07.30: min magiske vekkerklokke vekker meg naturlig med sitt fantastiske lys. Eg blir irritert og skrur av lyset. Det er skarpt. På radioen summer ein eller annan om eit eller anna. Eg var tydeligvis så vekke at eg ikkje har fanarie kva eg eigentleg hørte.
09.30: Eg set meg brått opp i senga. Korleis i all verda vart klokka så mykje?? Arg. Eg blir irritert på meg sjølv.
10.05: Eg går mot skulen med friskt mot. I dag skal eg virkelig få unna litt seriøs lesing. I henda har eg to knekkebrød med brunost. Frukost. (notat til meg sjølv: kjøp anna pålegg enn brunost!) Vegarbeidarane i nøstegata ser som vanlig rart på meg. Trur dei begynner å kjenne meg att. Dei omtaler meg nok som "ho som alltid går og et".
10.30: Eg har kome meg til skulen, satt meg ned på datarommet, logga meg inn, sjekka fjesboka, bloggen, mailen, mi side, dagbladet... Er gått tom for ting eg kan sjekke og innser at eg kanskje må begynne snart.
10.45: har begynt å kommentere arbeidsgruppeoppgåver. Lagt inn ein kommentar eller to. På tide å sjekke fjesbok att. Ingenting har skjedd. Lite liv på fjesboka ein torsdags formiddag. Rart.
10.47: eg fortsetter med kommenteringa. Her går det unna. Folk er blitt altfor flinke, vanskelig å finne noko å kommentere.
11.03: eg sjekker fjesboka igjen før eg begynner å kommentere neste oppgåve. Framleis lite liv på fjesboka. Dårlig gjort, folk må jo forstå at eg treng litt underhaldning i lesinga mi...
Eg kommenterer årets siste arbeidsgruppeoppgåve.
11.22: Ferdig med kommentering! Då gjenstår berre ei storgruppe av obligatoriske ting i år! Sykt, tida går skremmande fort. Eg sjekker fjesboka igjen. Framleis lite liv. Tar resten av runden, bloggen, mailen, dagbladet.no osv. Innser at det er litt for mange minutt å rote vekk før lunsj. Tar opp arverettboka og lovsamlinga. Fortsetter på notatskrivinga frå i går.
11.40: 5. min til navigatørluns. Klarer eg bli ferdig med kapittelet før lunsj?
11.52: nei, eg vart ikkje ferdig trass 7 min over lunsjtid. jaja, synd for meg. Tid for lunsj.
12.37: dagens høgdepunkt er over. Fekk kaffi. Det gjorde godt. Finn igjen plassen min på datarommet. tar runden på nettet, lite som skjer. Ser Solveig er pålogga fjesboka. Benytter sjansen til å snike meg unna lesinga nokre minutt til.
12.40: Les og noterer om formkrava til testamente. Pass på at du sjekker opp i dei før du lager ditt eige testamente. Om ikkje kjem Høgsterett til å nådelaust kaste det på bålet. Ja, "det", altså testamentet, ikkje "deg". Det hadde tatt seg ut! ja, om Høgsterett hadde kasta deg på bålet meiner eg.
13.15: nærmer meg det målet eg eigentleg satte meg i går. Innser at eg har begynt på eit håplaust prosjekt. Skrive notater frå så mange sider tar tid. Trur eg er litt optimistisk. Men det funka så bra på forrige fag. Hadde vore kjekt om det funka like bra no. Eg er likevel skeptisk. Eg treng å kome gjennom pensum ein gang til. Burde og få tid til å skrive nokre eksamesoppgåver. Er redd eg ikkje kjem gjennom alt i denne farta.
13.47: Begynner å bli seriøst useriøs. Lurer på kva for land som har dei minste formkrava for tesatamenter. Dit kan ein nemlig reise, opprette testamente og det vil vere gyldig i Noreg. Så veit du det. Uvesentlig informasjon. Håplaust.
