07.30: min magiske vekkerklokke vekker meg naturlig med sitt fantastiske lys. Eg blir irritert og skrur av lyset. Det er skarpt. På radioen summer ein eller annan om eit eller anna. Eg var tydeligvis så vekke at eg ikkje har fanarie kva eg eigentleg hørte.
09.30: Eg set meg brått opp i senga. Korleis i all verda vart klokka så mykje?? Arg. Eg blir irritert på meg sjølv.
10.05: Eg går mot skulen med friskt mot. I dag skal eg virkelig få unna litt seriøs lesing. I henda har eg to knekkebrød med brunost. Frukost. (notat til meg sjølv: kjøp anna pålegg enn brunost!) Vegarbeidarane i nøstegata ser som vanlig rart på meg. Trur dei begynner å kjenne meg att. Dei omtaler meg nok som "ho som alltid går og et".
10.30: Eg har kome meg til skulen, satt meg ned på datarommet, logga meg inn, sjekka fjesboka, bloggen, mailen, mi side, dagbladet... Er gått tom for ting eg kan sjekke og innser at eg kanskje må begynne snart.
10.45: har begynt å kommentere arbeidsgruppeoppgåver. Lagt inn ein kommentar eller to. På tide å sjekke fjesbok att. Ingenting har skjedd. Lite liv på fjesboka ein torsdags formiddag. Rart.
10.47: eg fortsetter med kommenteringa. Her går det unna. Folk er blitt altfor flinke, vanskelig å finne noko å kommentere.
11.03: eg sjekker fjesboka igjen før eg begynner å kommentere neste oppgåve. Framleis lite liv på fjesboka. Dårlig gjort, folk må jo forstå at eg treng litt underhaldning i lesinga mi...
Eg kommenterer årets siste arbeidsgruppeoppgåve.
11.22: Ferdig med kommentering! Då gjenstår berre ei storgruppe av obligatoriske ting i år! Sykt, tida går skremmande fort. Eg sjekker fjesboka igjen. Framleis lite liv. Tar resten av runden, bloggen, mailen, dagbladet.no osv. Innser at det er litt for mange minutt å rote vekk før lunsj. Tar opp arverettboka og lovsamlinga. Fortsetter på notatskrivinga frå i går.
11.40: 5. min til navigatørluns. Klarer eg bli ferdig med kapittelet før lunsj?
11.52: nei, eg vart ikkje ferdig trass 7 min over lunsjtid. jaja, synd for meg. Tid for lunsj.
12.37: dagens høgdepunkt er over. Fekk kaffi. Det gjorde godt. Finn igjen plassen min på datarommet. tar runden på nettet, lite som skjer. Ser Solveig er pålogga fjesboka. Benytter sjansen til å snike meg unna lesinga nokre minutt til.
12.40: Les og noterer om formkrava til testamente. Pass på at du sjekker opp i dei før du lager ditt eige testamente. Om ikkje kjem Høgsterett til å nådelaust kaste det på bålet. Ja, "det", altså testamentet, ikkje "deg". Det hadde tatt seg ut! ja, om Høgsterett hadde kasta deg på bålet meiner eg.
13.15: nærmer meg det målet eg eigentleg satte meg i går. Innser at eg har begynt på eit håplaust prosjekt. Skrive notater frå så mange sider tar tid. Trur eg er litt optimistisk. Men det funka så bra på forrige fag. Hadde vore kjekt om det funka like bra no. Eg er likevel skeptisk. Eg treng å kome gjennom pensum ein gang til. Burde og få tid til å skrive nokre eksamesoppgåver. Er redd eg ikkje kjem gjennom alt i denne farta.
13.47: Begynner å bli seriøst useriøs. Lurer på kva for land som har dei minste formkrava for tesatamenter. Dit kan ein nemlig reise, opprette testamente og det vil vere gyldig i Noreg. Så veit du det. Uvesentlig informasjon. Håplaust.
13.50: Sjekker fjesboka igjen. Innser at eg er tragisk. Kanskje fjesbokfaste hadde vore ein ide?? Begynner å skrive denne bloggen
14.08: har klart å sose vekk ca 20 min på å informere deg om kor lite effektiv lesinga mi er, og kor ofte eg klarer å havne innpå fjesboka. Innser at eg egenlig ikkje burde poste dette inlegget. Set ikkje akkurat meg sjølv i eit veldig bra lys. Poster det likevel. Om ikkje anna kan det kanskje gi deg litt bedre samvittighet der du sit med din eksamenslesing. Du har i alle fall bedre konsentrasjon og effektiveitet enn Liv Grete, kan du seie til deg sjølv. Om du ikkje allereie har fått ferie då. Då er du berre teit...
5 kommentarer:
Eg likar innlegget ditt;)
hahahahhah!!! er så utrolig glad for det innlegget. og grunnen til at jeg leser det, er nettopp fordi jeg holder på nøyaktig som deg. dette er runde nr 5 på blogger. facebook tror jeg streiker eller noe... jeg får jo ingen notifications. og jeg har eksamen i morgen. heller facebook enn 30 sider til med forvaltningsinfluerende organisasjonsvirksomhet. død over hele stortinget, regjeringen, forvaltningen, alle påvirkningskanaler fra valg til media og new public management.
ler forresten rått over vitsen din av at høyesterett hadde kastet folk på bålet. "hiv og hoi, 1 og 2 og 3!!"
Vi har overraskande like dagar du og eg Liv Grete..!:O ...No sit eg her på verdsveven nok ein gong, har nett vore nede på posten (mixen på hjørna) og endra adresse for sumaren.. Har muntleg eksamen i måro..:O har lese litt, skrive notat, lese litt te.. stått opp for seint, drukke mykje kaffi(:D) tenkt på alt anna enn kvifor det fyrste keisardømet gjekk over til det andre, og korleis fyrste verdskrigen var annleis enn den 2. for Frankrike.. boka er sjølvsagt òg på fransk, og no er eg litt motlaus for morgondagen..men, men.. da e jo vår!:D trøste meg med da eg...
Eg er kanskje teit som har fått ferie no. Men du kan trøste deg med at min dag enda hos tannlegen, der han operert ut ei visdomstann... ;P
Masse lykke til på eksamen, høyrest ut som om eksamenslesinga di er ganske så lik alle andre i din situasjon. Syns du er flink eg! Beundrar alle dei som sitt og les!
Klem klem
Sliter selv med konsentrasjon, hender det hjelper med intervall lesing med Tetris. Leser 1time, så tar ein runde med Tetris, leser 1time til og så ny runde med Tetris.
Bør prøves =D
Legg inn en kommentar