I går gjekk det opp for meg at ei epoke i livet mitt er i ferd med å ta slutt. Om mindre enn to veker er det avsluttningsfest og alle elevane reiser frå skulen. Om to veker på dagen i dag reiser også me stippane frå den vakre bygda Torvika. Det er med blanda kjensler eg går denne dagen i møte. På mange måtar kjenner eg meg ferdig med Høgtun. Hjernen min begynner å bli sugen på å fyllast med teoristoff att, psyken er klar for å gjere det slutt med internatlivet og eg ser fram mot å utforske korleis livet på ein hybel aleine er. Samstundes kjem eg til å sakne plassen, skulen, lærarane og alle dei brae folka! På ein internatskule er ein aldri aleine(kanskje litt for sjeldent i grunn), dersom ein treng nokon å prate med treng ein ikkje bevege seg mange metrane for å finne den riktige personen, anten det er ein å prate seriøst med, ein å le med, ein som har ein skulder ein kan gråte på eller ein å finne på noko sammen med. Slik er det ikkje når ein bur på hybel. So er spørsmålet, gjer eigentleg det noko? Somme gonger kjem eg nok til å savne det ja, men samstundes har eg fem år på internat bak meg no. Eg begynner å bli sliten av å leve so tett
innpå folk. Det skal bli godt å ha litt rom rundt seg att. Men som sagt, eg kjem til å sakne det, kleenexpakken må nok fram på avsluttningsfesten i år også...
1 kommentar:
Smerte me avslutningsfest.. Masse minner om grining fra i fjor, men samtidig va d ein utrolig bra dag, gjekk skikkelig opp kor bra året hadde vært:D
Legg inn en kommentar