27.11.11

"nå er jeg litt forvirra her, dette smaker jo godt!"

Tysdagsmiddag. Opptak av nytt medlem (hurra for Solveig og Jo Are som er blitt saman!). Vestlendingane på kjøkkenet, fordomsfulle og kritiske østlendingar til bords. Komle, saltkjøt, kålrabi og vossakorv på oldemor sitt middagsservise. Adventsstake med eit tent lys. Stjerne i vindauget. Stemning. Solveig med sitt stjernekompliment "nå er jeg litt forvirra her, dette smaker jo godt!", Lina med "dette var jo godt jo", Anders med "jeg tror jeg henter meg en til jeg". Tre nye tilhengere av vår kjære vestlandsrett. Mission accomplished!

Kaffi, prat, alias og god natt.

Tusen takk for ein herlig kveld! De er fantastiske!

25.11.11

trist, men sant

«Jeg kommer ikke til å gjøre Ingenting lenger.» sa Kristoffer Robin.
«Aldri mer?» sa Brumm
Kristoffer Robin så på Brumm & sa «Vel, ikke så ofte i hvert fall. De lar deg ikke få lov.»

23.11.11

snikstart

Det er eigentleg ikkje heilt lov. Eg bruker å vere streng på det. Men ein kan ikkje alltid vere like prinsippfaste, nokre gongar må ein vere villig til å fire litt på sine eigne krav og reglar. I dag var ein slik dag.

Dessutan er det jo berre nokre dagar til første søndag i advent, og berre ei lita veke til 1. desember. Då verka det liksom så dumt å nekte meg sjølv den lille gleda. Så eg trykka på play eg..

 <3 julemusikk <3

15.11.11

tilbake?

No har bloggen min vore stengd ei stund. Eg har lurt på om eg skulle slette den heilt, men har liksom ikkje heilt fått meg til å gjere det. Stadig tar eg meg sjølv i å tenke "dette må eg blogge om", så no prøver eg igjen.  Eg vil ikkje love at dette blir ein levande blogg att, men eit innlegg i ny og ne vil det vel gjerne kome.. Vi får sjå, vi får sjå..
Du veit at du har det bra når dagens største skuffelse er å oppdage at kaffien du har glømt at du hadde er blitt kald...

14.11.11

16.6.11

Heimeeksamen

naturretten oppstod allereie i antikken med aristoteles som hadde litt for mykje tid og tenkte litt for mykje. Ein digresjon her er at det var mange andre på den tida som og hadde for mykje tid og tenkte for mykje. Blant anna platon som brukte mykje tid på å tenke på mennesker som sat i ei hule og var redde for skuggene på huleveggen

pytagoras var ein annan mann, han brukte tida til å tenkt litt meir fornuftig og fann ut koss ein kunne finne arealet på kvadrat ein laga ut frå sidene på ein trekant   . Kvifor ein skulle lage desse kvadrata rundt trekanten har eg for min del aldri forstått, men når ein har tida for seg og uendelig med sandstrand å teikne i så er det vel slikt som skjer.

Etter at pytagoras døde true eg han har hatt mykje morro med å sjå ned på dei dumme menneska som prøvde å videreutvikle læresetninga hans til og å gjelde kubiske kvadrat. det går nemlig ikkje, men å bevise kvifor dette ikkje går er noko folk har sysla med i heile historien. Fermat var ein mann som påsto han hadde klart det, men eigentleg var han berre for dum til å forstå at han ikkje hadde fått det til, difor brukte mange,mange andre dumme menn, eller eigentleg ikkje dumme, berre einspora, menn i historien all si tid på å prøve å beviste dette. Eit skikkelig tullete prosjekt og lite nyttig måte å bruke livet sitt på vil eg påstå, men eg har kanskje ikkje so mykje eg skulle sagt her eg sit og liksom skal skrive om sentrale trekk ved naturretten...

15.6.11

Om eg held meg for øyrene, lukkar augene og syng "lalalallalalalallalalalallala" så høgt eg kan, forsvinn heimeeksamen då?

vilikkjevilikkjvilikkje

Eg vil ikkje, men eg har ikkje noko val. Klokka har alt begynt å tikke og det er no berre 47 og 53 min att til sommarferie. Eg har ei kjensle av at det er snakk om 48 intense timar eg har føre meg.. er vel best å berre begynne.. Tjohei!

13.6.11

Rundt neste sving

På fredag kl 13.00 blir det ferie. Då reiser eg til Lagshytta på ein liten snarvisitt. Det blir fint. På laurdag reiser eg vidare til Framnes og femårstreff. Det blir rart. På mandag reiser eg og Vibeke til London. Det blir stas.

Eg gler meg. Skulle berre ynskje eg kunne hoppe over den eksamenen som ligg mellom meg og ferien. Diverre har eg ikkje lært meg kunsten å reise i tid enda så enn så lenge får eg berre lengte etter det som ligg rundt neste sving.



