Så var sommerferien nok ein gang her. For kvart år som går blir tida mellom feriane kortare og kortare. Kanskje er det alderen som gjer det, kanskje er det folkehøgskuleruta som speler meg eit puss, uansett så er i alle fall ferien her. Hittil har eg ikkje brukt ferien på så veldig mykje, men visse ting har eg då lært:
- Parabol er ein sleip tidstjuv. takk og pris for at me fekk det etter at eg flytta heimefrå
- det finns utrulig mange dårlige filmer, er det virkelig nokon som ser på all den skiten?
- mose på dansk betyr myr, på både norsk og dansk har me uttrykket ugler i mosen, men me ser altså for oss ugla sitta på to ulike plasser... sært!
Framover skal eg prøve å bruke ferien min litt meir vetig. I helga skal eg til onkel Rune og tante Sonja og passa dei fire herlige søskenbarna mine. Eg rekner med at det blir ei livlig helg, men eg gleder meg stort! På mandag kjem pappa heim med flyttelasset mitt frå Høgtun (håper han får plass til alt i bilen, det skal noko til...) og då skal det rett inn i min nye leilighet i Bergen!!!! (Eg skal flytte for meg sjølv!!! Eg gleder meg!!) Så blir det møbelshopping så snart eg får med meg mine kjære foreldre og bilen til ikea. Det er nemlig vanskelig å ta med seg ein sofa under armen på bussen, uansett kor flatpakka den er...
Etter litt over ei veke i den nye leiligheten reiser eg til London med mine to kjære venner Lina og Solveig i fire dager og så går ferda vidare rett til molde og hytta. Når eg kjem heim skal eg i tur og orden sjå henholdsvis Hilde og Eivind og Ingrid og Andreas gifte seg, og så begynner eg endelig å jobbe i juli. I år skal eg jobbe på dagavdelinga på Landås menighets eldresenter. Det blir ein ny erfaring som eg gleder meg skikkelig til. Blir kjekt å ha meir tid til prat og aktiviteter med dei eldre!
No trur eg kanskje eg skal prøve å finne loppekassa. Sommerferien pleier ofte å bringe med seg ein skakkøyrd døgnrytme og eg er på god veg dit no. Ikkje for det, eg legg meg ikkje seinere enn på Høgtun, heller tidligere egentlig, det er bere det at eg står opp litt seinare på ein måte...
29.5.08
2.5.08
Gratulerer til meg sjølv!
Då vil eg bere få lov til å gratulera meg sjølv med at eg no har fullført eit heilt skuleår på Idrett-ballsport! I dag hadde me nemlig siste linjedagen, neste veke forsvinn i rundetur og rydding og vasking. Eg må seie at eg er litt stolt over dette året. Det høyres kanskje litt rart ut, men for meg har det vore ein stor utfordring å gå på ballsport. Det er ikkje sjeldan eg har hatt mest lyst til å gå til Einar og spørre om å få bytte til multikunst. Det er jo der eg eigentleg høyrer heime! Heldigvis har eg ein stor porsjon stahet i meg, så eg nekta å gje
opp. Eg hadde bestemt meg at eg skulle
gå eit år på ballsport og då SKULLE eg det!
Kanskje hadde multikunst gitt meg fleire gode dagar, der veit eg at eg hadde kost meg kvar einaste time. Men ballsport trur eg har vore ein investering for livet. Kanskje har eg måtta presse meg sjølv til å delta på ting eg absolutt ikkje liker (og egentlig ikkje har evner til heller), men gjennom det har eg oppdaga at eg faktisk liker å trene, og etterkvart har eg kost meg meir enn eg har kvidd meg for ballsporttimane! Så til tross for mange tunge dagar i haust er eg no glad for valget eg tok om å gå ballsport. Ikkje bere har eg blitt i bedre form, men eg har oppdaga at trening er eigentleg veldig artig!

Abonner på:
Innlegg (Atom)