9.4.08

Kva er poenget?

Kva er eigentleg poenget med at folkehøgskulen har avslutningshelga si midt i konfirmasjonstida? Samme helga som avsluttninga her på Høgtun skal kusina mi konfirmerast. Eg har kjempelyst i den konfirmasjonen og har difor prøvd å fikse det til på på ein eller annan måte. Det viste seg snart umulig. Det er jo litt fordi eg må/vil opp att for å vere med på evaluering og avsluttning med stippane, men likevel, dersom eg skal ta fly laurdagen (og altså gå glipp av avsluttningsfersten) og opp att mandagen må eg ut med nesten 4000 kr! Det er ikkje realistisk altså, håplause greier. Om bere me hadde hatt litt kortare feriar og fri på litt fleire laurdagar so kunne me holdt på ei veke eller to lengre og da hadde ikkje vore noko problem... Æsj! (samtidig må eg seie at det skal bli deilig med tidlig ferie då....)

Forresten om ein av mine "mange" lesarar høyrer om ein hybel/hybelleilighet sentralt i Bergen med eget kjøkken og bad (ikkje kollektiv) til ikkje altfor mange tusen i månaden so er det bere til å seie frå;)

4 kommentarer:

Anne Severine sa...

Hei hei igjen Liv Grete:)
Eg har kome opp i norsk muntleg tentamen! Blæhh!!!

Veit desverre ikkje om nokon hybel i Bergen. Men håper du finn deg ein, gledar meg til å vesøke deg da;)

Anonym sa...

Du får gjør så meg og leva på mottoe: " d ordne seg for snille jenter" :D

hlewagastiR sa...

Eg au hev alltid lurt på korfor folkehøgskulane sluttar so tidleg..

Roger sa...

Kva er poenget med at folkehøgskulane ikkje har avslutninga i Afrika? Det hadde vore noko! Luksusproblem:) Bra du kjem til Bergen, det er den nye Høgtunhovudstaden trur eg!