2.5.08

Gratulerer til meg sjølv!

Då vil eg bere få lov til å gratulera meg sjølv med at eg no har fullført eit heilt skuleår på Idrett-ballsport! I dag hadde me nemlig siste linjedagen, neste veke forsvinn i rundetur og rydding og vasking. Eg må seie at eg er litt stolt over dette året. Det høyres kanskje litt rart ut, men for meg har det vore ein stor utfordring å gå på ballsport. Det er ikkje sjeldan eg har hatt mest lyst til å gå til Einar og spørre om å få bytte til multikunst. Det er jo der eg eigentleg høyrer heime! Heldigvis har eg ein stor porsjon stahet i meg, så eg nekta å gje 
opp. Eg hadde bestemt meg at eg skulle
gå eit år på ballsport og då SKULLE eg det!
Kanskje hadde multikunst gitt meg fleire gode dagar, der veit eg at eg hadde kost meg kvar einaste time. Men  ballsport trur eg har vore ein investering for livet. Kanskje har eg måtta presse meg sjølv til å delta på ting eg absolutt ikkje liker (og egentlig ikkje har evner til heller), men gjennom det har eg oppdaga at eg faktisk liker å trene, og etterkvart har eg kost meg meir enn eg har kvidd meg for ballsporttimane! Så til tross for mange tunge dagar i haust er eg no glad for valget eg tok om å gå ballsport. Ikkje bere har eg blitt i bedre form, men eg har oppdaga at trening er eigentleg veldig artig!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Æ e stolt av dæ, Livi!!:D

Anonym sa...

Eg og!
Mor di

Menotti sa...

Så bra Liv Grete, virkelig en bra innstilling du har etter et år på ballsport som jeg må innrømme ikke er det første jeg forbinder med deg. Forøvrig er jeg også veldig imponert over 3000m-fremgangen din. Fine joggemuligheter opp til Fløyen og Stoltzen i Bergen ;-)

Menotti sa...

En liten påpekning, jeg sikta til ballsport og ikke bra innstillinger i slutten av første setninga der :)