3.12.10
Det er rart korleis så mykje blir veldig viktig å få gjort så snart ein set seg ned og skal lese til eksamen. I dag har eg til dømes fjerna støv frå tastaturet mitt. Ein skikkelig hastesak var det. Eg har dessutan kjøpt den første julepresangen. Julehandelen er jo viktig å kome i gang med må du forstå, mykje viktigare enn eksamen. Berre så synd at gåva som vart kjøpt var til meg sjølv (og blir kalla gåve berre for å rettferdiggjere for meg sjølv at eg brukte så mange pengar no når eg eigentleg absolutt ikkje har råd til det). Uansett, den fjerde mars skal eg på KAIZERS ORCHESTRA! Eg gler meg!!! :D
3.11.10
29.10.10
Haust
Ute slår regnet mot ruta. Det bles og er skikkelig surt. Eg sitt inne under eit ullteppe med tente stearinlys på bordet.
Haust kan i grunnen vere ganske så fint det...
Haust kan i grunnen vere ganske så fint det...
20.10.10
panikk, panikk, panikk, panikk, ooouuups, panikk, ooouuups, panikk, panikk, panikk, panikk...
Plutselig var det eksamen i måro. Eg er mildt sagt ikkje klar. Eg håper sterkt på at underbevisstheten min e meir klar enn eg e, for om ikkje blir det fort litt meir kontraktsrettlesing te hausten :P
Jaja, ekje så mykje meir å gjere med det no. Det får gå som det går, og så får eg heller love meg sjølv eit nytt og betre liv under pengekravsrett så eg ikkje blir sittande på same måte som dette 9.desember... Tida vil vise om eg lukkast med det.
Om ikkje anna har i alle fall dei siste månadene lært meg at eg ikkje skal satse på ein karriere innanfor kontraktsrett. Det er jo greitt å vite...

10.10.10
20.9.10
Nokre dagar berre er slik. Slik at du skulle ynskje du kunne flykte frå livet. Setje deg på eit fly til ein stad langt borte der det ikkje var nokon som forventa noko av deg. Ein stad der du kunne gjere nett det som passa deg, nett når det passa deg. Ingen vekkarklokke som vekka deg, ikkje noko dårleg samvit når du vakna ein og ein halv time seinare og oppdaga at du hadde skrudd av klokka og snudd deg rundt. Ikkje noko heimeeksamen som låg og venta på at du skulle greie å konsentrere deg lengre enn i intervall på to minutt. Ingen køyretime som stod klar for å bryte ned sjølvtilliten din enda litt meir..
Nokre dagar berre er slik, men ein kjem som oftast gjennom dei og...
Nokre dagar berre er slik, men ein kjem som oftast gjennom dei og...
19.9.10
Kveldstur rundt Nordnes
Frisk haustluft, mørke, Lifehouse på øyra, bølgeskvulp, lysa frå byen, ein telefon til herlige Vibeke, kalde kinn, vottar, stjerneklart, måneskinn, stilla.
Kjøretime
Clutch, gass, gir, gass, gir, brems, gir, sving, gass, gir, blink, brems, clutch, gir, sving, gass, gir, gass, gir, hold sida, blink, brems, brems, BREMS... Og kjør...
Jada...
Kanskje automatgir hadde vore tingen?
Jada...
Kanskje automatgir hadde vore tingen?
15.9.10
Blogglysta har vore borte lenge no. Kan ikkje seie at den eigentleg er tilbake enda heller, men ettersom eg er trøtt no men ikkje greier gå å legge meg vart det til at eg hamna her i staden.
Det er rart korleis ein kan vere så glad i å sove men så lite glad i å legge seg som eg er. Eg forstår ikkje min eigen logikk. No er eg rett nok ikkje det mest logiske vesen, men litt logisk sans har eg da likevel. Trudde eg. Eller kanskje ikkje. Ikkje godt å vite. Det eg veit er at eg er trøtt no. Om ikkje ville eg ikkje skrive eit slikt meiningslaust og innhaldslaust innlegg som dette.
Tjohei og takk for seg!