13.50: Sjekker fjesboka igjen. Innser at eg er tragisk. Kanskje fjesbokfaste hadde vore ein ide?? Begynner å skrive denne bloggen
14.08: har klart å sose vekk ca 20 min på å informere deg om kor lite effektiv lesinga mi er, og kor ofte eg klarer å havne innpå fjesboka. Innser at eg egenlig ikkje burde poste dette inlegget. Set ikkje akkurat meg sjølv i eit veldig bra lys. Poster det likevel. Om ikkje anna kan det kanskje gi deg litt bedre samvittighet der du sit med din eksamenslesing. Du har i alle fall bedre konsentrasjon og effektiveitet enn Liv Grete, kan du seie til deg sjølv. Om du ikkje allereie har fått ferie då. Då er du berre teit...
28.5.09
27.5.09
24.5.09
Eksamensangst?
Medan alle andre har gått rundt i lange tider med eksamensangst langt opp over øyrene har eg tatt livet med ro og nytt tanken på at det var leeeeenge til min eksamen. I går gjekk det plutselig opp for meg. No er det ikkje lenge til eksamen. Eksamen er faktisk nesten rett rundt neste sving. Nei, no blir det skjerpings.
Tenkte eigentlig eg skulle begynne den seriøse, eksamensretta lesinga i dag. Skulle stå opp tidlig og grave meg ned i bøkene nokre effektive timar. Berre synd ein eller annan sleiping har klart å kome seg inn til meg og skru av alle vekkerklokkene mine utan at eg vakna...
Tenkte eigentlig eg skulle begynne den seriøse, eksamensretta lesinga i dag. Skulle stå opp tidlig og grave meg ned i bøkene nokre effektive timar. Berre synd ein eller annan sleiping har klart å kome seg inn til meg og skru av alle vekkerklokkene mine utan at eg vakna...
23.5.09
På tide å legge seg?
Eg er trøtt. Når eg er trøtt og sit på dataen gjer eg alt anna enn å slå den av og gå og legge meg. Eg veit ikkje kvifor, det berre er sånn. Gang på gang gjentek det seg. Plutselig sit eg og les bloggen til eit menneske eg aldri har møtt medan eg tenker "kvifor sit eg her, kvifor ligg eg ikkje i senga mi no?". Trass denne tanken hamnar eg i denne situajonen litt for ofte. Det er i grunnen rart det. Kvifor er det slik at det blir vanskeligare å vanskeligare å legge seg jo seinare det blir? Livet er underlig. Fullt av ulogiske tankar og handlingar. Kvifor er det til dømes slik at når eg er så trøtt at eg holder på å sovne framfor skjermen finn eg det heilt nødvendig å lese ein eller anna fjortisjente sin reklamefinansierte utgreiing om kva som er "sååååååå inn" for tida? Nei, livet er ulogisk. Eventuellt er det eg som er ulogisk. Det skal du ikkje sjå bort i frå.
No nett sat eg og las bloggen til ei eller anna framnesjente. Ho var russ no i år. Det betyr at ho begynte der etter at eg var ferdig. eg har med andre ord ingen aning kven denne jenta er. Likevel las eg bloggen hennar. Det er ikkje første gang eg har forvilla meg inn der, neppe den siste heller. Grunnen til at eg skriv dette innlegget er eit innlegg ho hadde, eit innlegg om det fantastiske kjøkkenpersonalet på Framnes som serverer ein kopp kakao til alle på kvar einaste tentamen og eksamen. Eg hadde nesten gløymd dette. Måtte smile litt for meg sjølv medan minna strøyma på. Kjøkkendamene som lista seg rundt i klasserommet, ei som satte ut kopper, ei som kom etter med kakaoen og skjenka. Den herlige lukta som spreidde seg i rommet. synet av dei som gøymde koppen under pulten så dei kunne lure til seg ein ekstra kop med dei varme dropene. Den totale ukonsentrajonen og dei mange blikka på klokka om kakaoen ikkje kom akkurat då den brukte å kome osv.
Det er jammen meg ikkje alle som er så heldige at dei får servert kakao på tentamner og eksamner. Ein genial tradisjon dei har på Framnes. Syns dei burde innføre ein slik tradisjon på universitetet i Bergen og... Hehe.. det hadde vore noko!
