20.8.09

Så var vi der igjen

på datarommet. Med dårlig luft. Dårlig konsentrasjon. Lite action på fjesboka. Har mest lyst å gå heim og sove. Irriterer meg over den ikkje eksisterande oversikten, den fråverande strukturen, den manglande formuleringsevna og det tåpelige faktumet.

Då er det godt det er lunsj med navigatørane på Fjøset, at eg kan gå heim til Sissel så snart oppgåva er ferdig og at det er grilling og klatring med BKS på Helleneset i ettermiddag.

Livet er i grunnen ikkje så verst når eg berre får tenkt meg litt om. Men gymlærar skal eg aldri bli. Då ender ein opp med å påføre kommunen erstatningsansvar fordi dumme elever søler vatn på det nylakkerte golvet så den uheldige Ørnulf tryner inn i betongveggen med hodet først og blir 100 % medisinsk ufør....

4.8.09

Om 37 minutt blir Bergen ein betre by å bu i. Då kjem nemleg Solveig tøffande inn på togstasjonen, klar til å ta til på det fantastiske livet som bergensstudent. Til helga blir byen enda rikare då Solveig sin sambuar, den fantastiske Lina kjem med flyttelasset sitt. Eg hopper nesten i taket av glede :D :D :D

Eg har framleis ikkje funne nøklane mine :(
Seriøst, korleis kan eit så stort nøkkelknippe berre forsvinne?? Eg forstår det ikkje. Den beste forklaringa eg kan kome på er at dei grodde bein over natta og spaserte ut av eigen maskin, og sei meg, på ein skala frå ein til ti, kor sannsynlig er det??

Nei, no skal eg ta turen til togstasjonen og leike velkomstkomite:D Tjohei!