10 timar på skulen... eg seier det igjen, 10 timar på skulen... Hadde aldri trudd eg skulle bli ein slik ein. Eg er faktisk utrulig imponert over meg sjølv. Har nesten ikkje vore på fjesboka i dag, berre så vidt streifa innom dagbladet.no, har hatt korte og effektive matpausar og har faktisk vore utrulig konsentrert over bøkene. Har rett og slett fått gjort utrulig mykje i dag. Om berre dei to neste dagane blir like effektive så kan eg kanskje reise på lagshytta med god samvittighet i helga. Da hadde vore noko....
Eg er utrulig takknemlig for at eg har havna på eit studie som eg liker så godt. Trur ikkje det er mange fag som ville gitt meg motivasjon nok til å sitje og lese så lenge og so mykje som eg har gjort i dag. Det verste er at eg egentlig syns eg har hatt ein kjekk dag i dag. hehe.. hadde ikkje trudd eg skulle seie det om 10 timar på skulen :P
No trur eg det er på tide å forlate Dragefjellet for i dag. Eg tar den lette svimmelheten og det til tider tåkete synet mitt som eit tegn på at kroppen min vil ha meg vekk frå lesinga og heim for å eta middag. Trur kroppen min er inne på ein god plan der :P
2 kommentarer:
Du e go! Ta vare på deg sjøl ...
Wow! Du e jo kjempeflink! Eg e mektig imponert! :) Sko ønska eg kunne sagt da samma om meg sjølv når da gjeld skule :/ Men men..Da får venta te hausten ;)
Legg inn en kommentar