2.9.10
7.6.10
Frå førelesningsnotata mine
- Trallalallalala.... han prate og prate men ka seie han egentlig?
- Eg er sulten...
23.5.10
I dag skulle eg rydde tenkte eg. Det har eg forsåvidt gjort og, det bare ser ikkje slik ut. Av ein eller anna merksnodig grunn har eg ein tendens til å begynne med skapet når eg skal rydde. Det er nett som at det å vite at det er ryddig i skapet gir meg litt ro i sjela på ein måte. Bere så synd at rommet ser like rotete ut sjølv om skapet er ryddig.
Om eg skal vere heilt ærleg med dykk så ser faktisk rommet mitt mykje verre ut no enn før eg begynte å rydde. No ligg det nemleg store haugar av sorterte klede over heile golvet, på diverse stolar og over heile senga. Eg ante ikkje at eg hadde så mykje klede. Eg bruker vel berre omlag ein tredjedel av dei og. Mykje av det eg ikkje brukar er så slitt at det eigentleg ikkje er brukande. Eg berre greier ikkje kvitte meg med det. Kvar bukse, kvar genser, kvar t-skjorte ber liksom med seg så mange minner. Som til dømes treningsbuksa som vart kjøpt før ein påske ein gang på ungdomsskulen (eller var det faktisk barneskulen??). Eg vil påstå at det er verdens mest behagelige bukse. Eg brukte den så mykje at då eg byrja på Framnes pakka eg den ikkje med meg fordi den var så slitt. Det gjekk likevel ikkje mange veker før den var med meg på bussen til Norheimsund. På same måte kom den på underlig vis med til Høgtun. Med øydelagd glidelås, fillete kantar og tynnslitt både her og der var den framleis den mest behagelige buksa eg eigde.
Etter at eg kom til Bergen har eg ikkje brukt ho så mykje. Fleire gonger når eg har rydda slik som i dag har eg vurdert om eg skulle kaste ho. Eg har likevel ikkje greid det, ikkje hatt hjerte til det. Ikkje før i dag. No ligg ho i alle fall i ein pose saman med ein utvaska og slitt genser frå Skogsvåg idrettslag som eg fekk på barneskulen ein gong. Så gjenstår det å sjå om posen kjem seg ut i søppelet eller om den på underlig vis hamner inn i skapet att...
(ja, eg er og blir ein samlar, eg veit det...)

20.5.10
Å studere juss er fantastisk. Det er kjekt, spennende, interessant, morsomt, nyttig, rett og slett bare utrulig bra. Innimellom lure eg likevel litt kva eg drive med. Når eg for eksempel sit inne på ein klam lesesal og skal skrive arbeidsgruppeoppgave medan sola skin ute, når alle andre straks har sommerferie medan eg har fire veker (hjelp! bare fire veker??) att. Eller når eg prøver å lese fusadommen men ender opp med å lese same avsnitt fjorten ganger utan å få med meg kva som eigentlig står der, heilt til eg blir så oppgitt at eg må blogge om kor kjekt det er å studere juss bare for å minne meg sjøl på det...
Gleder meg til lunsj eg...
"Etter sosialomsorgsloven § 3 nr. 1 skal det ytes sosialhjelp til den som ikke er i stand til å sørge for sitt livsopphold eller dra omsorg for seg selv. Lovteksten bruker ikke ordet "rett" for den hjelpetrengende. Lovforarbeidene inneholder lite som belyser rettighetsspørsmålet. I utvalgsinnstillingen av 1953 til lov om sosialhjelp brukes ordet "rett" i lovutkastet, men ifølge merknadene er det ikke tale om "et sivilt rettskrav som kan gjennomføres ved domstolenes hjelp", se innstillingens side 46. At det ikke skulle være en rettighet i denne betydning, støttes også av departementets vurderinger av spørsmålet om adgangen til administrativ klage over sosialstyrets vedtak om sosialhjelp, se Ot.prp. nr. 56 for 1962-63 side 52. Her forutsettes at sosialhjelpen i motsetning til trygdehjelpen bygger på en individuell, skjønnsmessig vurdering både når det gjelder vilkårene for hjelp og hjelpens art og omfang. En klage skulle bare kunne skje på det grunnlag at vedtaket var i strid med lov eller forskrifter eller var åpenbart urimelig."

