Blogglysta har vore borte lenge no. Kan ikkje seie at den eigentleg er tilbake enda heller, men ettersom eg er trøtt no men ikkje greier gå å legge meg vart det til at eg hamna her i staden.
Det er rart korleis ein kan vere så glad i å sove men så lite glad i å legge seg som eg er. Eg forstår ikkje min eigen logikk. No er eg rett nok ikkje det mest logiske vesen, men litt logisk sans har eg da likevel. Trudde eg. Eller kanskje ikkje. Ikkje godt å vite. Det eg veit er at eg er trøtt no. Om ikkje ville eg ikkje skrive eit slikt meiningslaust og innhaldslaust innlegg som dette.
Tjohei og takk for seg!
3 kommentarer:
du e fin
Eg kjenne meg merkelig nok igjen i den:p Da e godt me e enkle å forstå seg på;)
Søvn er oppskrytt. Sove kan vi gjøre når vi dør.
Legg inn en kommentar