23.1.10

Hugsar du fjortistida di? Eg har i dag tatt ei reise tilbake til mi. Det var ikkje så vanskeleg som ein skulle tru. Berre å setje på Westlife og "flying whithout wings" det, så er eg tilbake med ein gong.

Det er morosamt korleis ein sang kan bere med seg så mange minner.

17.1.10

Boller i ovnen

Nokre dagar berre er sånn. Du har ikkje noko val. Allereie frå du slår opp augene veit du det. Det er ein slik dag. Ein slik dag kor du ikkje får gjort noko av det du hadde planar om å gjere. Ein slik dag der hovudet berre er fullt av for mange tankar på ein gong. Ein dag der du angrar på at du bur aleine, for du skulle så gjerne hatt nokon å vere med, men samstundes orkar du ikkje tanken på å løfte ein finger for å få kontakt med ein av alle dei vennane du har berre nokre minutts gange unna.

Det er ein slik dag.

Heldigvis hadde eg ingrediensane til bollar i skapet. Dagen er redda!

11.1.10

nytt og bedre liv?

Til jul fekk eg "evnen til å stå opp før halv ti". Dette hadde vore ein veldig praktisk evne om eg berre hadde fått den til å fungere. Sissel, som eg fekk evnen av, meiner den vil fungere heilt fint om eg berre følgjer den vedlagte bruksanvisninga nøyaktig. Det kan nok hende at ho har rett i dette, men diverre for meg er ikkje eg den beste på å følgje bruksanvisninger... Planen min om å begynne eit nytt og betre liv i dag fekk dermed ein dårleg start. Men,men, kvifor gjere i dag det ein kan utsetje til i morgon?

7.1.10

Det er kaldt her, rull over..

.. og de rullet seg rundt og en falt ut...

Eg trur eg var den som falt ut. Kaldt er det i alle fall her. På kjøkkenet puster eg frostrøyk og på badet hakker eg tenner. I stova har eg endelig greid å få temperaturen opp i litt over 18 grader(etter at ovnen har stått på fullt i over eit døgn og eg snart har fyrt opp dei to posane med ved eg tok med meg frå Sotra).


Sjølv om det er kaldt her har eg ikkje så mykje å klage over. Eg har husrom, varme klede, omn og pengar til å betale straumrekninga. Det er nok av dei som ikkje har det. I Bergen er det faktisk 669 heimlause.
Dei har grunn til å klage...