I går lo Lene av meg. Ho syntes det var morosamt å sjå kor rotete det var heime hjå meg. Det gjorde ikkje eg. At ho såg kor rotete det var meiner eg. Eg hadde egentlig tenkt å rydde og vaske før ho kom, men det har gått litt i ett i det siste så det blei ikkje. Men eg har rydda no altså. Medan Lene var på handballkamp tok eg den gedigne oppvasken min(må seie eg er litt fasinert over kor mykje oppvask eg klarer å lage...) og ein liten svingom med støvkosten. Det var nok på tide. Godt eg fekk besøk så eg endelig fekk gjort det:P
Lene sa noko som fekk meg til å tenke litt. Ho såg på rotet mitt og så sa ho "er du litt rotete i hodet for tida eller?" Det måtte eg jo svare ja på. Eg er jo litt stressa for tida pga eksamen og sånt. Men det eg begynte å tenke på då var om eg roter fordi eg er stressa, eller om eg stresser fordi eg roter? Altså, det er jo eksamen som stresser meg, men blir eg enda meir stressa av at det er rotete rundt meg? Ville eg vore mindre stressa dersom eg klarte å halde det ryddig rundt meg?
hmmm...
6 kommentarer:
Eg brukar å rydde når eg føler det er kaos i livet mitt. Då fyller eg vaskebytta og vrir opp moppen og vaskar vekk alle hybelkaninene og ryddar bort alle kle som på mystisk vis har funne plassen på golvet. Og etterpå så tenner eg lys, lagar ein god kopp te og sett på roleg musikk og sett meg og les ei god bok! Heilt utruleg kor mykje betre ein føler seg etter det=)
Var så kjekt å treffe på deg her eine dagen, utanfor togstasjonen:) Beklagar at eg var litt vimsette;P Haha.. eg var så trøtt skjønar du! Hehe... drosjesjåføren flira av meg etterpå når eg sette meg i bilen;P Trur eg såg rimeleg overraska ut! Hehe...
Men hadde vire kjekt å treffast ein gong etter påske! Eg skal ha praksis på Framnes ut april, så kjem nok inn til byen innimellom:)
klem klem
Ja det e jo verdt et forsøk:) God påske kjære deg.. Ette påske blir d viddetur!-så spar litt av appelsinene, kvikk lunchen og kakaoen;)
det er lettere å ha det ryddig inni hodet når man har det ryddig rundt seg =)
Anne: Det var kjempekoselig å treffa på deg! Bi må absolutt treffast mens du e i området! Bere te å seia fra når da passe for deg. Ekje så ofte eg reise vekk frå byen så sannsynligheten e stor for at eg har mulighet te å treffa deg;)
Solveig: Eg e SÅ klar for viddetur! ;)
Renate: ja.. det er kanskje det, men korleis holde det ryddig rundt seg når ein er rotete i hodet? Trur eg har litt vanskelig for det i alle fall...
Jeg lurer på om noe av den roteteproblematikken går på at du roter deg inn i tankerot om hvor rotet egentlig kommer fra hvis du skjønner. Eller så er filosoferingen rundt rotets opprinnelse bare et resultat av tankerot... Altså en illusjon, og det er bare å rote videre.
jeg roter mer (enn vanlig) når jeg har mye å gjøre på... Hvis du var blant stippene som prøvde å mate med med santalucia-bolle i fjor, så husker du nok det med mindre du har fortrengt det:)
...men samtidig gjør det meg roligere når jeg har det ryddig rundt deg, så hvis det er det samme med deg så roer det eksamensnervene om du rydder?
og så føler jeg meg ekstremt ukomfortabel når folk påpeker rotet mitt, eller må omgås mitt rot... kanskje det var det som fikk deg til å tenke??
Legg inn en kommentar