14.2.11

frå crappy-sunday til happy-sunday

Korleis snu ein crappy-sunday over til å bli ein happy-sunday?

Ta med deg ein god venn som er nesten like sprø som deg sjølv, gå ein tur på narvesen, kjøp ein boks ben & jerrys, sett dykk på sjøfartsmonumentet og et is ut av boksen med kvar sin plastgaffel medan de oppdaterer kvarandre på alt nytt.

Kven har sagt at ein ikkje kan ete is ute ein sein søndagskveld i februar? Minusgradene gjer berre at isen ikkje smelter frå deg, kjempegreier...

(at me måtte velje mellom blærekatarr og neglesprett kom berre av at litt dårlig planlegging. Hadde eg visst at me skulle vere så impulsive i kveld skulle eg jo tatt med sitteunderlag :P)

Tusen takk for ein herlig kveld Solveig! Du e fantastisk!

6.2.11