3.12.10

Det er rart korleis så mykje blir veldig viktig å få gjort så snart ein set seg ned og skal lese til eksamen. I dag har eg til dømes fjerna støv frå tastaturet mitt. Ein skikkelig hastesak var det. Eg har dessutan kjøpt den første julepresangen. Julehandelen er jo viktig å kome i gang med må du forstå, mykje viktigare enn eksamen. Berre så synd at gåva som vart kjøpt var til meg sjølv (og blir kalla gåve berre for å rettferdiggjere for meg sjølv at eg brukte så mange pengar no når eg eigentleg absolutt ikkje har råd til det). Uansett, den fjerde mars skal eg på KAIZERS ORCHESTRA! Eg gler meg!!! :D

2 kommentarer:

Anonym sa...

Støvtørking er viktig. tenk hvis det virkelig hadde samlet seg opp? hvordan skulle du da få kommet deg på facebook? Og uten facebook, hvorfor skal du da gå på forelesning? eller hva skal du gjøre mens du har pause fra lesingen? ergo; støvtørking er megaviktig.
KAIZERS <3 (Nå har Bjørnar og jeg skaffet oss billetter og... ;))

Solveig:)

Renate sa...

hehehehehe eg og har fjernet støv fra tastaturet mitt i eksamenslesetiden!! morsomt. :p Eg skal ikke på kaizers :( men eg skal på Top Gear :D ;)