No nett sat eg og las bloggen til ei eller anna framnesjente. Ho var russ no i år. Det betyr at ho begynte der etter at eg var ferdig. eg har med andre ord ingen aning kven denne jenta er. Likevel las eg bloggen hennar. Det er ikkje første gang eg har forvilla meg inn der, neppe den siste heller. Grunnen til at eg skriv dette innlegget er eit innlegg ho hadde, eit innlegg om det fantastiske kjøkkenpersonalet på Framnes som serverer ein kopp kakao til alle på kvar einaste tentamen og eksamen. Eg hadde nesten gløymd dette. Måtte smile litt for meg sjølv medan minna strøyma på. Kjøkkendamene som lista seg rundt i klasserommet, ei som satte ut kopper, ei som kom etter med kakaoen og skjenka. Den herlige lukta som spreidde seg i rommet. synet av dei som gøymde koppen under pulten så dei kunne lure til seg ein ekstra kop med dei varme dropene. Den totale ukonsentrajonen og dei mange blikka på klokka om kakaoen ikkje kom akkurat då den brukte å kome osv.
Det er jammen meg ikkje alle som er så heldige at dei får servert kakao på tentamner og eksamner. Ein genial tradisjon dei har på Framnes. Syns dei burde innføre ein slik tradisjon på universitetet i Bergen og... Hehe.. det hadde vore noko!
19.5.09
Verdas viktigaste person
Beklaga at det tok så lang tid Sandra, men her er det endelig, eit innlegg til ære for deg!
Sandra, eller Saaaaandrrrrrraa som me lika å seie, er jenta eg har delt mange både gode og dårlige stunder med. Frå den første samtalen på trappa utanfor gymsalen, til den siste dagen saman på Høgtun fhs var vegen lang og kort på same tid. Vi har opplevd mykje saman. Vi har krangla, delt gleder, delt frustrasjoner, vore frustrert og irritert på kvarandre, ledd saman, delt ein kopp kakao eller to, forspist oss på pizzabaguetter og fruktsalat med youghurt osv. osv. Sandra er rett og slett ei veninne eg har utrulig mange minner med.
Sandra er jenta med den fantastiske stemmen og dei fine songane. Sandra er jenta som elsker skjeve med banan til frukost (om ho et frukost i det heile). Sandra er jenta som gjekk på topptur for å vaske klede. Sandra er jenta som syns jentefilmer er dei beste og som ikkje er redd for å seie det og stå for det. Sandra er jenta som er sta nok til å gå på toppen av Reinsfjellet for å motbevise ein sleivete kommentar frå meg. Sandra er jenta som kunne levd eit liv på Grandiosa og som syns mammas kjøttkaker er ti ganger betre enn eit gourmetmåltid på ein finare restaurant.
Sandra er jenta med sjarm og glimt i auga. Sandra er jenta det er umulig å ikkje bli glad i. Sandra er jenta eg er evig takknemlig for at eg fremdeles kan kalle ein venn. Sandra, du er fantastisk! Eg er så utrulig glad for at me gjekk ut av Høgtun som venner. Som du skreiv, me kom gjennom det sterkare begge to;)
Du e go Sandra, og eg e utrulig glad i deg!
I leitinga mi etter eit skapelig bilde av Sandra (det er ikkje lett å finne skal eg sei deg. Grimasebilder derimot, det har eg nok av...) fann eg to bilder som henta fram mange gode minner frå fjoråret. Den herlige stippegjengen vår! Kjenner eg saknar stippemøtane på stippestova litt. Kos og fjas og innimellom litt seriøst. Ein herlig gjeng, det er sikkert og visst.
I dag gjorde eg det igjen. Kom på det halvvegs borti Nøstegata. Litt over halve rundstykket var borte (ja, eg et frukost på veg til skulen. Kva gjer ein ikkje for ti min ekstra i senga?) og eg fekk lyst på ein slurk kaffi. Det var då eg innsåg det. Koppen var ikkje i handa mi, koppen stod att, einsam og forlatt, på kjøkkenbenken. Rådvill snudde eg meg rundt, såg med lengsel mot kjøkkenbenken der oppe. Såg på klokka, snudde meg att og fortsatte mot skulen. Det var ikkje tid. Kunne ikkje kome for seint pga ein kopp kaffi, det ville vore for dumt. Nokre usikre skritt mot Dragefjellet seinare hadde eg ombestemt meg igjen. Kva gjorde det vel om eg kom for seint? Kaffien var viktigare. Eg kjente på meg at dagen kom til å bli dårlig utan dei svarte dropene. Måtte ha dei, berre måtte ha dei.
