I dag skulle eg rydde tenkte eg. Det har eg forsåvidt gjort og, det bare ser ikkje slik ut. Av ein eller anna merksnodig grunn har eg ein tendens til å begynne med skapet når eg skal rydde. Det er nett som at det å vite at det er ryddig i skapet gir meg litt ro i sjela på ein måte. Bere så synd at rommet ser like rotete ut sjølv om skapet er ryddig.
Om eg skal vere heilt ærleg med dykk så ser faktisk rommet mitt mykje verre ut no enn før eg begynte å rydde. No ligg det nemleg store haugar av sorterte klede over heile golvet, på diverse stolar og over heile senga. Eg ante ikkje at eg hadde så mykje klede. Eg bruker vel berre omlag ein tredjedel av dei og. Mykje av det eg ikkje brukar er så slitt at det eigentleg ikkje er brukande. Eg berre greier ikkje kvitte meg med det. Kvar bukse, kvar genser, kvar t-skjorte ber liksom med seg så mange minner. Som til dømes treningsbuksa som vart kjøpt før ein påske ein gang på ungdomsskulen (eller var det faktisk barneskulen??). Eg vil påstå at det er verdens mest behagelige bukse. Eg brukte den så mykje at då eg byrja på Framnes pakka eg den ikkje med meg fordi den var så slitt. Det gjekk likevel ikkje mange veker før den var med meg på bussen til Norheimsund. På same måte kom den på underlig vis med til Høgtun. Med øydelagd glidelås, fillete kantar og tynnslitt både her og der var den framleis den mest behagelige buksa eg eigde.
Etter at eg kom til Bergen har eg ikkje brukt ho så mykje. Fleire gonger når eg har rydda slik som i dag har eg vurdert om eg skulle kaste ho. Eg har likevel ikkje greid det, ikkje hatt hjerte til det. Ikkje før i dag. No ligg ho i alle fall i ein pose saman med ein utvaska og slitt genser frå Skogsvåg idrettslag som eg fekk på barneskulen ein gong. Så gjenstår det å sjå om posen kjem seg ut i søppelet eller om den på underlig vis hamner inn i skapet att...
(ja, eg er og blir ein samlar, eg veit det...)
1 kommentar:
Thihi! Eg veit om problemet!! Men rart kor lite klede ein følar ein har HEILT til ein ryddar klesskapet;) Du må få nokon annan til å ta den posen med seg, elles vert du aldri kvitt´n;p
Lukke til på alle eksamenar:):)
Legg inn en kommentar