21.11.08

Vinterlykke

Sitte og lese framfor glaset, sjå snøfnugga dale stilt og roleg mot bakken. Sjå det kvite teppet over leikeplassen vokse seg tjukkare og tjukkare. Ta på seg ullkåpe, hue og vottar, gå ut for å ta ein velfortjent pause frå lesinga. Gå smilande til Godt Brød for å kjøpe ein varmande kopp kaffe mocca. Kjenne snøfnugga smelte mot ansiktet, føle kinna bli farga som raude roser av den kalde og friske lufta. Gå heim att med den varme koppen mellom hendene. Lage seg lunsj av heimebakte runstykke og rørte blåbær. Nyte maten inntulla i eit varmt teppe.

Sette seg framom glaset, sjå snøfnugga dale stille og roleg mot bakken, åpne forvaltningsrettboka og Norges Lover og ta til med lesinga med ny og forbetra konsentrasjon og motivasjon.

Vinterlykke

3 kommentarer:

Anonym sa...

Sittja med vondt i hovudet og manglande interesse bøygd over forbrukarkjøpslova. Pugga drittparagrafane. Lera seg forarbeida, rettspraksis og juridisk teori. Pugga kumulative vilkår.

Svolten. Går ned på butikken. Sørpe. Kliss våt. Skorne var ikkje vasstette. Ein tur med bussen. Forseinka. Snøstormen piskar meg i andletet. Eg frys. Eg er våt. Eg hutrar og frys.

Attende. Jaja.

livilaiv sa...

hehe... ja, sånn kan ein også sjå på saka! E vel ofte sånn det arter seg for meg og, men i går var eg i eit særleg positivt, lukkeleg og motivert humør. Hadde bere alle dagar vore slik...

Anonym sa...

Akk, ja!

Men som François de La Rochefoucauld sier det: "Det skal meir ryggrad til å bera gode dagar enn vonde."