Då var det sommarferie på meg og. Eg hadde forventa å kjenne ei enorm glede spreie seg i kroppen. Ei glede over å vere ferdig, over å ha fått vist kva eg kan. Ei glede over å sjå sommaren ligge framføre meg. Ubrukte dagar, fri frå lesepress, oppgåveskriving og dårlig samvit for alt som burde vore gjort.
Eg hadde forventa ei slik glede, men den er ikkje kome enda. Eg kjenner meg berre tom, tom og oppgitt. Eg kunne så mykje, eg har lest og lest, skaffa meg overblikk og detaljkunnskap. Likevel er pensumet så stort at ein ikkje kan ha fullstendig kontroll på absolutt alt. Diverre.
Eg føler meg snytt. Snytt for tid og energi brukt på å lære meg alt det som ingen spurte om. Snytt for at oppgåva var så snever at eg ikkje fekk vist kor mykje eg kan. Snytt for at eg no ikkje greier kjenne den store gleda over at eg endelig har ferie.
Eg håper eg tar feil. Håper sensor blir blenda av at han endelig treff på ei oppgåve skrive på nynorsk. Håper han på underleg vis greier ignorere den manglande metoden, ordlydstolkingane som ikkje er der og den tynne rettskjeldebruken.
Eg håper, men eg tviler sterkt...
12.6.09
8.6.09
Sommerferie!!!!
Eller vent litt, det var visst ikkje før på fredag det.
Søren, hovudet mitt er visst ikkje heilt med på den. Konsentrasjonen har reist på viddetur og effektiviteten trur eg er på interrail nedover Europa. Her er den i alle fall ikkje. Når eg tenker meg om er det vel eigentleg ein relativ stor sjanse for at begge to berre har blitt att på lagshytta. Det var i alle fall der eg såg dei sist. Ettersom eg treng dei sårt får eg håpe dei kjem seg på eit tog eller ein buss tilbake til Bergen snarast...
I mellomtida får eg trøste meg med at på fredag kl 13.00 er det sommerferie. Eg gleder meg :D

5.6.09
helg og hyttetur :)
Eg hadde aldri trudd at eg skulle bli eit slikt menneske som ei veke før eksamen har vore gjennom pensum to gonger og har ro nok i sjela til å ta seg fri heile helga og reisa på hyttetur. Men her er eg, og det er i grunnen ganske digg. Begynner å angre litt på at eg alltid har sverga til skippertaksmetoden tidligare :P
Snart reiser eg til lagshytta på Hosås utanfor Voss. Diverre er det ikkje så mange som skal vere med. Me blir visst berre fire fem stk. Men,men, vi snakke kanskje ikkje kvantitet, men vi snakke absolutt kvalitet. Eg har trua på at det blir ei fantastisk bra helg :D

3.6.09
Livet er herlig, livet er bra!
10 timar på skulen... eg seier det igjen, 10 timar på skulen... Hadde aldri trudd eg skulle bli ein slik ein. Eg er faktisk utrulig imponert over meg sjølv. Har nesten ikkje vore på fjesboka i dag, berre så vidt streifa innom dagbladet.no, har hatt korte og effektive matpausar og har faktisk vore utrulig konsentrert over bøkene. Har rett og slett fått gjort utrulig mykje i dag. Om berre dei to neste dagane blir like effektive så kan eg kanskje reise på lagshytta med god samvittighet i helga. Da hadde vore noko....
Eg er utrulig takknemlig for at eg har havna på eit studie som eg liker så godt. Trur ikkje det er mange fag som ville gitt meg motivasjon nok til å sitje og lese så lenge og so mykje som eg har gjort i dag. Det verste er at eg egentlig syns eg har hatt ein kjekk dag i dag. hehe.. hadde ikkje trudd eg skulle seie det om 10 timar på skulen :P
No trur eg det er på tide å forlate Dragefjellet for i dag. Eg tar den lette svimmelheten og det til tider tåkete synet mitt som eit tegn på at kroppen min vil ha meg vekk frå lesinga og heim for å eta middag. Trur kroppen min er inne på ein god plan der :P

Abonner på:
Innlegg (Atom)