1.6.11

Facebook

Eg har ikkje barn som veks, skrik eller ler, eg har ingen fantastisk kjærast, eg har ikkje eksamen, eg er ikkje ferdigutdanna, eg har ikkje fått ferie, eg har ikkje hest, eg er ikkje lidenskapleg opptatt av fotball, eg teller ikkje ned til bryllaup, eg er ikkje blitt forlova, eg leiter ikkje etter leilegheit, eg er ikkje gravid, eg teller ikkje ned til eg får sjå ein spesiell person att, eg saknar ingen så mykje at eg held på å sprekke om eg held det inne, eg har ikkje vore på toppen av eit fjell i dag, eg har ikkje vore på spinning eller joggetur, eg har ikkje begynt eit nytt og betre liv, eg har ikkje vore mange timar på lesesalen, eg er ikkje sjuk, eg føler ikkje behov for å sei <3 <3 <3 til verken den eine eller den andre.

Livet mitt inneheld ingen statusoppdateringar. Eg har visst ikkje eit liv…

Eller vent, er det kanskje alle dei andre som ikkje har eit liv?

4 kommentarer:

frunnes sa...

likar deg

Renate sa...

hehehe sabla godt poeng! bra blogginnlegg. gleder meg til vi sees. eg kommer til bergen 25.juni :D (btw, eg har deaktivert fb ;))

Anne Severine sa...

Hehehehe, utruleg bra skrive Liv Grete! Og ta det med ro, alt tyder på at du har eit fantastisk liv som slepp å oppdatere statusen med meir eller (oftast) mindre interessante opplysningar ;) Eg for min del har ingen born som får tenner, har teke sitt første steg eller har blitt ein halv cm lengre, faktisk har eg ingen born å skrive om, og når eg sitt på facebook så kjenner eg at jammen er det godt å vere i 20-åra og singel:)

Anonym sa...

alle desse dagane som kjem og går, det er dei som er livet.