No er det lenge sidan eg har blogga. Eg burde skreve ein teks eller to om kor fantastisk livet er, evt kor lite fantastisk det er. Eg burde fortalt dykk om kva som har skjedd i livet mitt i det siste. Burde skreve ein blogg om dugnadshelga på lagshytta, ein om kafebesøk med mi herlige Marta, ein om filmkvelden med Karoline og Bjørnar og den påfølgande paranoide turen heim (Møhlenpris - Nøstet, seint, mørkt, vind, lydar, aleine...).
Eg burde oppdatert dykk på livet på Dragefjellet. Fortalt om dei artige forelesarane og dei tragiske oppgåvane (alle skal enten skillast eller er dei døde). Eg burde blogga ut min irritasjon over folk som legg att mobilen på lesesalen utan å ha den på lydløs. I samme blogg kunne eg delt mine observasjoner og fasinasjoner frå lesesalen.
Til sist skulle eg blogga om heimeeksamen. I går fekk me nemleg oppgåva utdelt. Det er vel kanskje derfor eg sit her og skriv om alt eg burde, skulle og kunne blogga om...
4 kommentarer:
Eg skjønne ka du meine! Eg skulle og burde gjort så meget meget mykje eg og..er ikkje alltid så lett når det er så mykje anna ein kan gjera..
Eg har full forståing for følsane dine, men eg må få legja til at eg synast det verkar så deprimerande. Er det ikkje noko positivt i Juss-studiet? eller ellers? Jaja, uanset: Lykke til med heimeeksamen. ;O)
Hm - synes det høres ut som du trives godt med jusstudiet jeg ... men hjemmeeksamen er vel sjeldent veldig morro? Men det går heldigvis over :-)
jusstudiet er fantastisk, det stårkje på det. Det er mykje positivt i livet og, det er ikkje det heller. Egentlig er det ingenting anna enn ein heimeeksamen som ligg og gneg i bakhodet...
Dette var egentlig meint som ein "så dårlig eg har vore til å blogge i det siste" blogg, og ikkje ein "stakkars meg eg har det så fælt"-blogg, men eg ser eg e blitt litt misforstått...
så alle andre som etter åp ha lese tenker " stakkars jente, ho har det ikkje hilt bra" eller "herlighet, kan ho aldri gje seg med klaginga?", så vil eg berre sei at eg har det veldig bra for tida. Eg kan absolutt ikkje klaga, og dette var heller ikkje meint å lesast som klaging...
Legg inn en kommentar