10.11.08

Panikk!!!

om 43 min begynner alfa breddetesten min. Som den "flinke og pliktoppfyllande" studenten eg er begynte eg egentlig ikkje lesinga før på fredag. Med andre ord, eg har hatt ei intensiv helg med notatskriving, men kan fortsatt ikkje sei at eg har fått lest så veldig mykje. for å seie det sånn; Eg har ikkje kontroll i det heile. I hovudet mitt svirrar ord og begrep som utilitarisme, teleologiske og deontologiske normative etiske teorier, Humes gaffel, det kategoriske imperativ, critical leagal studies, metaetikk, naturrett, hermeneutikk og mykje meire, rundt og rundt utan å heilt vite kor dei skal gjere av seg. Eg manglar nemleg totalt overblikk og sammenheng. Kva teoriar og begrep som høyrer saman med hvilke filosofar og tidsepokar har eg ingen aning om, kva som er sentralt og kva som er uvesentlig klarer eg ikkje gjere greie for, for meg er alt berre ei einaste stor uforståeleg masse. No gjenstår det bare å sjå om eg greier finne fram i min eigen jungel av notater, gule merkelapper og uforståelig skrift(når ein skriv notater ei heil helg blir skrifta etterkvart ganske utydelig, som om mi ikkje er galen nok frå før av...). Eg veit at det meste står der, spørsmålet er berre om eg greier å finne det.

10 spørsmål med tre alternativer, svarer eg riktig på 7 av dei står eg, om ikkje må eg ta prøven om att på torsdag. Kva det blir til skal du få vite om ca 2,5 timer...


HJEEEEEEEEEELP!

3 kommentarer:

hlewagastiR sa...

Uff! Fæle omgrep frå exphiltidi. Du fær hava lukke til!

Karoline Sofie sa...

Eg skjønnne ka du meine Liv Grete! Da e heilt grusomt! Men du kjem til å klara deg kjempefint! Når til og med eg til slutt fann ut om utilitarisme, Hume og hermeneutikk, so e eg 100 prosent sikker på at du og kjem til å finna ut av da! ;)

Kråkebolla;) sa...

detta klarer du lille venn ;)