17.1.10

Boller i ovnen

Nokre dagar berre er sånn. Du har ikkje noko val. Allereie frå du slår opp augene veit du det. Det er ein slik dag. Ein slik dag kor du ikkje får gjort noko av det du hadde planar om å gjere. Ein slik dag der hovudet berre er fullt av for mange tankar på ein gong. Ein dag der du angrar på at du bur aleine, for du skulle så gjerne hatt nokon å vere med, men samstundes orkar du ikkje tanken på å løfte ein finger for å få kontakt med ein av alle dei vennane du har berre nokre minutts gange unna.

Det er ein slik dag.

Heldigvis hadde eg ingrediensane til bollar i skapet. Dagen er redda!

4 kommentarer:

Anonym sa...

i love you:)

DU kan å sette ord på, og har (bolle)oppskrift på å fikse en råtten dag.
nå fikk jeg helt fenomenalt lyst på boller:)

Miriam sa...

Eg følar at eg titt og ofte er i den same båten som du skildrar her - eg håpar du har nokre Liv Grete-bollar i frysaren, du kan aldri vite når eg dukkar opp! (les: BERGEN I SOMMAR!)

livilaiv sa...

Bergen i sommar!? JAAAA! det var ein god ide det! Bere pass på at du gir meg beskjed om når du tenker deg hit så vi ikkje får den leie situasjonen at eg reiser til nordvestlandet samstundes som du kjem hit :P

Bollar i frysen skal eg nok også greie å fikse ;)

Sheik Eik sa...

Eg likar frysaren din Liv Grete!