7.5.10
Alt er relativt!
"For at behandlingskriteriet skal kunne anvendes i slike tilfeller må det etter min mening være spørsmål om å hindre en vesentlig forverring av pasientens tilstand som med relativ stor sannsynlighet vil inntre i løpet av rimelig nær fremtid."
15.4.10
2.4.10
hmm..
Eg har bestemt at det er på tide at sommaren kjem. I alle fall våren. Difor har eg henta fram sjøstjerner og skjel til bloggen. Kanskje det kan skremme himmelen frå å sende meir snø over meg!?
25.3.10
På grensa til impulsiv
Nokre gonger skjer det. Ikkje så ofte kanskje. Oftast tar det kanskje litt meir tid. Å bestemme seg er nemleg ikkje så lett. Det må heile tida gjerast konkrete heilskaplege vurderingar, moment skal vegast, slutningar dragast. Vegen til ein konklusjon er neimen ikkje alltid berre lett.
Nokre gonger skjer det likevel. Ein tanke dett ned i hovudet. Tanken leiar til søking på nettet. Søkinga leiar til eit resultat. Resultatet viser seg å vere tilgjengeleg i den næraste elektriske butikken. Fornufta seier nei. Viljen seier ja. Og slik går det.
Plutselig var eg 2499kr fattigare...

19.3.10
Er du glad i regn?
Eg er. I dag kjende eg litt ekstra på kor glad eg er i desse dropane som fell ned frå himmelen. Det er nemleg lenge sida det har kome serleg mange av dei. Det har vore ein usedvanleg lang og tørr vinter for ei stakkars vestlandsjente. Rett nok er vestlandsjenta glad i snø. Snø er både fint, kjekt og vakkert det. Sjølv om eg til tider har klaga over den lange vinteren og all snøen vi har hatt i år, så har eg eigentleg sett pris på den. Likevel fekk eg ei god kjensle når eg kjente dropane treffe ansiktet mitt, hørte lyden av vatn som rann i takrennene og såg gjenskinet av veglysa i den våte asfalten i kveld.
Kall meg gjerne rar. Kanskje er eg det, kanskje ikkje. Glad i regn er eg uansett.
Til ein viss grad i alle fall ;)

17.3.10
Du veit det er eksamen snart når...
du ikkje står opp før klokka nærmar seg 12 fordi du har eit håp om at alt du bør, må og skal gjere forsvinn av seg sjølv dersom du berre fortrenger det lenge nok.
du ser det som heilt naudsynt å bruke mykje tid på internett for å finne ut kva ski du skal kjøpe.
du plutselig berre MÅ ta stilling til kva køyreskule du skal bruke, og korti du skal ta trafikalt grunnkurs, ta køyretimer og planlegge korti du skal ha sertifikatet i lommeboka.
du får det for deg at filmen som har venta på å bli bytta i over ein månad må bli bytta innan 48 timar.
du et sjokolade og anna usunn mat til det tyt ut øyrene dine med godt samvit.
du tviler på at verda vil stå til over påske om du ikkje baker noko godt snarast.
du kan BT.no og dagbladet.no utenat.
du har full kontroll på kva alle venane dine har gjort på fjesboka det siste døgnet.
du skriv eit langt blogginnlegg som avslører for alle lesarane dine kor ufatteleg ineffektiv du er i eksamenslesinga di...

8.3.10
Nowhere Man
He's a real nowhere man,
Sitting in his Nowhere Land,
Making all his nowhere plans
for nobody.
Doesn't have a point of view,
Knows not where he's going to,
Isn't he a bit like you and me?
Nowhere Man please listen,
You don't know what you're missing,
Nowhere Man,the world is at your command!
He's as blind as he can be,
Just sees what he wants to see,
Nowhere Man can you see me at all?
Nowhere Man, don't worry,
Take your time, don't hurry,
Leave it all till somebody else
lends you a hand!
Doesn't have a point of view,
Knows not where he's going to,
Isn't he a bit like you and me?
Nowhere Man please listen,
you don't know what you're missing
Nowhere Man, the world is at your command!
He's a real Nowhere Man,
Sitting in his Nowhere Land,
Making all his nowhere plans
for nobody.
Making all his nowhere plans
for nobody.
Making all his nowhere plans
for nobody!

