Tirsdag kom eg heim frå jobb, gjekk inn døra, slengte frå meg veska, tok nøkkelen frå lysbrytaren, låste opp postkassa, låste att postkassa og gjekk inn att.
Onsdag kom eg heim frå jobb, gjekk inn, slengte frå meg veska, snudde meg for å ta nøkkelen frå lysbrytaren berre for å oppdage at den ikkje var der...
Dei siste dagane har eg leita meir eller mindre panisk etter nøklane. Eg har snudd opp ned på alt eg har i gangen, eg har henta inn att bossposen og leita gjennom den, eg har leita i kjøleskap og fryser, sofa og seng, under komfyr og vaskemaskin, på alle bord og hyller, i skap og skuffer, eg har kort sagt leita alle tenkelege og utenkelege plasser i leiligheita. Eg har dessutan leita i gangen, kjellaren og utanfor, sjølv om eg aldri tar med meg nøkkelen lengre vekk frå leiligheten enn nett utom døra til postkassen.
No er eg heil rådvill. Eg har gått tom for plasser å leite. Eg kan ikkje forstå kor nøklane har tatt vegen. Dei er sporlaust forsvunne, oppløyst i lause lufta, rett og slett borte.
Kva skal eg gjer? Kor skal eg leite? Kor kan dei ha tatt vegen?
Leiligheten min er ikkje så stor, om dei er her burde eg ha funne dei. Det får meg til å tru at dei ikkje er her. Men ettersom eg aldri, og då meiner eg aldri, tar desse nøklane med meg ut av huset, kan eg ikkje forstå at dei ikkje skal vere her inne heller...
Kor er nøklane mine?
Hjelp meg..
ver so snill...
31.7.09
22.7.09
kom tilbake, kom tilbake!
Folkens, no syns eg de har vore vekke lenge nok. Grett nok, det er ferie, men kvifor kan de ikkje gjere som meg og ta ferien dykkar her i Bergen? Bergen er trass alt Noregs vakraste by, berre spør alle turistane som har tatt plassane dykkar i bybildet i sommar. Dessuten betaler de allereie husleige her, så kvifor ikkje utnytta pengane dykkar og bu her i sommarmånadane og? Tenk økonomisk (bla-bla-bla, sparer penger på mat ved å bu heime, bla-bla-bla, kanskje du skulle tenke litt på økonomien til foreldra dine og??), utnytt husleiga di og kom tilbake til Bergen no!
20.7.09
Han pleide alltid å si at det bare fantes en Vei; at det var som ei stor elv, med hver dørstokk som et utspring, og hver sti som ei bielv. "Det er farlige saker det, Frodo, å gå ut av døren," sa han ofte. "Der setter du foten på Veien, og hvis du ikke passer på hvor du setter føttene, kan ingen vite hvor du blir revet med hen."
1.7.09
Somer, Molde, Jobb og Mannen med det sleipe håret
Ser det er ei stund sidan sist eg skreiv noko her. Det har ein naturleg samanheng med at eg ikkje har viktigare og meir seriøse ting, som til dømes eksamenslesing, eg eigentleg skulle gjort.
Sidan sist har eg gjort unna ferien min. Ei veke på hytta i Molde var det eg fekk av ferie i år. Eg innser at eg kanskje burde skjønt tidligare at det vart litt lite, kanskje helst før eg takka ja til å jobbe fram til studiestart. Men, men, gjort er gjort og spist er spist, det er uansett for seint å endre på det no. Eg får heller ta ein lengre ferie til neste år:P (dessutan kjem eg vel til å bli ganske fornøgd når pengane renn inn på konto tenker eg).
I sommar, som i fjor, jobbar eg på dagsenteret på Landås menighets eldresenter. Ein veldig koselig jobb kor eg får treffe mange artige og koselige menneske. Sjølv om eg liker jobben min må eg innrømme at det er tungt å stå opp 06.30 kvar dag. Det at eg veit at eg skal gjere det mandag-fredag fram til studiestart gjer det vel kanskje ikkje lettare heller. Eg har allereie begynt å telle ned. No er det faktisk berre 27 dagar att (ehh.. av 32 då, så så veldig langt har eg vel eigentleg ikkje kome...) kor vekkarklokka kjem til å rive meg ut av draumeland i alle fall ein time (etter min smak eigentleg to) for tidlig. Det skal eg klare. Og so må de hugsa å misforstå meg rett her. Eg syt ikkje over jobben min, den er eg glad i, eg er berre litt for glad i å sova...
