24.5.09

Eksamensangst?

Medan alle andre har gått rundt i lange tider med eksamensangst langt opp over øyrene har eg tatt livet med ro og nytt tanken på at det var leeeeenge til min eksamen. I går gjekk det plutselig opp for meg. No er det ikkje lenge til eksamen. Eksamen er faktisk nesten rett rundt neste sving. Nei, no blir det skjerpings.

Tenkte eigentlig eg skulle begynne den seriøse, eksamensretta lesinga i dag. Skulle stå opp tidlig og grave meg ned i bøkene nokre effektive timar. Berre synd ein eller annan sleiping har klart å kome seg inn til meg og skru av alle vekkerklokkene mine utan at eg vakna...

2 kommentarer:

Anonym sa...

jeg og!
har eksamen på fredag og det gikk opp for meg at det var alvor nøyaktig en uke før, altså fredag som var.
nå har jeg angst. så angst at jeg er sikker på at jeg dør. garantert.

Anonym sa...

Du må ikkje ha angst kjære deg:) Det går ikkje verre en gale og det kan ein jo leva me:P Og d komme alltid ein ny mulighet!!