Til jul fekk eg "evnen til å stå opp før halv ti". Dette hadde vore ein veldig praktisk evne om eg berre hadde fått den til å fungere. Sissel, som eg fekk evnen av, meiner den vil fungere heilt fint om eg berre følgjer den vedlagte bruksanvisninga nøyaktig. Det kan nok hende at ho har rett i dette, men diverre for meg er ikkje eg den beste på å følgje bruksanvisninger... Planen min om å begynne eit nytt og betre liv i dag fekk dermed ein dårleg start. Men,men, kvifor gjere i dag det ein kan utsetje til i morgon?
2 kommentarer:
hehe, du seier noko! Vekkerkl. mi ringjer kvar dag kl. 06.45 - men om eg står opp da er ein heilt anna sak;p TAKK for julekort! Det var stas!:D
KLEM!
innebære bruksanvisningen å legga seg tidlig og stå opp med ein gang vekkerklokkå ringe? I tilfelle syns eg det e umenneskelig :)
Legg inn en kommentar