4.8.09

Om 37 minutt blir Bergen ein betre by å bu i. Då kjem nemleg Solveig tøffande inn på togstasjonen, klar til å ta til på det fantastiske livet som bergensstudent. Til helga blir byen enda rikare då Solveig sin sambuar, den fantastiske Lina kjem med flyttelasset sitt. Eg hopper nesten i taket av glede :D :D :D

Eg har framleis ikkje funne nøklane mine :(
Seriøst, korleis kan eit så stort nøkkelknippe berre forsvinne?? Eg forstår det ikkje. Den beste forklaringa eg kan kome på er at dei grodde bein over natta og spaserte ut av eigen maskin, og sei meg, på ein skala frå ein til ti, kor sannsynlig er det??

Nei, no skal eg ta turen til togstasjonen og leike velkomstkomite:D Tjohei!

1 kommentar:

Karoline Sofie sa...

Yey!! :D Eg og gledar meg! Bergen har verkeleg blitt ein betre denne hausten. Åsso ikkje gløym at eg kjem på laurdag! ;)
Stooor klem frå Haugesund!