30.4.08

rein pining?

I dag tok ballsport den frykta re-testen på 3000 meter. Eg kan ikkje sei at eg såg fram mot dette med glede, sjølv om eg var ganske sikker på at eg kom til å ha forbedring. Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at 3000m er rein pining. Å presse seg sjølv til å springe så fort som mulig så langt er ikkje av mine favorittaktivitetar i alle fall! Men,men, samtidig må eg innrømme at det var litt kjekt og. Når eg tenker tilbake på kor totalt utslitt eg var i haust så ser eg virkelig kor godt eg har hatt av dette året her. Sjølv om eg var totalt utslitt i dag og så var det ikkje heilt på same måte. Eg henta meg mykje fortare inn att i dag. Så fort at eg eigentleg lurer på om eg kunne klart å presse meg enda litt til. Uansett, no er eg ferdig med han og eg har det no svart på kvitt at eg spring 3000m 3(tre!) minutt fortare enn i haust! Må seie meg litt stolt over det. Sjølve tida er eg ikkje så fornøyd med, for noko særleg hurtig er eg ikkje. Godt at det bere er snakk om å konkurere med seg sjølv her, og godt at eg slepp å få nokon karakter utifrå tida mi! Må seie at trening er mykje kjekkare når det ikkje står nokon på sidelinja og set karakter på meg!

1 kommentar:

Renate sa...

så bra du har hatt en så bra fremgang :) og at du har funnet gleden i sport ;) no er det ikke lenge til du kommer til bergen, då må vi sees ofte! :D