naturretten oppstod allereie i antikken med aristoteles som hadde litt for mykje tid og tenkte litt for mykje. Ein digresjon her er at det var mange andre på den tida som og hadde for mykje tid og tenkte for mykje. Blant anna platon som brukte mykje tid på å tenke på mennesker som sat i ei hule og var redde for skuggene på huleveggen
pytagoras var ein annan mann, han brukte tida til å tenkt litt meir fornuftig og fann ut koss ein kunne finne arealet på kvadrat ein laga ut frå sidene på ein trekant . Kvifor ein skulle lage desse kvadrata rundt trekanten har eg for min del aldri forstått, men når ein har tida for seg og uendelig med sandstrand å teikne i så er det vel slikt som skjer.
Etter at pytagoras døde true eg han har hatt mykje morro med å sjå ned på dei dumme menneska som prøvde å videreutvikle læresetninga hans til og å gjelde kubiske kvadrat. det går nemlig ikkje, men å bevise kvifor dette ikkje går er noko folk har sysla med i heile historien. Fermat var ein mann som påsto han hadde klart det, men eigentleg var han berre for dum til å forstå at han ikkje hadde fått det til, difor brukte mange,mange andre dumme menn, eller eigentleg ikkje dumme, berre einspora, menn i historien all si tid på å prøve å beviste dette. Eit skikkelig tullete prosjekt og lite nyttig måte å bruke livet sitt på vil eg påstå, men eg har kanskje ikkje so mykje eg skulle sagt her eg sit og liksom skal skrive om sentrale trekk ved naturretten...