25.3.10

På grensa til impulsiv

Nokre gonger skjer det. Ikkje så ofte kanskje. Oftast tar det kanskje litt meir tid. Å bestemme seg er nemleg ikkje så lett. Det må heile tida gjerast konkrete heilskaplege vurderingar, moment skal vegast, slutningar dragast. Vegen til ein konklusjon er neimen ikkje alltid berre lett.

Nokre gonger skjer det likevel. Ein tanke dett ned i hovudet. Tanken leiar til søking på nettet. Søkinga leiar til eit resultat. Resultatet viser seg å vere tilgjengeleg i den næraste elektriske butikken. Fornufta seier nei. Viljen seier ja. Og slik går det.

Plutselig var eg 2499kr fattigare...

19.3.10

Er du glad i regn?
Eg er. I dag kjende eg litt ekstra på kor glad eg er i desse dropane som fell ned frå himmelen. Det er nemleg lenge sida det har kome serleg mange av dei. Det har vore ein usedvanleg lang og tørr vinter for ei stakkars vestlandsjente. Rett nok er vestlandsjenta glad i snø. Snø er både fint, kjekt og vakkert det. Sjølv om eg til tider har klaga over den lange vinteren og all snøen vi har hatt i år, så har eg eigentleg sett pris på den. Likevel fekk eg ei god kjensle når eg kjente dropane treffe ansiktet mitt, hørte lyden av vatn som rann i takrennene og såg gjenskinet av veglysa i den våte asfalten i kveld.

Kall meg gjerne rar. Kanskje er eg det, kanskje ikkje. Glad i regn er eg uansett.

Til ein viss grad i alle fall ;)

17.3.10

Du veit det er eksamen snart når...

du ikkje står opp før klokka nærmar seg 12 fordi du har eit håp om at alt du bør, må og skal gjere forsvinn av seg sjølv dersom du berre fortrenger det lenge nok.

du ser det som heilt naudsynt å bruke mykje tid på internett for å finne ut kva ski du skal kjøpe.

du plutselig berre MÅ ta stilling til kva køyreskule du skal bruke, og korti du skal ta trafikalt grunnkurs, ta køyretimer og planlegge korti du skal ha sertifikatet i lommeboka.

du får det for deg at filmen som har venta på å bli bytta i over ein månad må bli bytta innan 48 timar.

du et sjokolade og anna usunn mat til det tyt ut øyrene dine med godt samvit.

du tviler på at verda vil stå til over påske om du ikkje baker noko godt snarast.

du kan BT.no og dagbladet.no utenat.

du har full kontroll på kva alle venane dine har gjort på fjesboka det siste døgnet.

du skriv eit langt blogginnlegg som avslører for alle lesarane dine kor ufatteleg ineffektiv du er i eksamenslesinga di...

8.3.10

Nowhere Man

He's a real nowhere man,
Sitting in his Nowhere Land,
Making all his nowhere plans
for nobody.

Doesn't have a point of view,
Knows not where he's going to,
Isn't he a bit like you and me?

Nowhere Man please listen,
You don't know what you're missing,
Nowhere Man,the world is at your command!

He's as blind as he can be,
Just sees what he wants to see,
Nowhere Man can you see me at all?

Nowhere Man, don't worry,
Take your time, don't hurry,
Leave it all till somebody else
lends you a hand!

Doesn't have a point of view,
Knows not where he's going to,
Isn't he a bit like you and me?

Nowhere Man please listen,
you don't know what you're missing
Nowhere Man, the world is at your command!

He's a real Nowhere Man,
Sitting in his Nowhere Land,
Making all his nowhere plans
for nobody.
Making all his nowhere plans
for nobody.
Making all his nowhere plans
for nobody!