31.7.09

mysteriet med nøklane som forsvann

Tirsdag kom eg heim frå jobb, gjekk inn døra, slengte frå meg veska, tok nøkkelen frå lysbrytaren, låste opp postkassa, låste att postkassa og gjekk inn att.

Onsdag kom eg heim frå jobb, gjekk inn, slengte frå meg veska, snudde meg for å ta nøkkelen frå lysbrytaren berre for å oppdage at den ikkje var der...

Dei siste dagane har eg leita meir eller mindre panisk etter nøklane. Eg har snudd opp ned på alt eg har i gangen, eg har henta inn att bossposen og leita gjennom den, eg har leita i kjøleskap og fryser, sofa og seng, under komfyr og vaskemaskin, på alle bord og hyller, i skap og skuffer, eg har kort sagt leita alle tenkelege og utenkelege plasser i leiligheita. Eg har dessutan leita i gangen, kjellaren og utanfor, sjølv om eg aldri tar med meg nøkkelen lengre vekk frå leiligheten enn nett utom døra til postkassen.

No er eg heil rådvill. Eg har gått tom for plasser å leite. Eg kan ikkje forstå kor nøklane har tatt vegen. Dei er sporlaust forsvunne, oppløyst i lause lufta, rett og slett borte.

Kva skal eg gjer? Kor skal eg leite? Kor kan dei ha tatt vegen?

Leiligheten min er ikkje så stor, om dei er her burde eg ha funne dei. Det får meg til å tru at dei ikkje er her. Men ettersom eg aldri, og då meiner eg aldri, tar desse nøklane med meg ut av huset, kan eg ikkje forstå at dei ikkje skal vere her inne heller...

Kor er nøklane mine?
Hjelp meg..
ver so snill...

2 kommentarer:

Anonym sa...

Spurt naboane i oppgangen?

Karoline Sofie sa...

Huff! Da e skummelt da der! Som Anonym sa, snakk med naboane. Heng opp ein lapp i oppgongen. Kanskje dei berre plutselig dukkar opp..Har du sjekka i alle kle du har og ikkje har hatt på deg? I alle sko? Inni støvsugaren? Dei dukkar nok opp ein gong ska du sjå..:) Hald motet oppe!