Eg gjekk fort til skulen i dag.
Eg gjekk fort til skulen i dag.
18.5.09
Lær meg å kjenne dine veier
Lær meg å kjenne dine veie
og gå dem trøstig skritt for skritt!
Jeg vet at hva jeg fikk i eie,
er borget gods, og alt er ditt.
Men vil din sterke hånd meg lede,
jeg aldri feil på målet ser,
og for hvert håp som dør her nede,
får jeg et håp i himlen mer.
Lær meg å kjenne dine tanker
og øves i å tenke dem!
Og når i angst mitt hjerte banker,
da må du kalle motet frem.
Når jeg har tenkt meg trett til døden,
så si hva du har tenkt, o Gud!
Da kan jeg se at morgenrøden
bak tvil og vånde veller ut.
Men lær meg fremfor alt å kjenne
din grenseløse kjærlighet,
den som kan tusen stjerner tenne
når lykkens sol for meg går ned.
Den tørrer tåren som den skapte
og leger såret som den slo.
Dens vei går gjennom det vi tapte,
den gir oss mere enn den tok.
Jacob Paulli
og gå dem trøstig skritt for skritt!
Jeg vet at hva jeg fikk i eie,
er borget gods, og alt er ditt.
Men vil din sterke hånd meg lede,
jeg aldri feil på målet ser,
og for hvert håp som dør her nede,
får jeg et håp i himlen mer.
Lær meg å kjenne dine tanker
og øves i å tenke dem!
Og når i angst mitt hjerte banker,
da må du kalle motet frem.
Når jeg har tenkt meg trett til døden,
så si hva du har tenkt, o Gud!
Da kan jeg se at morgenrøden
bak tvil og vånde veller ut.
Men lær meg fremfor alt å kjenne
din grenseløse kjærlighet,
den som kan tusen stjerner tenne
når lykkens sol for meg går ned.
Den tørrer tåren som den skapte
og leger såret som den slo.
Dens vei går gjennom det vi tapte,
den gir oss mere enn den tok.
Jacob Paulli
14.5.09
Til opplysning
Om du gløymer kaffikoppen din på kjøkkenbenken før du går til skulen, er den kald når du kjem heim 6 timar seinare.
At du har termokopp hjelper ikkje...
At du har termokopp hjelper ikkje...
11.5.09
9.5.09
Burde, skulle, kunne
No er det lenge sidan eg har blogga. Eg burde skreve ein teks eller to om kor fantastisk livet er, evt kor lite fantastisk det er. Eg burde fortalt dykk om kva som har skjedd i livet mitt i det siste. Burde skreve ein blogg om dugnadshelga på lagshytta, ein om kafebesøk med mi herlige Marta, ein om filmkvelden med Karoline og Bjørnar og den påfølgande paranoide turen heim (Møhlenpris - Nøstet, seint, mørkt, vind, lydar, aleine...).
Eg burde oppdatert dykk på livet på Dragefjellet. Fortalt om dei artige forelesarane og dei tragiske oppgåvane (alle skal enten skillast eller er dei døde). Eg burde blogga ut min irritasjon over folk som legg att mobilen på lesesalen utan å ha den på lydløs. I samme blogg kunne eg delt mine observasjoner og fasinasjoner frå lesesalen.
Til sist skulle eg blogga om heimeeksamen. I går fekk me nemleg oppgåva utdelt. Det er vel kanskje derfor eg sit her og skriv om alt eg burde, skulle og kunne blogga om...
Eg burde oppdatert dykk på livet på Dragefjellet. Fortalt om dei artige forelesarane og dei tragiske oppgåvane (alle skal enten skillast eller er dei døde). Eg burde blogga ut min irritasjon over folk som legg att mobilen på lesesalen utan å ha den på lydløs. I samme blogg kunne eg delt mine observasjoner og fasinasjoner frå lesesalen.
Til sist skulle eg blogga om heimeeksamen. I går fekk me nemleg oppgåva utdelt. Det er vel kanskje derfor eg sit her og skriv om alt eg burde, skulle og kunne blogga om...
Abonner på:
Innlegg (Atom)