Tilbake til kva eg har gjort sidan sist...
eg var altså på hytta ei veke. Ja, eg var aleine. Folk spør meg alltid om det, så ser dei på meg med vantru i blikket kvar gang eg seier ja. Kvifor er det så utenkeleg å reise på hytta aleine eigentleg? Eg trur fleire hadde hatt godt av å ta seg ei veke, eller i alle fall nokre dagar for seg sjølv i ny og ne. Det er ikkje så kjedelig som det høyres ut som ;) No skal eg innrømma at eg vart litt einsam i år då. Eg har reist aleine på hytta dei siste åra, men då har eg trass alt budd på internat før sommarferien, så sosialbehovet mitt har på ein måte vore overdekka på førehand. I år hadde eg ikkje så mykje å gå på. Før eg reiste var mange av vennane mine reist frå byen, og dei som var her hadde eg ikkje sett noko særleg til ettersom både dei og eg sat med intensiv eksamenslesing. På mange måtar var eg difor litt underernært på sosialt samvær då eg reiste til Molde. Dei første dagane merka eg ikkje så mykje til det ettersom Bella, Edward og Jacob heldt meg med selskap. Dei var trufaste både dag og natt, veik aldri frå mi side. På bussen, på Moldetorget, på ringbussen, på Kvam, på terrassen, i sofaen, i senga, over alt var dei med meg. Desto større vart tomrommet etter dei då dei forlot meg. Nokre gonger skulle eg ynskje eg las litt seinare... (Eg kunne jo eventuelt brukt natta til å sove i staden for å lese då. Ein kveld rundt kl 00.00 tenkte eg så fint at eg kunne lese litt til, 10-20 min og så skulle eg legge meg. Neste gang eg såg på klokka var ho 04.30...)
Kveldane utan Bella og dei andre vart fort litt lange. Eg prøvde å slå dei i hel med TV, men når tv 2 berre klikka og NRK (1, 2 og 3) bestemte seg for å berre sende kjeeeedelige program, funka det dårlig. Eg leita fram pappa sine gamle MAD (fra 70 tallet) og slo i hel litt tid med det. Den store redningen vart til slutt Quadra Pops, eit "fantastisk" spel (liknar på tetris) eg har på mobilen... (ja, eg er omtrent så tragisk som eg høyrest ut som...)
Dagane gjekk imidlertid ganske so fort. Eg fekk nokre dagar med fint ver kor eg fekk slikka litt sol, eg vart ven med grasklipparen og eg fekk prata med dei søte nabohytteungane. Eg fekk dessutan vere vitne til at den gamle og kjære båten vår, Dolly, gradvis vart omdanna frå "Dolly" til sjørøverskipet "Den Sorte Dame". Eg har nemlig ein bestefar og ein grandonkel som er litt meir enn normalt kreative og handnemme. (sjørøverskuta blir forøvrig laga til glede for Andreas, sonen til fetteren min og altså oldebarnet til bestefar)
i løpet av veka fekk eg dessutan tid til å besøke bestemor på sjukeheimen nokre gonger, eg fekk ete middag på eldresenteret (eg meiner det, eg glei rett inn i mengden :P), eg kjøpte meg ein kjole for berre 75kr (lenge leve salg) og eg fekk besøk av Elin.
Etter litt for mange kvelder aleine fekk eg besøk av Elin siste kvelden. Me spiste is og prata, så prata me og spiste is, og innimellom litt prating og is drakk me litt kaffi. Det var rett og slett berre utrulig koselig! Takk for at du kom på besøk Elin!
Kjolen eg kjøpte for 75 kr brukte eg no på lørdag då eg var i 80 års dag til bestefar (altså den andre bestefaren min, ikkje han i Molde...). Dagen vart feira med middag på fjellstova på Stord og kaffi på Kyvik etterpå. Heile slekta, med berre eit unntak, var samla. Utrulig koselig. Forresten, om du nokon gang er på fjellstova må du passe på å ete karamellpudding til dessert. Den er FANTASTISK!
