so enkelt som å gå på do liksom.

Gutten ved sida av meg er fortvila. Eller så er han berr trøtt. Heilt fornøgd er han uansett ikkje. Det ser eg tydelig.

Ane ssm sit på hi sida av meg har derimot tatt heilt av her. Trur eg må lure ho med på ein lunsj nr 2 snart. Kan ikkje risikere at ho får gjort meir enn meg liksom...

Eg har lyst på solois, sa eg det? Åt årets første i går. Etter å ha leita gjennom alle buttikane i sentrum utan å finne det var krisestemnigna til å ta og føle på. Gleda var derfor stor når eg oppdaga at Kiwi på nøstet hadde han. Takk og pris! tenk, ein vår utan solois... Det hadde vore krise det!





23.4.09

Glede i listeform

Livet er herlig. Ein skulle nesten tru eg var våryr og forelska så lukkeleg eg er for tida, (men det er eg diverre ikkje) livet er berre utrulig bra! Kva er det som gjer meg så glad og lukkeleg? Her får de eit utdrag i tilfeldig rekkefølge:
  • det er vår!
  • fontena på lille lungern er skrudd på
  • det er vatn i dei andre fontene i byn og
  • tulipanane rundt musikpaviljongen
  • forelesaren min i familierett (fantastisk kynisk og artig mann..)
  • familierett
  • mange dagar med sol
  • ein kan gå ute utan jakke
  • ete is ute
  • alle folka som smiler og er glade
  • ho gamle dama som sat på rullatoren sin utanfor exibition (når eg blir gamal skal eg og få meg ein rullator og sitje på. Det ser berre så utrulig herlig ut!)
  • eg ligg godt an med lesinga (eg er verkeleg i ferd med å bli ein seriøs student... det tar av!)
  • eg skal jobbe på dagsenteret på Landås i sommar
  • Det er ikkje lenger ulevelig i leilegheita mi så snart eg har skrudd av omnen ein time eller to
  • Lunsj ute i sola på Dragefjellet
  • vennane mine
  • One tree hill, Gossip Girl og Greys anatomy har begynt igjen (i USA etter ein underleg pause) (Ja... eg er lettere avhengig amerikanske drameseriar... ikkje mobb!)
  • basisgruppa mi
  • livet i seg sjølv
  • stemninga i Bergen så snart det er sol (folk over alt, alle smilande og blide, herlig!)
Våren er ei fantastisk tid! Vekk med vinterdepresjonar og mørketid! Fantastisk! Eg kjenner så utrulig godt kor mykje meir energi eg har no enn berre for nokre veker sidan! Det er så mykje lettare å stå opp, og timane på lesesalen går så mykje lettare og fortare. Våren er rett og slett ei fantastisk tid!

Nyt våren du og!

Ps: GRATULERER MED DAGEN KJÆRE MIRIAM!

17.4.09

Livet er herlig!

Det er vår, sola skin, jakka kan ein legge att heime og på torgalmenningen går annakvar person med ein is i handa. Eg er ferdig med eksamen i kontraktsrett 1, gleder meg til å begynne på arve og familierett, og det er helg. Vermeldinga seier det skal bli fint ver heile helga(hørte eg rykter om i alle fall) og eg har planer om å vere ute så mykje som mogleg.

No må eg forte meg ut dørene her, for om ti minutt skal eg møte Sissel i sentrum. Me skal kjøpe is og nyte vårveret. Herlig!

Dagens tips: kjøp ein is og nyt han i vårsola du og;)

PS: GRATULERER MED DAGEN MAMMA!

1.4.09

eit av livets store spørsmål

I går lo Lene av meg. Ho syntes det var morosamt å sjå kor rotete det var heime hjå meg. Det gjorde ikkje eg. At ho såg kor rotete det var meiner eg. Eg hadde egentlig tenkt å rydde og vaske før ho kom, men det har gått litt i ett i det siste så det blei ikkje. Men eg har rydda no altså. Medan Lene var på handballkamp tok eg den gedigne oppvasken min(må seie eg er litt fasinert over kor mykje oppvask eg klarer å lage...) og ein liten svingom med støvkosten. Det var nok på tide. Godt eg fekk besøk så eg endelig fekk gjort det:P

Lene sa noko som fekk meg til å tenke litt. Ho såg på rotet mitt og så sa ho "er du litt rotete i hodet for tida eller?" Det måtte eg jo svare ja på. Eg er jo litt stressa for tida pga eksamen og sånt. Men det eg begynte å tenke på då var om eg roter fordi eg er stressa, eller om eg stresser fordi eg roter? Altså, det er jo eksamen som stresser meg, men blir eg enda meir stressa av at det er rotete rundt meg? Ville eg vore mindre stressa dersom eg klarte å halde det ryddig rundt meg?

hmmm...