1.6.11

Facebook

Eg har ikkje barn som veks, skrik eller ler, eg har ingen fantastisk kjærast, eg har ikkje eksamen, eg er ikkje ferdigutdanna, eg har ikkje fått ferie, eg har ikkje hest, eg er ikkje lidenskapleg opptatt av fotball, eg teller ikkje ned til bryllaup, eg er ikkje blitt forlova, eg leiter ikkje etter leilegheit, eg er ikkje gravid, eg teller ikkje ned til eg får sjå ein spesiell person att, eg saknar ingen så mykje at eg held på å sprekke om eg held det inne, eg har ikkje vore på toppen av eit fjell i dag, eg har ikkje vore på spinning eller joggetur, eg har ikkje begynt eit nytt og betre liv, eg har ikkje vore mange timar på lesesalen, eg er ikkje sjuk, eg føler ikkje behov for å sei <3 <3 <3 til verken den eine eller den andre.

Livet mitt inneheld ingen statusoppdateringar. Eg har visst ikkje eit liv…

Eller vent, er det kanskje alle dei andre som ikkje har eit liv?

2.4.11

det er fint å spise is og kake med slike gode vener. slike vakre pene vener.

30.3.11

17.3.11

Kjære Gud

La meg vakne til sol, blomar, fuglesong og 15 grader i morgon... La dei snøfnugga som dalar frå himmelen nett no vere vinterens siste.

Ver så snill kjære Gud, ver så snill!

14.3.11

In the summertime

På bordet føre meg ligg det tre teoretiske modeller for rettsanvendelsesprosessen. Eg forstår eigentleg ingen av dei, men det gjer i grunnen ikkje så mykje. Utanfor datarommet skin nemlig sola, snøen har trekt seg litt tilbake(enn så lenge), og på øyrene har eg spelelista "in the summertime"(vel optimistisk kanskje, men kos likevel). Eg har hatt ei herlig helg på Lagshytta og føler eg endelig har fått tilbake litt av livsgleda som pengekravsrett, kontraktsrett II og rettsstat og menneskerettar sakte men sikkert tok frå meg..

14.2.11

frå crappy-sunday til happy-sunday

Korleis snu ein crappy-sunday over til å bli ein happy-sunday?

Ta med deg ein god venn som er nesten like sprø som deg sjølv, gå ein tur på narvesen, kjøp ein boks ben & jerrys, sett dykk på sjøfartsmonumentet og et is ut av boksen med kvar sin plastgaffel medan de oppdaterer kvarandre på alt nytt.

Kven har sagt at ein ikkje kan ete is ute ein sein søndagskveld i februar? Minusgradene gjer berre at isen ikkje smelter frå deg, kjempegreier...

(at me måtte velje mellom blærekatarr og neglesprett kom berre av at litt dårlig planlegging. Hadde eg visst at me skulle vere så impulsive i kveld skulle eg jo tatt med sitteunderlag :P)

Tusen takk for ein herlig kveld Solveig! Du e fantastisk!

6.2.11

30.1.11

Katy Perry, Firework

Do you ever feel like a plastic bag
Drifting through the wind, wanting to start again?
Do you ever feel, feel so paper thin
Like a house of cards, one blow from caving in?

Do you ever feel already buried deep?
Six feet under screams but no one seems to hear a thing
Do you know that there's still a chance for you
'Cause there's a spark in you?

You just gotta ignite the light and let it shine
Just own the night like the 4th of July

'Cause baby, you're a firework
Come on, show 'em what you're worth
Make 'em go, oh
As you shoot across the sky

Baby, you're a firework
Come on, let your colors burst
Make 'em go, oh
You're gonna leave 'em falling down

You don't have to feel like a waste of space
You're original, cannot be replaced

If you only knew what the future holds
After a hurricane comes a rainbow

Maybe you're reason why all the doors are closed
So you could open one that leads you to the perfect road
Like a lightning bolt, your heart will blow
And when it's time, you'll know

You just gotta ignite the light and let it shine
Just own the night like the 4th of July

'Cause baby you're a firework
Come on, show 'em what you're worth
Make 'em go, oh
As you shoot across the sky

Baby, you're a firework
Come on, let your colors burst
Make 'em go, oh
You're gonna leave 'em falling down

Boom, boom, boom
Even brighter than the moon, moon, moon
It's always been inside of you, you, you
And now it's time to let it through

'Cause baby you're a firework
Come on, show 'em what you're worth
Make 'em go, oh
As you shoot across the sky

Baby, you're a firework
Come on, let your colors burst
Make 'em go, oh
You're gonna leave 'em falling down

Boom, boom, boom
Even brighter than the moon, moon, moon
Boom, boom, boom
Even brighter than the moon, moon, moon