Då var det sommarferie på meg og. Eg hadde forventa å kjenne ei enorm glede spreie seg i kroppen. Ei glede over å vere ferdig, over å ha fått vist kva eg kan. Ei glede over å sjå sommaren ligge framføre meg. Ubrukte dagar, fri frå lesepress, oppgåveskriving og dårlig samvit for alt som burde vore gjort.
Eg hadde forventa ei slik glede, men den er ikkje kome enda. Eg kjenner meg berre tom, tom og oppgitt. Eg kunne så mykje, eg har lest og lest, skaffa meg overblikk og detaljkunnskap. Likevel er pensumet så stort at ein ikkje kan ha fullstendig kontroll på absolutt alt. Diverre.
Eg føler meg snytt. Snytt for tid og energi brukt på å lære meg alt det som ingen spurte om. Snytt for at oppgåva var så snever at eg ikkje fekk vist kor mykje eg kan. Snytt for at eg no ikkje greier kjenne den store gleda over at eg endelig har ferie.
Eg håper eg tar feil. Håper sensor blir blenda av at han endelig treff på ei oppgåve skrive på nynorsk. Håper han på underleg vis greier ignorere den manglande metoden, ordlydstolkingane som ikkje er der og den tynne rettskjeldebruken.
Eg håper, men eg tviler sterkt...
3 kommentarer:
det høres så ut som min siste eksamen også...
men bismaken kastet jeg ut vinduet etter en dag med depping.
det er jo sommerferie:)
blir det for ille melder du deg bare opp igjen neste år?
stort pensum og snevre oppgaver bør etter mitt skjønn ikke være tillatt.
hvem kommer gjennom ni bøker med politisk historie uten å inneha en slags sykdom;)?
GOD FERIE. Er du i Bergen i slutten av juli og har lyst å spise is med meg?
Hehe.. Sant det! Blir det for gale får eg bere ta an opp att neste år ja. E jo ikkje nåke unormalt i å gjere det på jussen så :P
Eg e i Bergen i slutten av juli ja:D Is hadde vore kjempekos:)
Er du forresten i Molde eller Bergen no? Eg skal nemlig til Molde te veko. Reise opp på søndag og blir te 22. Skal vere ei veke aleine på hytta så hadde vore veldig kjekt med ein is der og ;)
ni bøker?? seriøs?? Hmm.. Kanskje eg ikkje skal klage så høgt likevel...
Kjenner jeg deg rett, så har du ingen ting å frykte når det gjelder karakter på eksamnene og oppgavene dine. Nyt ferien, jeg har akkurat innsett at min ferie akkurat er over, nå begynner neste semester. (Jeg ser forsåvidt ikke negtivt på det, blir et konge semester) Men men, nyt ferien og hyttelivet. ;O)
Legg inn en kommentar