25.6.08

Livsteikn

No tenkte eg at eg skule skriva noko vittig om at eg lever sjølv om eg ikkje skriv so mykje her. Diverre ville ikkje orda kome til meg i dag, så so veldig vittig vart det ikkje.

Sidan inspirasjonen held seg på god avstand tar eg ein oppdatering i listeform. Sidan sist har eg:
- flytta inn i leiligheten
- brukt MASSE pengar på møblar, kjøkkenutstyr og anna viktege og uviktege ting ein treng i ein bustad (mykje ein ikkje tenker over at ein treng før ein plutseleg ikkje har det...)
- skrudd samman møbler og pakka ut flyttelass
- handla middag utifrå tilbuda på lokalbutikkane
- vore med solveig, Renate og Sissel
- vore på grilling i Klosteret
- overnatta på gardermoen ei natt (det skjer mykje rart på ein flyplass på nattestid. Bere spør Solveig. Lina er det ikkje poeng å spørre, ho bere sov ho...)
- opplevd London sammen med mine herlege venner Solveig og Lina (takk for turen, de er fantastiske!)
- sett musicalen Billy Elliot
- oppholdt meg ca 12 timer på Heathrow terminal 5, kor ca 4 av desse vart tilbragt sovande på golvet bak ein benk... (Lina, du skylder oss, eg bere seier det...)
- tatt nattbussen til Molde
- Lest legenden om Narnia av C.S. Lewis
- vore frustrert over tv2 som bare sender fotball og nrk som heller ikkje sender så mykje artig kveldstid.
- pga forrige punkt, lest enda meir, denne gangen da vinci koden
- Hatt besøk av Lene på hytta og diskutert interessante teoriar om tenåringsjenter
- krangla med grasklipparen
- hatt beøk av bestefar på hytta
- lest som i et speil av G. Staalesen.
- besøkt bestemor og bestefar på kvam
- gitt opp kranglinga med grasklipparen og tatt ljåen fatt
- erfart at eg ikkje er eit naturtalent med ljå.
- Vore på Sahara på Høgtun
- hatt besøk av Åse-Britt, birgitte og Linda på hytta
- tatt bussen til stryn med pipande høgtalerannleg heile vegen
- lest falne engler av G. Staalesen
- kjørt med Sissel frå Olden til Bergen (ka e fartsgrensa her egentlig? eg fekk det ikkje med meg...)
- oppdaga at gratisbussen har tatt somarferie, uheldigvis for hjula på trillekofferten min som fekk seg ein tur gjennom Bergen, brostein og trillekoffert = stress!
- Sett kjendiser og spist is med Renate
- Reist heim ein tur

ehh.. ja, det var vel det, no e eg her (heime i Skogsvågen altso). I morgon reiser eg tilbake til leiligheten etter eg har vore litt med Ragnhild. Fredag skal eg ha første opplæringsvakta på sommarjobben. Det blir spennande. No skal eg slutta å skriva her, for eg reknar med at dei fleste uansett slutta å lesa langt oppe i lista mi så dette er det sikkert ingen som les uansett! Ettersom eg fremdeles ikkje har internett i leiligheten spørs det korti neste blogg kjem...

2 kommentarer:

Anne Severine sa...

Eg las heile lista utan stopp eg Liv Grete!:) Kjekt å sjå at du bloggar innimellom!
I dag har eg site og sett på bilder frå Kjernegruppa. Held på å lage Framnes-scrap-book. Var så kjekt, fann russekortet ditt, eit brev eg fekk av deg i fjor, kortet du gav meg siste kjernegruppe-kvelden, og bilda frå same kvelden:) Kjekt og litt trist! Er heilt sjukt at det er to år sidan. Saknar dei stundene våre på Bønnerommet på Nesheim. Måndag etter volleyball med Øystein;P Det var tider det!
Håper du har ein fin ferie! Kos deg med den nye leilegheita! Håper eg får teke meg ein tur ein gong!

Anonym sa...

grattis med leilighet:)