Eg er trøtt. Når eg er trøtt og sit på dataen gjer eg alt anna enn å slå den av og gå og legge meg. Eg veit ikkje kvifor, det berre er sånn. Gang på gang gjentek det seg. Plutselig sit eg og les bloggen til eit menneske eg aldri har møtt medan eg tenker "kvifor sit eg her, kvifor ligg eg ikkje i senga mi no?". Trass denne tanken hamnar eg i denne situajonen litt for ofte. Det er i grunnen rart det. Kvifor er det slik at det blir vanskeligare å vanskeligare å legge seg jo seinare det blir? Livet er underlig. Fullt av ulogiske tankar og handlingar. Kvifor er det til dømes slik at når eg er så trøtt at eg holder på å sovne framfor skjermen finn eg det heilt nødvendig å lese ein eller anna fjortisjente sin reklamefinansierte utgreiing om kva som er "sååååååå inn" for tida? Nei, livet er ulogisk. Eventuellt er det eg som er ulogisk. Det skal du ikkje sjå bort i frå.
No nett sat eg og las bloggen til ei eller anna framnesjente. Ho var russ no i år. Det betyr at ho begynte der etter at eg var ferdig. eg har med andre ord ingen aning kven denne jenta er. Likevel las eg bloggen hennar. Det er ikkje første gang eg har forvilla meg inn der, neppe den siste heller. Grunnen til at eg skriv dette innlegget er eit innlegg ho hadde, eit innlegg om det fantastiske kjøkkenpersonalet på Framnes som serverer ein kopp kakao til alle på kvar einaste tentamen og eksamen. Eg hadde nesten gløymd dette. Måtte smile litt for meg sjølv medan minna strøyma på. Kjøkkendamene som lista seg rundt i klasserommet, ei som satte ut kopper, ei som kom etter med kakaoen og skjenka. Den herlige lukta som spreidde seg i rommet. synet av dei som gøymde koppen under pulten så dei kunne lure til seg ein ekstra kop med dei varme dropene. Den totale ukonsentrajonen og dei mange blikka på klokka om kakaoen ikkje kom akkurat då den brukte å kome osv.
Det er jammen meg ikkje alle som er så heldige at dei får servert kakao på tentamner og eksamner. Ein genial tradisjon dei har på Framnes. Syns dei burde innføre ein slik tradisjon på universitetet i Bergen og... Hehe.. det hadde vore noko!
1 kommentar:
kakao på tentamener høres så prinst ut! åååå, i wish
Legg inn en kommentar