I går stod nok eit høgdepunkt på programmet. Solveig var i byn med flyttelasset sitt og i den anledning tok både Karoline og Bjørnar turen til byn dei og. Det var berre fantastisk herlig å sjå Solveig att. Eg har ikkje sitt ho sidan oktober, så det var absolutt på tide. Det er berre fantastisk at både ho og Lina kjem til byn til hausten! Eg gleder meg!!!! (DEt var fantastisk koselig å sjå KAroline og Bjørnar att og altså. Dei hadde eg ikkje sitt sidan begynneslen av mai, så det var i grunnen på høg tid det og:P )
Eg og Karoline hadde planlagt at me skulle kjøpe jordbær og ha jordbær og sjokoladefondue. Det vart det imidlertid ikkje noko av ettersom alle jordbæra me fann såg heller mindre delikate ut. Me endte opp med cola, druer og chips i staden, det var i grunnen ikkje feil det heller;)
Ettersom eg ikkje fekk jordbær i går gjekk eg på jordbærjakt i dag. På rema 1000 selde dei mindre delikate bær til 39.90 for korga. På Spar selde dei delikate jordbær til 24,90 korga. Eg kjøpte to korger:D Gud må ha vore i eit fantastisk godt humør då han skapte jordbær!
På veg heim frå jobb vart eg dessuten frista av dei store plakatane i vindauga på Telegrafen til å ta ein tur inn. Etter å ha prøvd ca 7 kjoler, alle til halv pris, kjøpte eg ein. Det var eigentleg to eg hadde lyst på, tre om dei hadde hatt den tredje i riktig størrelse. Finkjole for 250 kr er ikkje så gale i grunnen. Salg er genialt!
Om du er av den oppfatning at eg er eit normalt menneske utan nemneverdige mentale lidingar kan du stoppe å lese her. Dersom du allereie har avslørt meg og innsett at eg eigentleg er meir eller mindre gal kan du fortsetje.
Mannen med det sleipe håret er tilbake. Dei to første dagane på jobb var han ikkje på bussen så eg var redd eg hadde mista han, men sidan mandag har han vore på plass. I går holdt både eg og han på å miste bussen, men me rakk an så vidt begge to (kvifor var 50 bussen tre min for tidlig i Småstrandgaten i går?? Stress..). Eg lurer på kva mannen med det sleipe håret eigentleg heiter. Eg lurer dessutan på om eg må finne eit anna namn til han. i haust fann eg nemleg ut at han studerer juss. Riktignok gjekk han anten 4. eller 5. året, så litt eldre enn meg er han jo, men likevel. Om han er "mann" så må jo eg nesten vere "dame". Eg er ikkje "dame". Eg er "jente" eg. Men eg kan jo ikkje kalle han "gutten med det sleipe håret" heller. Det blir liksom for dumt. Kanskje eg skal kalle han "han med det sleipe håret". Det er vel eit ganske nøytralt namn. Kanskje burde eg droppa håret heilt. Det er jo ikkje heilt snilt å gå rundt å seie at folk har sleipt hår heller. Eg kan begynne å kalle han "matpakka", ja, for han kjem alltid med ein matpakke i handa, men eg er ikkje sikker på om det er så mykje betre enn det sleipe håret. Hmm... Livet er fullt av vanskelige spørsmål.
Om du med det sleipe håret som bruker å ta 50-bussen 07.38 fra småstrandgaten har googla "dragefjellet", "juridisk metode", "kontraktsrett" eller nokre av alle andre juridiske omgrep eg har kome i skade for å blogge om, og på den måten har forvilla deg inn på bloggen min, vil eg berre beklage det lite flatterande namnet eg har gitt deg. Vil du bli kvitt det får du presentere deg ein morgon på busstoppet i Småstrandgaten :P
No skal eg ete litt meir jordbær, sulle vekk litt meir tid på internett, og så skal eg legge meg. Oppvasken eg eigentleg skulle ta med ein gong eg kom heim i dag blir visst ståande til i morgon... Den som hadde hatt ein oppvakmaskin... Sukk...

Abonner på:
Innlegg (Atom)