30.3.11

17.3.11

Kjære Gud

La meg vakne til sol, blomar, fuglesong og 15 grader i morgon... La dei snøfnugga som dalar frå himmelen nett no vere vinterens siste.

Ver så snill kjære Gud, ver så snill!

14.3.11

In the summertime

På bordet føre meg ligg det tre teoretiske modeller for rettsanvendelsesprosessen. Eg forstår eigentleg ingen av dei, men det gjer i grunnen ikkje så mykje. Utanfor datarommet skin nemlig sola, snøen har trekt seg litt tilbake(enn så lenge), og på øyrene har eg spelelista "in the summertime"(vel optimistisk kanskje, men kos likevel). Eg har hatt ei herlig helg på Lagshytta og føler eg endelig har fått tilbake litt av livsgleda som pengekravsrett, kontraktsrett II og rettsstat og menneskerettar sakte men sikkert tok frå meg..