17.8.08

så var den seriøse studiekvardagen i gang

Så var studieåret 08-09 i gang og eg er, uten at eg heilt klarer å tru det sjølv, student på det juridiske fakultet i Bergen. Første veka var over nesten før ho begynnte og eg er meir eller mindre stressa over kva eg har begitt meg ut på. Etter to år kor eg ikkje har skreve ein einaste saklig tekst er rettskrivinga mi fordufta frå hukommelsen og språket mitt liknar ein forvirra turist på bærtur i bygarasjen. Nynorsken kan vel nesten ikkje kallast nynorsk lenger og bokmålet er vel ikkje stort betre. Eg har derimot blitt veldig god på å skrive dialekt, men noko seier meg at ei oppgåve skrevet på strilamål ikkje vil bli så godt tatt i mot på universitetet. Eg merker også at studieteknikken ikkje er heilt på plass. Under forelesningane sit eg med pennen i handa og lurer på kva det var eg tenkte eg skulle notere for eit 1/100 sekund sidan. Samstundes seier sjølvsagt forelesaren noko enda smartare som eg også må skrive ned og slik ballar det på seg. Eg får håpe det kjem på plass att litt etter kvart. Om ikkje må eg begynne å leite etter ein venn med utrulig gode notater eg kan utnytte!

Eg skulle sjølvsagt skreve ein lengre utgreiing om alt eg har foretatt meg den siste veka, kan jo kort nevne 80-talls party på fjøset og speed-dating på lagshuset, men no må eg desverre gå så det får bli ein annan gong . Men Sissel, takk for lånet av internett. forhåpentligvis blir det ikkje så lenge til eg får mitt eige så eg kan slutte å utnytta deg... og du, eg trur eg skylder deg ein halv pakke med kjeks, pakken har nemlig blitt betraktelig lettare etter at du gjekk...

1 kommentar:

hlewagastiR sa...

Du kjem nok til å ganga over til bokmåt etter kvart. Slik er det nok med jussen...