Så var sommerferien nok ein gang her. For kvart år som går blir tida mellom feriane kortare og kortare. Kanskje er det alderen som gjer det, kanskje er det folkehøgskuleruta som speler meg eit puss, uansett så er i alle fall ferien her. Hittil har eg ikkje brukt ferien på så veldig mykje, men visse ting har eg då lært:
- Parabol er ein sleip tidstjuv. takk og pris for at me fekk det etter at eg flytta heimefrå
- det finns utrulig mange dårlige filmer, er det virkelig nokon som ser på all den skiten?
- mose på dansk betyr myr, på både norsk og dansk har me uttrykket ugler i mosen, men me ser altså for oss ugla sitta på to ulike plasser... sært!
Framover skal eg prøve å bruke ferien min litt meir vetig. I helga skal eg til onkel Rune og tante Sonja og passa dei fire herlige søskenbarna mine. Eg rekner med at det blir ei livlig helg, men eg gleder meg stort! På mandag kjem pappa heim med flyttelasset mitt frå Høgtun (håper han får plass til alt i bilen, det skal noko til...) og då skal det rett inn i min nye leilighet i Bergen!!!! (Eg skal flytte for meg sjølv!!! Eg gleder meg!!) Så blir det møbelshopping så snart eg får med meg mine kjære foreldre og bilen til ikea. Det er nemlig vanskelig å ta med seg ein sofa under armen på bussen, uansett kor flatpakka den er...
Etter litt over ei veke i den nye leiligheten reiser eg til London med mine to kjære venner Lina og Solveig i fire dager og så går ferda vidare rett til molde og hytta. Når eg kjem heim skal eg i tur og orden sjå henholdsvis Hilde og Eivind og Ingrid og Andreas gifte seg, og så begynner eg endelig å jobbe i juli. I år skal eg jobbe på dagavdelinga på Landås menighets eldresenter. Det blir ein ny erfaring som eg gleder meg skikkelig til. Blir kjekt å ha meir tid til prat og aktiviteter med dei eldre!
No trur eg kanskje eg skal prøve å finne loppekassa. Sommerferien pleier ofte å bringe med seg ein skakkøyrd døgnrytme og eg er på god veg dit no. Ikkje for det, eg legg meg ikkje seinere enn på Høgtun, heller tidligere egentlig, det er bere det at eg står opp litt seinare på ein måte...
5 kommentarer:
Kjekt at du ska gjør så masse gøy da, men ser litt skummelt ut og.. Dei vekene eg e igjen i Bergen ska du ut og farta som bare d.. D e derfor ein stor fare for at eg komme å inspisere leiligheten så snart eg e ferdig me eksamen (siste e på mandag:D).. *klem*
Ugler i mosen kjem av ULVER I MOSEN, altso ulvar i myra. Og det er meir logisk, ikkje sant?
ehh.. ja, akkurat. Det var jo absolutt meir logisk!?
Da e bere til å komma Solveig! Frå mandag av e eg i byn. Har ikkje so mykje møbla å skryta av om du kjem då, men du kan no inspisera romma i alle fall;)
Du må no sæ ifrå når du ska på hytta i molde!! D ha vore kjekt å møte d:) (å snurredo`n hehe)
Kos å klem
Og hvis du vil svipp innom trøndelag så e æ her fram te medtn av juli ;) har forresten anskaffa mæ en blogg. Den e rimelig fersk, og null bilda e det på den.! Men æ har no en blogg :D BIG HUG fra Berit!!
Legg inn en kommentar