25.3.10

På grensa til impulsiv

Nokre gonger skjer det. Ikkje så ofte kanskje. Oftast tar det kanskje litt meir tid. Å bestemme seg er nemleg ikkje så lett. Det må heile tida gjerast konkrete heilskaplege vurderingar, moment skal vegast, slutningar dragast. Vegen til ein konklusjon er neimen ikkje alltid berre lett.

Nokre gonger skjer det likevel. Ein tanke dett ned i hovudet. Tanken leiar til søking på nettet. Søkinga leiar til eit resultat. Resultatet viser seg å vere tilgjengeleg i den næraste elektriske butikken. Fornufta seier nei. Viljen seier ja. Og slik går det.

Plutselig var eg 2499kr fattigare...

4 kommentarer:

Anonym sa...

Har du kjøpt markaski på elektrisk butikk ;-)

renate sa...

ka har du kjøpt??

Ragnhild sa...

Velkommen i den kule klubben, - viss det går som med meg&min, så får dåkke det jysla kjekt i lag;)

frunnes sa...

wiii grattis! å impulskjøp e absolutt best. (å det eineste ej får til)