du ikkje står opp før klokka nærmar seg 12 fordi du har eit håp om at alt du bør, må og skal gjere forsvinn av seg sjølv dersom du berre fortrenger det lenge nok.
du ser det som heilt naudsynt å bruke mykje tid på internett for å finne ut kva ski du skal kjøpe.
du plutselig berre MÅ ta stilling til kva køyreskule du skal bruke, og korti du skal ta trafikalt grunnkurs, ta køyretimer og planlegge korti du skal ha sertifikatet i lommeboka.
du får det for deg at filmen som har venta på å bli bytta i over ein månad må bli bytta innan 48 timar.
du et sjokolade og anna usunn mat til det tyt ut øyrene dine med godt samvit.
du tviler på at verda vil stå til over påske om du ikkje baker noko godt snarast.
du kan BT.no og dagbladet.no utenat.
du har full kontroll på kva alle venane dine har gjort på fjesboka det siste døgnet.
du skriv eit langt blogginnlegg som avslører for alle lesarane dine kor ufatteleg ineffektiv du er i eksamenslesinga di...
3 kommentarer:
det aller beste er at snart er det på høg tid å legge frå seg alt som er eksamensrelevant (det inkluderar tankane om kva ein skulle og burde og skal gjer) og ta ferie. det er viktig å ta ferie i forkant. for det første fordi ein må lada seg så ein er i toppform til fredagen. og for det andre fordi det tar tid å kome i feriemodus, og dersom du byrjar tidleg får du meir ut av helgå. =)
kortid har du eksamen? og har du slettet MSN? :O
Ja, akkurat slik!!
Legg inn en kommentar