23.2.10
22.2.10
Kjære Gud 2
Du har overbevist meg. Eg trekk tilbake det eg ba deg om tidligare. Ikkje ta snøen vekk enda. La den fortsetje å dale ned kvit og lett, leggje seg som eit mjukt teppe over Bergen. La snøen lage godlydar for kvart skritt eg tar. La snøfnugga danse muntert på veg mot bakken. La dei leggje seg mjukt over kåpa mi, la dei smelte i håret mitt, danne dropar som skin som diamantar.
Og du Gud, det hadde vore grådig kjekt om du kunne tatt ein samtale meg det juridiske fakultet og fått dei til å utsetje eksamen ei veke så eg faktisk fekk tid til å ta meg ein tur ut i den nydelige snøen din og...

Kjære Gud!
Eg trur det er på tide med ei lita oppklaring. Du veit alle dei bønnene eg sendte opp som lita jente (og litt større) kvar einaste vinter. Stemmer, dei om du kunne vere så snill å la det snø og la det vere kaldt heile vintaren så snøen vart liggand ja. Dei gjeld ikkje lenger. Berre slik at du er på det reine med det. Eg set sjølvsagt pris på at du endeleg svarar på desse årelange bønnene. Bønnesvar er jo alltid kjekt. Men det er noko med det at eg no bur i ein kald leilegheit som krevjer ein del straum for å vere leveleg og at eg betaler denne straumen sjølv. Vidare er det noko med at det ikkje er lik kjekt å vasse i snø til skulen kvar dag som det var å ake etter skuletid i barndommen. Å gå på trynet på dei glatte fortaua er heller ikkje like morosamt som det ein gang var å leike felleleiken på skuleplassen...
Misforstå meg rett. Det er kjekt med snø og det er kjekt med vinter. Men det begynner å bli nok no. Det held. Du kan godt sende våren til Bergen. Det hadde ikkje vore feil liksom...
Misforstå meg rett. Det er kjekt med snø og det er kjekt med vinter. Men det begynner å bli nok no. Det held. Du kan godt sende våren til Bergen. Det hadde ikkje vore feil liksom...
19.2.10
Vil du vere med å klatre?
Då har eg kjøpt meg klatresko og sele, eg har vore ei helg på klatrekurs, og i går fekk eg endelig brattkortet. Eg er beinklar for å klatre. Mykje.
Nokon som vil vere med?
Nokon som vil vere med?
5.2.10
1.2.10
23.1.10
17.1.10
Boller i ovnen
Nokre dagar berre er sånn. Du har ikkje noko val. Allereie frå du slår opp augene veit du det. Det er ein slik dag. Ein slik dag kor du ikkje får gjort noko av det du hadde planar om å gjere. Ein slik dag der hovudet berre er fullt av for mange tankar på ein gong. Ein dag der du angrar på at du bur aleine, for du skulle så gjerne hatt nokon å vere med, men samstundes orkar du ikkje tanken på å løfte ein finger for å få kontakt med ein av alle dei vennane du har berre nokre minutts gange unna.
Det er ein slik dag.
Heldigvis hadde eg ingrediensane til bollar i skapet. Dagen er redda!
Det er ein slik dag.
Heldigvis hadde eg ingrediensane til bollar i skapet. Dagen er redda!
11.1.10
nytt og bedre liv?
Til jul fekk eg "evnen til å stå opp før halv ti". Dette hadde vore ein veldig praktisk evne om eg berre hadde fått den til å fungere. Sissel, som eg fekk evnen av, meiner den vil fungere heilt fint om eg berre følgjer den vedlagte bruksanvisninga nøyaktig. Det kan nok hende at ho har rett i dette, men diverre for meg er ikkje eg den beste på å følgje bruksanvisninger... Planen min om å begynne eit nytt og betre liv i dag fekk dermed ein dårleg start. Men,men, kvifor gjere i dag det ein kan utsetje til i morgon?
7.1.10
Det er kaldt her, rull over..
.. og de rullet seg rundt og en falt ut...
Eg trur eg var den som falt ut. Kaldt er det i alle fall her. På kjøkkenet puster eg frostrøyk og på badet hakker eg tenner. I stova har eg endelig greid å få temperaturen opp i litt over 18 grader(etter at ovnen har stått på fullt i over eit døgn og eg snart har fyrt opp dei to posane med ved eg tok med meg frå Sotra).
Sjølv om det er kaldt her har eg ikkje så mykje å klage over. Eg har husrom, varme klede, omn og pengar til å betale straumrekninga. Det er nok av dei som ikkje har det. I Bergen er det faktisk 669 heimlause.
Dei har grunn til å klage...

Abonner på:
Innlegg (Atom)